Marco Elsafadi om vaksenrolla

Marco Elsafadi

Kolltveit skule og FAU har gleda av å invitere føresatte og tilsette til eit inspirerande foredrag med Marco Elsafadi. Han skal setje fokus på dei vaksne si rolle i samband med mobbing.

Set av måndag 22.februar, kl 18.00- 19.30. Velkomne i gymsalen på Kolltveit skule.

Her finn de heile invitasjonen som er send som ranselpost i dag.

Invitasjon til foredrag med Marco Elsafadi


19152kr til SOS Barnebyar

I dag har vi sendt totalt 19152kr til SOS- Barnebyar. Det er eit fantastisk resultat av adventsaksjonen vår. Summen inkluderer elevane sin innsats heime i adventstida og FAU sitt overskot frå julefestane. Tusen hjerteleg takk, vi er veldig glade for dette.