Tur til Vikane for 2.-4.klasse

Ved oppstartinga av nytt skuleår har Kolltveit skule hatt tradisjon for å ha ein felles skuletur for 2.-7.klasse til Vikane. I år har mellomtrinnet aktivitetsdagar i Øygarden klassevis, så årets tur vil vere ein fellestur kun for 2.-4.klasse. Turen er planlagt til torsdag 18.september.
Her kan de lese om opplegget og kva dei treng å ha med seg.
tur til Vikane september2014

Trivselsleiarane på veg til leikekurs

Vi har valt 19 trivselsleiarar.
I dag reiste dei til Sotra Arena på leikekurs. Vi startar opp trivselsprogrammet i storefri måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Fyrste dag er 22. september.
trivselsleiarar14
For meir info:
http://www.trivselsleder.no/no/OM-PROGRAMMET/

Vi startar opp med Trivselsprogrammet

Denne veka sender vi ut informasjon om Trivselsprogrammet til alle heimane.
Same informasjonen finn de her: Infotrivselsprogrammet0814 Vi gjennomfører informasjon til alle klassane innan måndag 1.september, og onsdag 3.september vert dei fyrste Trivselsleiarane ved Kolltveit skule publiserte. Fredag 5.februar skal alle trivselsleiarane på leikekurs i Sotra Arena. Trivselsprogrammet startar opp med leikeaktivitetar i storefriminutta, måndag-torsdag, 22.september.
Dette blir veldig bra.

5.-7.klasse til DaleOen senteret

I vår hadde vi eit opplegg med bli-kjend-aktivitetar for elevane på Kolltveit og Ekerhovd skular. Vi ser at dette var eit godt tiltak for å senke skuldrane, bli litt kjende med kvarandre og kanskje også glede oss litt til skulestart. Oppstarten har vore god for alle klassane, trass ein del overgongsutfordringar.
For at elevane på mellomtrinnet skal bli endå betre kjende med kvarandre, har vi inngått eit samarbeid med Dale Oen Experience (DOE). Alle elevane på mellomtrinnet vil få kvar sin dag saman med instruktørar hos Dale Oen på og rundt senteret til DOE i Øygarden. Vi håpar og trur dette skal vere med på å gje oss nye og gode opplevingar som vil prege elevfellesskapet på trinna og på skulen.
DOE0814

Vi er i gong

No er vi vi gong! Dette er ein stor dag.
Alle er på plass, og vi har nye vers i Kolltveitskulesongen.

Elevtalet har auka, og skulen er blitt stor,
med mange fleire klassar enn det vi var i fjor.
Det skal nok verta festleg og fint i store fri,
når Kolltveit møter Ekrhovda og Bildøy møter Lie.

(tekst: Olav Kobbeltveit)

Skulestart140814

Nytt brev frå Statens strålevern

Statens strålevern har sendt oss eit nytt brev om høgspentlinje ved Kolltveit skule. Her vert det presisert at oppgradering av ei 45 kilovolt kraftlinje ikkje fører til at magnetfeltet vert redusert til ein tredel slik det har stått i eit tidlegare skriv. Men Statens strålevern står fast på at verdiane uansett vert lågare enn det forsking har klart å påvisa av moglege helseskader eller plager. Difor har Strålevernet ikkje innvendingar mot plasseringa av paviljongen.
Her finn de brevet:
Frå Strålevernet 3.07.14

Ny plan for elevane sitt psykososiale skulemiljø

Kolltveit skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære.
Dette har vore eit mål for arbeidet på skulen i ei årrekkje.
Vi meiner at trivsel og tryggleik for elevane på skulen er det beste grunnlaget for læring. Dette ligg som basis for alt arbeidet vårt på skolen, og er eit grunnlag alle står saman om.
På Kolltveit skule har det vore jobba systematisk med at elevene skal oppleve et trygt og godt skulemiljø, der ingen opplever krenkjande åtferd eller mobbing. Allereie i 1999 vart fyrste utkastet til handlingsplan mot mobbing laga. I 2004 vart skulen sin handlingsplanen mot mobbing utvikla i samarbeid med Senter for Atferdsforskning i Stavanger. Handlingsplanen er seinare revidert og videreutvikla.
Skulen sin innsats for å førebyggje og redusere mobbing er et kontinuerleg og integrert arbeid som føregår dagleg. Vi er avhengige av det tette og gode samarbeidet vi har med foreldrene på alle nivå. Null-toleranse for krenkjande handlingar generelt, og mobbing spesielt, er eit hovudprinsipp. Forsking viser at langsiktig, målretta og systematisk arbeid har førebyggjande effekt på elevmiljøet, både på individ- og systemnivå.
Handlingsplanen skal være et forpliktande verktøy for alle tilsette på Kolltveit skule.
Planen finn du under fana «Planar».