Adventsgåva til Streetlight

Gåva vår til Streetlight vart på 15674kr.
Dette er verkeleg eit flott resultat.
Pengane vart overførte til organisasjonen ved juletider.
Denne helga var det ein nyhetsreportasje på TV frå Streetlight og Tacloban,
der såg vi kor stor trong det er for midlar til gjenoppbygging.
Stor takk til alle heimane for deltaking.
http://www.streetlight.org/

Kunstutstilling

Utstilling1red

 

Tysdag 3.desember hadde 3.klasse kunstutstilling.
Dei viste fram alle dei flotte, fargerike produkta dei har laga denne hausten.
Mange foreldre besøkte utstillinga i klasserommet.

Skulekonsert

Konsert

Tysdag var det skulekonsert i gymsalen for 1.-4.klasse frå Kolltveit og Ekerhovd skule.  Framsyninga er basert på Zinken Hopp si bok «Trollkrittet». Ein dag finn Jon eit trollekritt, og alt han teiknar blir levande. Skodespelarane Adele Lærum Duus og Gunvor Rasmussen las, teikna og leika saman med elevane.

Adventsamling

Advent2klMåndag hadde vi den første adventsamlinga i gymsalen. 2.klasse hadde programmet, og dei viste oss litt av det dei har øvd på i haust.  Alle song «Vi tenner våre lykter» før 2.klasse fortalde om jula gjennom song og opplesing. Samlinga blei avslutta ved at alle reiste seg og song «Deilig er jorden».
Det blir adventsamling kvar måndag i desember og siste skuledag før juleferien.

Aldersblanding 1.-4.klasse

MunchTo skuledagar har 1.-4.klasse hatt eit aldersblanda opplegg. Dei har vore delt i 4 grupper på tvers av klassestega.  Dei har hatt to tema desse dagane: «Edvard Munch» og «Land som er representerte på Kolltveit skule». Det er kjekt for både elevar og lærarar å vere saman med dei som går i andre klassar, og det var stor aktivitet desse dagane. På biletet ser vi den eine gruppa  med staffeli og målesaker etter å ha fått inspirasjon frå måleria til Edvard Munch.