Planleggingsdag for 1.-4.klasselærarar 22.april.

27.april er oppstart for 1.-4.klasse på skulen.
I samband med det vil alle lærarane på 1.-4.trinn ha planleggingsdag på skulen, onsdag 22.april. Det betyr at fjernundervisninga onsdag går ut på den måten de kjenner det frå dei siste vekene. Lærarane vil legge tilrette for enklare arbeidsoppgåver for elevane onsdag. Lærarane vil vere mindre tilgjengelege for spørsmål, men vi svare dykk på mail når høve byr seg.
Fjernundervisninga for 5.-7.klasse går som normalt både komande veke og vidare framover.

SFO i sommar

Kolltveit skule har ikkje open SFO i feriane.
Elevane våre kan velje mellom SFO på desse skulane: Rong, Ågotnes, Skogsvåg, Foldnes, Bjorøy og Hjelteryggen (avdeling for barn med spesielle behov).
Her finn de informasjon om ferie-SFO og søknadskjema for sommaren 2020.
Søknadsfrist er fredag 29.mai.
Ferie-SFO

Etter påske

God påske i alle heimane. Som sikkert alle har fått med seg, så vil skulane framleis vere stengde ei stund etter påske. Det betyr at fjernundervisninga vil halde fram for alle,- men for 5.-7.trinn vil det vere på ubestemt tid. Eg oppfordrar alle til å fylgje med på vekeplanar og dagsplanar, der får de mykje og god informasjon om klasseopplegget frå lærarane. Vi vil halde fram med SFO-ope for barn og foreldre som treng det, sjå tidlegare oppslag. Send mail til rektor for å melde behov karin.haugen@oygarden.kommune.no
Skulen vil opne for 1.-4.klasse og SFO 27.april. Det er avgjerande for Øygarden kommune at alle, både elevar, foreldre og tilsett skal kjenne seg trygge når skulane opnar igjen. Vi kjem til å jobbe hardt med å få gode smitteverntiltak på plass, dette vil vi gje informasjon om når det nærmar seg oppstart. De finn alltid oppdatert informasjon for kommunen vår på heimesidene til Øygarden kommune.

Om påska

Hei, alle foreldre
Påska står for døra, i år vert det ei annleis påske. Vi har vore gjennom fleire veker med fjernundervisning, der vi alle er blitt utfordra på nye ting, nye måtar å gjer ting på og og nye måtar å vere saman på.
Uvissa om kva som ventar oss når påska er over kan vere vanskeleg å forholde seg til. I løpet av 7. el 8.april vil vi få vite kva som skje med skulane etter påske. Her må vi fylgje med på nyheter både lokalt og nasjonalt.
I påska skal har vi ope for barn som treng tilsyn. Vi er klar med vaktlister og kjekke aktivitetar i kjende lokaler. I desse tider kan det kome nye behov for meir tilsyn, dersom nokon vert utkalla til ekstra innsats,- eller at barn treng ekstra omsorg. Då har vi tilsette som kan dekke dette, og.
Les her frå kommunalsjefen, på Øygarden kommune si heimeside.
Dukkar eit behov for meir tilsyn opp, ta kontakt med rektor på mail: karin.haugen@oygarden.kommune.no, eller på tlf nr 92453519.
Eg ynskjer dykk gode dagar. Bruk fantasien og finn på kjekke ting saman. Ta godt vare på kvarandre!

 

Treng du nokon andre å snakke med?

Her har vi samlet noen kvalitetssikrede, gode hjelpeinstanser som du kan ringe til eller chatte med.
Alarmtelefonen: 116 111
Telefonen er for barn som blir utsatt for omsorgssvikt, vold og overgrep. Å ringe dit er gratis. Les mer om Alarmsentralen for barn og unge her:
www.116111.no
Mental Helses hjelpetelefon: 116 123
Trenger du noen å snakke med? Noen som har tid til lytte, noen som kan gi deg råd og informasjon? Hjelpetelefonen er et døgnåpent tilbud. Foreldresupport: 116123 (tast 2)
www.hjelpetelefonen.no
Kirkens SOS: 22 40 00 40
En døgnåpen krisetjeneste også på helligdager. Kirkens SOS tilbyr en anonym og uforpliktende samtale på krisetelefonen
www.kirkens-sos.no
Tjenester for barn og unge
Barn og unge som trenger noen å snakke med kan ringe til Røde Kors-telefonen for barn og ungdom: 800 33 321.
Legevakten: 116 117
Barnevernet: 55 09 71 40 måndag-fredag kl 08.00-15.30 og 974 00 734 ettermiddag, kveld og helg

Det er også mulig å sende melding eller chatte via nettsidene:
www.korspahalsen.no ,
Mental Helses www.sidetmedord.no ,
Kirkens SOS www.kirkens-sos.no eller
Blå Kors sin tjeneste www.snakkompsyken.no

Helsing frå skulehelsetenesta

Hei!
Vi i skolehelsetjenesten ønsker å gi elevene som trenger det et tilbud selv om skolene er stengt nå. Er det noe du tenker på som du trenger å snakke med oss om? Er du engstelig, føler deg deprimert eller nedfor? Har du bekymringer omkring helsen din? Opplever du noe som føles vondt? Er du bekymret for barnet ditt?
Du kan fortsatt få kontakt med oss. Foreldre kan ta kontakt med helsestasjonen på tlf: 56 12 20 30. Ungdom kan sende sms til 905 81 273 med teksten «treng time», så ringer vi tilbake og lager en avtale.