Kjære alle foreldre og føresette

Eg skriv til dykk i tider som er uverkelege for oss alle. Skuleplassen og klasseromma er heilt tomme, undervisninga er flytta heim til dykk. Det er få tilsette på skulen,- lærarar og assistentar sit heime kvar for seg og jobbar med opplegg og elevane. Vi har små og store møte på Hangouts,- då får vi sjå kvarandre og vere litt saman. Det er godt å høyre at elevane saknar skulen, og eg kan seie at vi saknar elevane! Det er flott at opplegga som lærarane lagar til elevane, fungerer. Vi ser at de foreldre legg ned ein stor innsats for å gjere dagane gode der heime. Dersom de har spørsmål av ulik art, er det velkomne til å ta kontakt. Eg veit at lærarane er svært opptekne med undervisninga gjennom dagen,- men dei prøvar å svare dykk så godt dei kan i løpet av kjernetida, mellom kl 9 og 14.00.
Eg håpar at de har det godt der heime, og at de klarer å finne balansen mellom skule, heimekontor, tilsyn med eigne små barn og daglege aktivitetar. Det er lett å kjenne seg einsam i desse tider når skule og fellesskap med venner er så avgrensa. Vi kan ikkje seie det ofte nok, vi må ta ekstra vare på kvarandre,- gjere kjekke ting saman,- og vere våkne for om andre treng ei ekstra oppmuntring frå oss. Takk for innsatsen så langt, for velvilje, raushet og positivt pågangsmot til å gjere dagane så gode som mogeleg. Vi kjenner på at vi alle er med på same dugnad, å hindre spreiing av corona-viruset.
Med vennleg helsing frå rektor Karin

Fritak sfo-betaling

Leiinga i Øygarden kommune har avgjort at føresette ikkje skal betala for SFO og kommunal barnehageplass når desse tilboda er stengde. Det same gjeld andre kommunale tenester som ikkje er leverte i den situasjonen vi er i no.
Les oppdaterte nyhende i Øygarden kommune her.

Tilsyn i perioden med stenging

Eg ber om tilbakemelding om behov for tilsyn av born som har begge føresette i samfunnskritiske funksjonar.
Dette er definert som samfunnskritiske funksjonar:
Styring og kriseleiing
Forsvar
Lov og orden
Helse og omsorg
Redningsteneste
IKT-tryggleik i sivil sektor
Natur og miljø
Forsyningssikkerhet
Vatn og avløp
Finansielle tenester
Kraftforsyning
Elektroniske kommunikasjonstenester
Transport
Satelittbaserte tenester
Apotek

Eg ber om å få melding på e-post:
karin.haugen@oygarden.kommune.no
,
så snart som mogeleg, og innan fredag 13.03.kl 15.00.
Denne infoen treng eg:
Eleven/elevane sitt namn og klasse
Samfunnskritisk funksjon
Informasjon om behovet/ omfang for tilsyn
mvh rektor Karin

Skulen er stengd frå tosdag 12.03.20, kl 18.00

Alle skular stengjer i dag kl 18.00.
Vi vil organisere tilsyn for barn av foreldre i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innen andre kritiske samfunnsfunksjoner.
SFO-tilsette er klar for å ta i mot dei barna det gjeld.

Nytt i dag 12.03.20: Stengde skular

Ungdomskulane i Øygarden stengjer frå og med 13/3. Barneskulane blir stengte frå og med måndag 16.mars, barnehagane frå måndag 16.mars. Stenginga gjeld for 14 dagar – i første omgang.
Foreldre som kan halde borna heime også frå barneskulane og barnehagane alt på fredag, blir oppmoda til dette. Kommunen jobbar med ein tilsynsordning på barneskulane og i barnehagane som vere opne for barn av foreldre som har samfunnsviktige oppdrag (helse og anna). Kommunen vil stengje kommunale idrettsannlegg, gymnastikksalar og symjeanlegg.
Heimesida til Øygarden kommune vil vere oppdatert kontinuerleg.

På Kolltveit skule skjer dette:
Alle elevane har gått heim med bøker og cromebook i dag,-
1.-3.klasse har med bøker heim,- 4.-7.klasse har cromebook og nokre bøker.
Lærarane har starta planlegginga av heimeskuleperioden,-
dette arbeidet held fram i morgon og etter helga.
Hovudfokuset i denne perioden vil vere basisfaga norsk, engelsk og matematikk,-
og dei planlegg tilbakemelding og oppfylgjing av elevane.
Ny info vert kontinuerleg lagt ut på Kolltveit skule og Øygarden kommune si heimesida,-
Det er viktig at de fylgjer med på oppdateringar, inkl mail og sms.

Corona-nytt

Pr i dag 11.03.20 har Kolltveit skule ingen elevar eller tilsette som er smitta eller i karantene.
Vi vil varsle alle foreldre dersom elevar blir smitta,-
Vi førebur digital heimeundervisning dersom det vil bli aktuelt for ein periode.
Alle fellesarrangement blir avlyst,-
utviklingssamtalene går som planlagt inntil annan beskjed blir gitt.
Skulen skjerpar inn hygieneråda som er tilrådd frå FHI og Øygarden kommune.