Generelt om foreldrekontakter og FAU-representantar

GENERELT OM FORELDREKONTAKTAR OG FAU-REPRESENTANTAR VED KOLLTVEIT SKULE
Me tar høgde for endringar/justeringar gjennom året.

Det skal veljast klassekontaktar og representantar til FAU. Kvar av desse skal ha vararepresentantar. Desse blir valgt for to år.
Det kan være ulike løysingar for dei ulike trinna. Konferer då med lærar på trinnet.(for eksempel der det er to grupper men foreldremøtet er felles o.l.)

OVERSIKT OVER KORLEIS DEI ULIKE TRINN SKAL HA REPRESENTANTAR TIL DEI ULIKE VERVA 16/17
KLASSETRINN KLASSEKONTAKTER FAU-REPRESENTANT
1 2 + 2 vara 2 + 2 vara
2 2 +2 vara 2 + 2 vara
3 2+2 vara 2+2 vara
4 1 + 1 vara 1 +1 vara
5 1+1 vara 1+1 vara
6 2+2 vara 2+2 vara
7 1 + 1 vara 1+1 vara

FORELDREMEDVERKNAD
Dei ulike klassane/trinna planlegg kanskje sosiale aktivitetar dette året og foreldre blir då sett til å han ansvar for dette. I tillegg har skulen og/eller FAU aktivitet der ein treng foreldre. Vi tar utgangspunkt å kva me veit som kjem av arrangement, så kan det kome andre ting/endringar der ein treng hjelp av foreldre. Det kan være lurt å fordele oppgåvene på foreldremøtet på hausten for heile året (i alle fall fram til neste foreldremøte) Ha navneliste klar til foreldremøtet – Ta kontakt m.lærar.
Nokre av aktivitetane har FAU ansvar for og noko er klassevis. Det er derfor viktig med samarbeid med klassekontakt og FAU repr. i forkant av foreldremøte, sidan det er klassekontakt som har liste og set foreldre opp på ulike oppgåver.

DEI ULIKE VERVA
NB! Dette er berre litt info som eit utgangspunkt for informasjon til klassen og det er ikkje ei ferdig oppskrift for korleis det skal gjerast.

KLASSEKONTAKTAR: Det er kort fortalt ein representant for foreldra som er vald av
foreldre med barn i same gruppa/klassen eller på same trinnet. Foreldre-kontakten er bindeleddet mellom skulen/kontaktlærarane og foreldre.
Klassekontakt er med og forbereder foreldremøtet (her samarbeider og FAU-representant)Klassekontakten leier den delen av foreldremøtet som ikkje er fagrelatert.
Dei ulike trinna kan ha klassekasse der ein kan samle inn (frivilligt) pengar som kan gå til for eks.gåver, utstyr til klassen som kan væra kjekt å ha som fotball, håndball, tennisballar, hoppetau, kubbespel e.l Det kan og væra å administrera klasselister og fordele oppgåver blant foreldra, som for eksempel, kven som skal ha ansvar for «spelekvelden», sommaravslutninga,17.mai o.l . Mange klassar har no laga lister over alle foreldra og fordeler oppgåver på alle foreldra. Det kan være lurt å bestemme kven som har ansvar for å ta startinitiativet til å samle komite: strek under den foreldren som har hovedansvar. Foreldra må då sjølv bytte innbyrdes. Det er å anbefala at ein brukar foreldremøtet til å snakka om felles spelereglar for f.eks bursdagsfeiring: kor mykje, innvitasjonar o.l. Nokre klassar har som regel at enten alle gutar eller alle jenter eller heil klasse. Eller at etterkvart er det ok å innvitera nokon , men då skal det være under halvparten av aktuell gruppe. Verdt å tenke på er at ein då kan rekne med at nokon aldri får kome? Eit tips er og å ha ein sum (75-100??) for delt bursdag og 50??? På klassebursdag? Andre tema kan være mobil/nettbruk/spel/aldersgrenser. Det er bra å diskutere dette på dei lavare trinna for å kome i forkant. Klasselærar kan og ha gode innspel på erfaring i klassen. Ein foreldre skriv referat og skulen hjelper å kopiere og levere ut.
Eit godt tips er å lage klasseliste som klassekontaktane får samla inn med mob.nr og e-post adresser på foreldremøtet. Dette kan være kjekt å ha for alle foreldra. Skulen kan ikkje gje dette ut- derfor må det administrerast av klassekontakt.
Dei fleste lærarane har lang erfaring med samarbeid med klassekontaktane og kan sikkert og gje gode innspel.

FORELDREARBEIDSUTVALGET(FAU): Alle føresette som har barn ved skulen er medlem av foreldrerådet. FAU er valgt av foreldrerådet(på foreldremøte) og er det utøvande organet for foreldrerådet. FAU representerer føresette og elevar. Dei arbeider i (svært) korte trekk med å skape godt samarbeid mellom heim og skule, bidra til eit godt skulemiljø, uttale seg i ulike saker som vedkjem elevane m.m.
FAU har egne vedtekter og eige organisasjonsnr.

Det fungerer i dag to underkomitear for FAU.
1.Trafikksikringsgruppe . Denne bør ha representantar for Bildøy, Ekerhovd og Kolltveit. Det har og
vore vanleg at representantar frå grendalaga har representantar i denne gruppa om dei har born
på skulen. FAU melder saker som gruppa arbeider vidare med.
2.17.mai komite

FAU har utarbeidd eit årshjul med aktivitetar/ansvarsområde me har og korleis dette vert organisert. Den justerast ved behov/endringar. Årshjul blir lagt på heimesida. Klassekontaktar og FAU representantar har ansvar for å holde seg oppdatert sidan årshjulet inneheld info som vedkjem alle foreldre og kva oppgåver dei ulike trinna har.

NB! Det ligg noko info om Lykkehjul for 6 .kl. under 17.mai i årshjulet sjølv om dette ikkje er innunder FAU sitt ansvar.

FAU legg ut referat m.m på nettsidene til skulen.

Oversikt over arrangement frå FAU der det trengs foreldrehjelp (NB!sjå info.årshjul)

Arrangement Ansvarlig FAU- representanter Ansvarlige klasser/kontakt Antall pr. klasse Foreslått oppstart
Haustlunsj 1.og 4. kl. (2) Alle 2 September
Elevkveld haust/vår 5.-7. kl 6. og 7. kl. (2-3) 5., 6., 7. kl. 2 pr trinn Oktober
Julefestar 7. kl. repr. 1. ,4. og 7. kl. / Alle 2 pr trinn 1., 4., 7. i hovedkomite + 2-3 til klasserom Oktober
17.mai 5 kl.repr. 5. og 2. kl. 4 til 5 frå kvart trinn i hovedkomite+ alle foreldre 2.-5.kl. Januar
Lykkehjul
6.klasse sitt anvs. 6.kl 2-3 pr trinn januar
Sykkelopplæring/ prøve 4. kl. 4. kl. 5 pr trinn Mai