Reglar og rutinar ved utleige

Utleige

Reglar og rutinar ved utleige

TIL LEIGARAR

KOLLTVEIT SKULE

Sambruk, god utnytting, fellesskap, ansvar og respekt for verdiar er nøkkelord som alle brukarar må ta til seg.

Leigarar skal

  • Halde seg i og ha tilsyn med arealet dei har fått til disposisjon.
  • Berre nytte dagar og tider dei har fått tildelt.
  • Merke seg at utleiga følgjer skuleruta. På dagar elevane har fri og i alle helgar er skulen til vanleg stengd for utleige.

Leigarar skal

  • Setje seg inn i branninstruksen som gjeld for bygget.
  • Setje seg inn i instruksen som gjeld ved utløysing av innbrotsalarmen.
  • Nøkkelen er koda og vil berre passe for tildelte inngangsdører, brukstider og bruksdagar.

Leigarar skal

  • Syte for å få gjort reint alt areal dei har nytta, slik at det er bruksklart neste skuledag.
  • Alltid ha god orden i bruksareala, og sjå til at alt utstyr står på fast plass etter bruk.
  • Nytte eige utstyr dersom ikkje anna er særskilt førehandsavtala med rektor.
  • Slå av lys og låse dører etter bruk
  • Bruke utstyr som ikkje set merke etter seg.

 

 

Leigarar er fullt økonomisk ansvarlige

  • For skadeverk dei utøver på/i/ved Kolltveit skule. Skade skal meldast skulen straks.
  • Ved tap av nøkkel.

Fjell kommune har ikkje ansvar for skadar eller tap som måtte forkomme ved fritidsbruk av anlegget.

Fjell kommune, v/rektor har rett til å seie opp leigaren straks om bruken av skulen ikkje samsvarar med dei gjeldande reglane, eller om anna slett åtferd vert utvist på/i/ved Kolltveit skule.