Velkommen til Misje skule

Misje skule er ein fådelt skule som ligg på øya Misje, nord i Fjell kommune. Elevane ved skulen kjem frå øyane Turøy og Misje. Misje skule freistar å vere ein kreativ, spennande og litt annleis skule!


Påskelunsj for besteforeldre.

Onsdag 5.april vert det påskelunsj på Misje skule for besteforeldre. Lunsjen startar klokka 10.00, og varer om lag ein time. Det vert framført songar og dikt av elevane. Dersom det ikkje høver for besteforeldre å stille opp, går det fint om andre i familien deltek. Det vert ei enkel bevertning.

Hugs påmelding!!

Kartlegg helse- og levekår for barn og unge

Undersøking for barn og ungeI november/desember gjennomfører kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane.

Undersøkinga vert gjennomført for elevane i femte til 10. årstrinn på alle skulane i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også dei føresette til desse elevane er med på undersøkinga. I Askøy vert undersøkinga retta mot elevar frå femte til sjuande årstrinn og føresette.

Undersøkinga vert sendt elektronisk til foreldre og barn med e-post, It´s learning og SMS. Dei føresette må samtykkja til at barna deira kan delta.

Her finn du meir informasjon.

Innføringskurs i Olweusprogrammet for nytilsette

Innforingskursdeltakarar 2016Denne flotte gjengen var torsdag 15. september på innføringskurs i Olweusprogrammet for nytilsettte. Her var alle skulane i område nord (Knappskog, Landro, Ågotnes og Misje), som er sertifiserte Olweusskular, representerte.

Innhaldet i kurset er ein gjennomgang av bakgrunn, målsetting og hovudprinsippa i programmet, samt å gjere deltakarane i stand til å nytte seg av dei ulike verktøya programmet har.

Skulefrukt og skulemjølk.

Det er no opna for bestilling av skulefrukt og skulemjølk, for skuleåret 2016-2017.

Bestilling av skulefrukt kan gjerast på www.skolefrukt.no

Bestilling av skulemjølk kan gjerast på www.skolemelk.no

Prisregulering i SFO f.o.m 2017

Etter vedtak i kommunestyret  vert det prisregulering i SFO f.o.m august 2017.

Dei nye satsane i SFO vert som følgjer;
Heil plass; f.o.m 11 timar/veke; kr 2480.- pr.mnd.
Ettermiddagsplass; t.o.m 10 timar/veke; kr 1870.- pr.mnd.

Morgonplass (før skuletid); kr.920

Det er søskenmoderasjon på 25% for barn nr 2 og 50% for barn nr 3. Ordninga gjeld på tvers av barnehage og SFO