Stadnamn

Generelt om stadnamn
Innleiing om Solsvik
Hovuddel Solsvik
Solsvik – Tabell over stadnamna
Innleiing Landro
Hovuddel Landro
Landro – Tabell over stadnamna
Naturnamn og stadnamn som etternamn
Kva av stadnamna vert nytta i dag?
Litteraturliste
Munnlege kjelder
I
vår særoppgåve har vi vald å skiva om stadnamn på Solsvik og Landro, som er
to nabobygder nord på Sotra. Problemstillingen eg har vald er ”Kva for
stadnamn fins det på Solsvik og Landro, og korleis har dei vorte til?”.
Tidlegare har mange andre samla inn stadnamn her og det gjer det vanskeleg å
finna nye namn. Difor har vi vald å fokusera på den siste delen av
problemstillinga.
Grunnen
til at vi valde nettopp dette emnet er at det er noko som opptek oss i
kvardagen.
Det vil ikkje berre gje oss fagleg utbytte, men det vil òg vere med på å
vekkje vår interesse for nærmiljøet vårt og historia der.
Først skriv vi litt generelt om stadnamn. Deretter tek vi for oss ei mengd med namn på små stader på Solsvik og Landro og skriv kvifor dei har fått nett det namnet. Vi tykkjer og det kan vere interessant å finna ut kva for namn som vart nytta i tidlegare generasjonar og kva for namn som framleis sit att i språket . Dette har vi teke med på slutten av oppgåva.
Hovudsakleg har vi samla stoff ved å intervjua personar på Solsvik og
Landro, men vi har og nytta andre tilgjengelege kjelder som bøker, heimesider
og anna som kan vera av interesse (sjå litteraturliste).
Vi har teke med alle namna vi har funne både frå Solsvik og Landro, men vi har lagt særskild vekt på dei namna vi har funne ei forklaring på. På oversikten over alle stadnamna har vi tatt med uttalemåten til dei fleste namna, og vi har i tillegg fått ein lokal person til å lesa inn namna.
Stadnamna i Noreg vart til etterkvart som vi la landet under oss og vi fekk behov for å namngje dei ulike stadane vi oppheldt oss på. Namna fortel ikkje berre kva ein stad heiter, men dei kan fortelje ein heil del om terrenget, hendingar, og personar . Namna har ofte sitt opphav i eit særmerke ved staden, dei kan fortelje om tidligare generasjonar sitt tilhøve til naturen eller kva dei nytta han eller staden til. Stadnamn har vorte til ein viktig del av kulturskatten vår.
Nokre namn er forståelege for oss med ein gong eller etter litt tenking.
Tydinga av andre namn finn vi kanskje ikkje utan å analysera dei på grunnlag
av dei språkhistoriske reglane som fins. Andre skjøner vi om vi snakkar med
nokon som har tilknyting til staden eller om vi kjenner dialekten.
Vi kan og forstå kor lenge det har budd folk på ein plass ut frå
stadnamna. Namn frå bronsealderen er namn som Berg, Vik og Haug. Namn som
sluttar på -vin og -heim er truleg frå eldre jernalder, medan dei som sluttar
på -land, -set, -stad eller -tveit gjerne er frå yngre jernalder. Nokre
vanlege namn frå vikingtida er Torp, Seter, Fjell, Dal, Øy, Sund og fleire.
Først og fremst er stadnamn som adresser når vi skal fortelje
andre kvar vi bur, har vore eller skal. Uttalen av stadnamn er som regel i samsvar med dialekten på staden då
dei har følgt same lydutvikling som andre ord. Dei er ein stor del av
dialektane og ordforrådet i lokalmiljøet.
I lova § 1 står det at eit stadnamn er ”namn på geografiske punkt,
liner og område som kan kartfestast”. Lova gjeld berre namn som vert fastsett
av det offentlege og som skal nyttast av det offentlege.
Grunnlaget for systematisk og vitenskapeleg namneforsking blei lagt dei første
tiåra av 1900-talet. Dette blant anna ved utgjevinga av arkeologen og
historikaren Oluf Ryghs store
verk Norske Gaardnavne.
Øya Sotra som vi kjenner den som i dag, ligg utanfor
Bergen. Det fins fleire ulike tydingar av namnet, men ein veit visst at
”Sartor” har vorte nytta tidlegare. Ein er heller ikkje einige om kva for
eit av namna som er det opphavlege for øya. Mine munnlege kjelder kan fortelje
at namnet Sartor er det eldste namnet. ”Sartor” tyder svart skog, og namnet
kjem av at det var så mykje skog her. Skogen var ikkje svart, men den var så
tett at den kunne sjå svart ut. Det vert fortald at skip som var på veg inn
til Bergen frå England og andre stader og som drog forbi Sartor gjennom
Nonsundet nord for øya, vart robba av piratar. Piratane drog deretter i land på
Sartor og gøymte seg i skogen der. Dette vart eit stort problem, og det vart
bestemt at skogen skulle brennast ned. Øya fekk då namnet Sotra pga all soten
som låg på øya etter brannen.

Vi har òg vorte fortald at skogen vart hogd ned for å laga ein engelsk flåte, men grunnen til at øya skifte namn til Sotra kjem ikkje fram her.
I bøker har vi lest heilt andre forklaringar. I dansketida samla til dømes danske embedsmenn inn norske stadnamn for å skrive dei inn i offentlege dokument. Namna vart då skrivne ned i ei forvanska dansk form. Sotra, som var det gamle namnet, vart då til Sartor.
Her får vi òg to ulike tolkingar av Sotra. Den første går ut på at namnet kjem i frå verbet sjoda som tyder syda eller koka. Forklaringa viser til stader der sjøen er i sterk rørsle; der det bokstaveleg talt kokar. Den andre tolkinga viser til verbet suga. Det kjem av soget i sjøen rundt øya og dei karakteristiske straumtilhøva i sjøen. Vi har funne mange interessante tolkingar, men dei er alle i det heile nokså usikre.
Av ulike grunnar trur ein at namnet Sotra er svært gammalt. Dette kan ein seie då namnet er heimla i skrifter frå mellomalderen. Det er eit usamansett namn i ubunden form, og slike namn er ofte svært gamle. Det er òg ein opphavleg og ugjennomskodeleg namn. Slike namn er ofte svært mykje eldre enn frå mellomalderen.Ut i frå dette kan vi tru at dei to siste forklaringane på namnet Sotra er dei mest trulege då desse går ut i frå at Sotra er det eldste namnet og ikkje Sartor.
Solsvik
Gardsnummer
25
Solsvik er den nordligaste garden i Fjell på Sotra utanfor Bergen i Hordaland
og har vore ein av dei mest sentrale stadane på Hordalandskysten gjennom fleire
hundre år. Før Solsviksundet bru vart bygd i 1982, måtte folk frå Misje, Turøy
og lengre nord først til Solsvik før dei kom seg vidare til Bergen.
Funn på Solsvik tyder på at
det har budd folk her i yngre steinalder, men på grunn av svartedauden, vart
Solsvik fråflytta. Sidan 1603, etter svartedauden, har det vore fast busetjing
der.
I
1726 opna Sr. Mathias Rasmussen, som var borgar av Bergen, ein ”Kræmmer
Handel” på brygga på Solsvik. Sidan 1828 har Langelandslekta sete med
handelsstaden og tilhøyrande eigendomar. Handelsstaden Solsvik var eit sentrum i området. Folk kom dit med sjøvegen
frå lengst nord i Øygarden og frå ytre Sund. Solsvik var og hamna for
engelske seglskuter som leverte varer i Bergen. På veg ut att låg dei i
Solsvik på gjestgjevarstaden der og venta på vind. Folk gjekk då opp til ”Signalen”,
eit utkikkspunkt rett ovanfor kaien, for å sjå om det var nok vind.
I 1913 kravde seks Solsvik- menn at det skulle vere utskifting, og i 1917
blei utskiftingsretten sett på Solsvik. Den var ferdig i 1918 og då hadde 18
av 20 gardsbruk fått forandra sine grenser. Folk kom til semje om kven som
skulle flytta kvar og fire gardsbruk vart flytta. Før utskiftinga budde folk
der som vert kalla ”Vikja” og ”Myra” og ikkje lenger oppe på Solsvik.
Naturen på Solsvik, som elles på Sotra, ber sterk preg av istid.
Fjellformasjonen er tydeleg stigande mot vest, før den blir bratt avriven.
Dette gjeld for heile Sotra, men òg dei små øyene og holmane utanfor Sotra er
forma slik; ein bratt vegg på vestsida, men mykje slakkare mot sjøen på
austsida.
Dialekten på Solsvik har tradisjon, på same måten som på store delar av Vestlandet, å uttala –ll som –dl. Vokalen o vert og ofte til ø. Døme på dette er troll som vert til ”trødl”. For å setje seg inn i dialekten på Solsvik er det òg viktig å få med at frå gammalt av har dei brukt rulle-r. Arild Solvik (født 1956) fortel at då han var ung var det lett å høyre forskjell på dialekten på Solsvik og Misje og til og med forskjellen på Solsvik- og Landro- dialekt. På Misje sa dei t.d. brævet og hæve i motsetning til på Solsvik der dei sa brevet og høvet.
Vi har samla inn ei rekkje stadnamn frå Solsvik både frå Internet, Rådhuset sitt arkiv og personar eg har intervjua. Vi har fått kjennskap til mange interessante namn, men ikkje alle let seg forklara. Her er dei namna vi har fått ei forklaring på, men informantane tek atterhald om feile eller antatte opplysningar. Dette gjeld både namnetydinga på Solsvik og Landro.
Bakkavegen er den vegen som gjekk frå der ”Tøftahuset” var og opp til ”Dei i Bakkjen”. Dette namnet vert ikkje nytta lenger då det har komen ein ny veg.

Bakken er
eit av gardsbruka og ligg på ein bakke. Når folk snakka saman om dei som budde
der, sa dei berre ”dei på bakken”. Bakken ligg på toppen av
Bakkavegen.
Bruravatnet ligg ved den nye hovudvegen og er eit lite vatn. Vatnet er fult av ”brurer” eller ”brura-lilje”, ei slags kvit og gul nække-rose. Gerda Angeltveit fortel at då ho var ung, måtte dei gå forbi vatnet på veg til ”Stølen” i utmarka, og dei måtte passa seg for å ikkje falle uti.
Bryggo er gardsbruket som låg på bryggja. Hovudhuset ligg der framleis og er eit av dei eldste husa på Solsvik.
Båtanaustet. Det var i dette naustet båtane vart dradd i land på Solsvik, før vinteren og ved andre høve. Dei som budde på ”Bryggo” hadde alltid hatt båtane i dette naustet. Sjå bilete under nr. 31.
Firkanten
er eit firkanta område eller stykke av ei mark som ligg nedanfor
”Trekanten”.
Gangstallen
er eit platå midt i ”Trappena”. Det er ein utstikkar der dei kunne sjå
utover havet.
Grisaskøra er
opp på ”Gangstallen” og vidare gjennom eit smalt smau. Her hadde dei
grisar. Grisane kunne vera lenge ute i løpet av eit år, og det var difor
hensiktsmessig å ha dei her; dei kom ingen veg og kunne difor gå laust.
Haugadalen er ein dal
ved kaien. Truleg kjem namnet av at det var så mange jordhaugar i denne
dalen. Dette namnet vert nytta i dag.
Hestemannsvikja
høyrer til bruksnummer 5. Gerda Angeltveit seier at det gjekk hestar og
beita her. Hengjo
er ei not-henge som ble fjerna på 1950-talet.
Hølet
er ein naturformasjon på innmarka til bruksnummer 5. Det er ikkje ei hole i
fjellet, men ein slags rund dal. Inni dalen er det svært høgt ekko då
lyden reflekterar frå alle kantar.
Jonsokhaugen
er haugen der dei hadde jonsokbålet før i tida. Arild Solvik fortel at her
tok folk med seg det av møblar og diverse som dei ikkje skulle ha for å
brenne det på bålet. Borna på Solsvik gjekk gjerne rundt på garden for
å samla inn gjenstandar til bålet for å få det størst mogeleg. Kalvagjerdet
er i utemarka på Solvik i nærleiken av ”Uglepølen”. Her hadde folk
kalvar. Kembarsbakkjen
er ein grasbakke der butikken på Solsvik tidligare stod. Denne skifta eigar
som fjølge av eit veddemål ein fuktig Kuna
er ein stor stein som ligg heilt nede ved sjøen med spissen ned. Den
”heng” utfor kanten. Når det vert flo ser steinen ut som ei ku som
drikk av sjøen. Då sa dei ”kuna drikk”.
Kaien
har no vorte det naturlege møtepunktet for dei eldre karane. Den vart bygd
til dampskipskai rundt 1900. Den vert omtalt som ”ner på kaien”.
Knutsmøget.
Namnet kjem frå 1700-talet då Knut Nilsen var gardbrukar på Solsvik.
”Smauet til Knut”. Andre forklaringar er at det ikkje har noko med Knut
å gjere og at det riktige namnet er ”Knussesmauet” som har vorte til
”Knussmauet”. Dette namnet har eg ikkje funnet tydinga av.
Landrogarden/Landrogrinda er
ein steingard som går mellom Solsvik og Landro. Landrogrinda var ei grind i
garden som skilte Solsvik og Landro. Denne grinda er no vekke pga vegen som
er komen. Store delar av garden står der framleis. Lonane:
ein lon er eit anna namn for ei myr. På lonane var det mange små myrer. Lyktavatnet
ligg på veg til den gamle skulen på Landro. Jørgen Solsvik fortel at
namnet truleg kjem av at om natta lyser vatnet pga refleksjon frå månen,
og det lyser for dei som er på veg til skulen. Mattisbekken
var ein bekk der dei som budde på Bryggo henta vatn før. Mattis var ein
mann som budde rett ved bekken. Mjølnaustet.
Då det var bakeri på Solvik kom det båtar med mjøl til kaien frå byen.
Desse sekkane vart lagra i ”mjølnøstet”. Arild Solsvik fortel at små-
gutane stod i kø for å hjelpa til med å bera mjølsekkar frå båtane og
inn i mjølnaustet. Som takk for hjelpa fekk dei kvar sin bolle frå
bakeriet. Mikkabrekko
er ein lang bakke der det i dag går veg. På toppen av ”brekko” står
det ei løa som vert kalla ”Mikkaløo”. Mikkaløo
er løo til Mikal ”Mikken” Ørjansen som eigde den. Myljo
var ein molo som vart bygd for å halde uværet vekke. Myraskaret
er eit skar på veg ned til Myra. Skar = trongt parti. Dette er ikkje lett
å sjå i dag. Møttingen.
Her budde Anton på møttingen. Anton hadde ei løa med sauar og etterkvart
skufla han møka frå sauane ut framfor løa. Tilslutt samla det seg ein
stor haug med møk der. Derav ”Anton på møttingen”, seier Arild
Solsvik.
Her ser
vi låven til Anton på Møttinjen og Båtanaustet.
Nonsondet
er eit av dei sunda der store båtar som var på veg til Bergen køyrte inn
frå det opne havet. Desse kom ofte frå England. Elias Solsvik fortel at
her konkurrerte unggutane om å få losoppdrag. Skinneflorsbrekkjo er
ei brekke i Ådnevardsmyra. Her stod det ein skinneflor. Flor kjem frå engelske
”floor” som tyder golv. Skinnefloren var eit slags sommarfjøs der bonden
kunne ta inn kyrne om sommaren, fortel Arild Solsvik. Skjervikja
er eit namn som alltid har vore i bruk. Namnet kjem nok av at det ligg eit
skjer rett ved opninga til vikja. Stimyra
er rett over ”trappene” ved ”Bryggjo”. Stien til Misje gjekk denne
vegen og forbi ei stor myr. Storskøra
ligg rett oppanfor ”trappene” ved ”Bryggjo”. Folk gjekk opp her for
å sjå på vêr og vind. Stølasmøget. Gjennom
dette smøget måtte folk frå ”Vikja” gå når dei skulle til ”Stølen”. Smalatjødna
er ei mark ved nokre tjern. Her gjekk sauane og beita i utemarka. Smale er
eit anna ord for sau.
Tøftahuset
er eit hus som tidlegare stod på kaien på Solsvik. Det var frå dette
huset og opp til ”Dei på Bakkjen”, ”Bakkavegen” gjekk. Det vart
kalla ”Tøftahuset” fordi ein frå Toft bygde det. På Solsvik seier dei
ikkje Toft, men Tøft. Sjå bilete under nr. 2. Uglepollen
høyrer til bruksnummer 5 og ligg rett øst for Ådnevardsmyra. Det har i
seinare tid vorte oppdaga ugler her. Det er mange gøymestadar for uglene
her, og det er truleg dette namnet kjem frå. I Uglepollen er det mykje
ekko. Det kjem av at det er heile seks bratte fjell frå Uglepollen og
austover. Utfallhaugen
er eit markert høgdepart ned til sjøen. I følgje
Gerda Angeltveit datt ein gammal mann utfor ”Utfallhaugen” og namnet
kjem kan hende av dette.
Her
ser vi blant andre Nils E. Solsvik og Margrethe Solsvik på
Tjødnhaugen. Landro Gardsnummer
24 Innleiing:
Garden
Landro ligg rett sør for Solsvik. Landro var ingen handelsstad slik som Solsvik,
men Landro hadde noko som likevel gjorde staden sentral, nemleg kyrkjegarden.
Her kom folk frå fjern og nær for å gravleggja sine kjære.
Landro Blokkerbærhaugen
har fått namnet sitt på grunn av alle blokkebærbuskane der. Dette er eit
typisk naturnamn.
Her ser
vi låven til Anton på Møttinjen og Båtanaustet.
Her ser
vi låven til Anton på Møttinjen og Båtanaustet.
Her ser
vi låven til Anton på Møttinjen og Båtanaustet.
Bombholmen
er rund med lite vegetasjon. Den kan minne om ei mine eller ei bombe frå
gamledagar.
Bossmannen
ligg vest i Landroøyane. Det er ein liten kvit, marmoraktig stein som står
i fjellet. Den liknar ein bossmann, fortel Nils Haugen.
Dungen.
Her heiv dei mykje skit og lort. Det samla seg ”alt slags” her.
Fuglavatnet kjem
av at her er det mykje variert fugleliv. Særskild er her mykje måsar som
legg frå seg egg.
Geitarøya:
her hadde dei geiter som beita om sommaren. Dei sumde ikkje og kunne difor gå
fritt.
Goflåkeren
kjem av ordet Goffen som tyder Gudfar. Nils som eigde åkeren vart kalla
Goffen.
Gudlo
eller Gulløya. Den frodige vegetasjonen til beiteland her er gull verdt for
sauar og bonde, seier Lindis Haugen.
Haugen
har fått sitt naturlege namn fordi det er ein haug. Det var her
klyngjetunet låg.
Hattholmen ser
ut som ein gammaldags hatt frå Amerika.
Hola er
ei lang hole inn i fjellet.
Ingelsåkeren
er oppkalla av mannen Engel som eigde åkeren.
Kallneset
vart eigentleg kalla Kvalneset. Kvalneset ligg rett utafor Kvalbuvikja. Der
bruka dei å fanga kval frå gammalt av. For ikkje lenge sida vart det
funnet skjelettet av ein stor kval. Denne har no blitt frakta til
naturhistorisk museum.
Klubben:
Gjertrud fortel at denne liknar ein raspeball eller ei klubbe.
Landroboen er
ein kjend fiskeplass vest for Landro. Her er det ei grunne der det samlar
seg mykje sei.
Her ser vi følget står på Solsvik kaien før kista skal sendast til Landro.
Her lastar dei kista om bord i båten som skal frakta den til Landro.
Kista
vert boren opp frå Landrovågen og opp til bedehuset.
Gravlegginga
Myranaustet
var eit naust som høyrte til ”dei i myra”. Omnen
kan ha fått namnet sitt av at her vart det brend bål. Det vart på ein måte
som ein omn då. Ormen Lange
var ein lang og smal åker. Denne kunne minna om ein orm i forma. Ovikja
er ei O-forma vik. Pederbrekko
høyrte til huset til Peder på Haugen. Rakabugen
kjem av verbet å reka. I denne bugen kom det inn mykje rekved. Vi får høyra
at her hadde det kom rekande inn ein daud tysk soldat under krigen. Revhusdalen. Her
var det mykje rev tidlegare. Sturanaustet er
naustet til Sturefamilien. Straumen er
ein straum som går frå Landrovågen og rundt til Ovikja. Stølen
er eit hus dei gjekk forbi på veg til stølen. Svartskjera er
to skjer i eit svart fjell. Todalsklaven er
ei kløyve i berget. Ein mann som vart kalla Todal budde ikkje langt her i
frå, og etter at han døydde vart det påstått at nokon hadde sett han gå
oppi denne kløyva. Trollkyrkja ligg
vest om Gudlo. I gamledagar trudde folk at trolla hadde ei kyrkje der. Villavikane er
ein stad i Landroøyane der folk vadla netene sine. Årabrotet
er eit smalt sund mellom Gudlo og øya rett vestom denne. Her var det så
smalt at det vart vanleg at folk braut årene sine på veg gjennom. Nils kan
fortelja at han har sjølv brote årer her, men at dette var noko folk
syntes var flaut. Ingen ville seie at dei hadde brote årene sine. Stadnamn har fått akkurat det namnet
dei har, av ulike grunnar. Nokre har fått namnet på grunn av personar som har
budd der, andre på grunn av eit hus eller liknande i området. Dei fleste og
mest vanlege namna, er dei som har vorte til på grunn av natururen på plassen.
Vi har mange slike like namn rundt om på ulike gardar. Særleg på gardane her
nord på Sotra kjem dette klårt fram. Dei mest vanlege namna her er: Stadnamn
som etternamn Det var veldig vanleg å ta tunsnamnet
eller stadnamnet til etternamn før i tida. Det var òg vanleg å nytte
gardsnamnet til etternamn, men dette kunne skape problem då fleire heitte det
same til fornamn. Det som då vart gjort var at folk byrja å ta tunsnamnet
eller det namnet som plassen dei budde på heitte, til etternamn. Slik kunne dei
skilje dei ulike personane på garden. Nils Haugen fortel at då han var ung,
var han ein av 17 menn som heitte Nils Landro på Landro. Han seier at han var
den som enda opp med å få tilsendt alle kravbreva til Nils Landro. Dette vart
irriterande i lengda og han valde å byta etternamnet sitt til Haugen då det
var staden han budde. Vi har snakka
med ei rekkje personar under 20 år for å høyre kva for stadnamn dei nyttar. ·
Mikkaløo ·
Mikkabrekko ·
Vikja ·
Myra ·
Bryggo ·
Ådnevardsmyra ·
Tjødnhaugen ·
Utsikten (nytt) ·
Polly ·
Bruravatnet ·
Tyto ·
Sandvatnet ·
Uglepollen Landro: Både samtaler
med den eldre garde og dei yngre viser at dei stadnamna vi kan/nyttar er dei vi
har bruk for. Gjertrud fortel oss at i gamledagar måtte dei kunne så mange
stadnamn til og med frå utemarka for å kunne fortelje kvar dei hadde funne
kyrne når dei kom heim. På Solsvik er
stadnamn som Tjødnhaugen, Vikja og Myra nemnt av fleire og det er nok fordi
dette er namn som dekkjer store områder. I tillegg kan dei unge namnet på
drikkevatnet og dei vatna dei er vande med å stå på skøyter på.
Dette gjeld òg på Landro. Landrodalen, Landrovågen og Haugen er namn
som dekkjer store geografiske område. Elles kan dei unge namnet på den lokale
badepassen, Fuglavatnet, og akebakken og Pederbrekko. Pederbrekko vert nytta
dagleg når det er snø som skibakke. http://www.sprakrad.no/templates/Page.aspx?id=7660: http://www.statkart.no/IPS/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=429 http://www.stedsnavn.org/?id=omlova http://www2.hivolda.no/jpv/stadnamn.htm http://www.hivolda.no/index.php?ID=12830&lang=nyn: Bøker: ·
Fjell bygdebok Band 1
og band 2. ·
Solsvik, av Marianne
Solsvik, Inger Marie Haakonsen og Lillian Langeland. ·
Landro Kulturminne i
Fjell av Ågot Gammersvik. Solsvik: Landro:
Hestasmøget er
eit smug der det er så smalt at viss ein hest var på veg inn der kom den
seg ikkje ut att. Den kunne ikkje snu seg og heller ikkje rygga. 
Nygjerdet er det første stykket som vart nytta som eigedom i den gamle
utmarka til Solsvik. Dette skjedde som følgje av utskiftinga.
Polly
er drikkevatnet på Solsvik. Det er namnet Polly som vert mest nytta i dag,
men og ”Pollsvatnet” er det nokre som seier. Det rette namnet, fann eg
ut, må vere ”Pålsvatnet” fordi namnet kjem av at ein gut som heite
Pål frå Vindenes gjekk over isen på ”Polly” ein vintersdag. Han falt
gjennom isen og drukna.
Signalen
er ein utkikksplass ved ”Bryggjo”. Båtane låg på ”Hytto”, på
enden av Misje og venta på signal frå ”små-” eller ”Store-signalen”
om at det no var nok vind for dei til å dra ut med båtane.
Smio
ligg rett bak ”Båtnaustet”. Det stod lenge ei smia der som brann ned,
men plassen kallast framleis ”Smio”.

Toskaberget er
eit berg der folk tørka torsk. Berget ligg på ”Oksen”, ei øy utafor
Solsvik. Øya Oksen høyrer til Turøy, men Solsvikfiskarane brukte
likevel Torskaberget.
Tyto er eit
timeglasforma vatn i Solsvik si utmark. Dei to store delane av Tyto vert kalla ”Nore” og
”Søre Tyto”. Namnet kjem av at det både var og er mykje tyttebær i området
rundt vatnet.
Ådnevardsmyra
ligg oppe i den delen av Solvik som vart bebudd først etter utskiftinga.
Namnet kjem frå mannsnamnet Ådne, som no har vorte til Arne. Ådne laga
ein varde på berget ovanfor myra og myra fekk då namnet Ådnevardsmyra.
Bruksnummer 5 ligg her.

Likneset
er eit lite nes i Landrovågen der båtane kom med likkistene før dei
skulle bærast opp til kyrkjegarden. Kyrkja på landro kom ikkje før i
1977, så gudstenesta og seremonien forgjekk i bedehuset Betania på Landro.

Etter seremonien i bedehuset bar dei kista vidare til kyrkjegarden.
Her er svara vi fekk:
Nettsider: