|
|
VELKOMMEN TIL ÅGOTNES
SKULE!
For
informasjon om 17. mai – sjå http://www.fjell.no/skule/agotnes/foreldrerad.html Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Fjell kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. På Ågotnes ligg oljeforsyningsbasen CCB med kring 1.000 arbeidsplassar. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande. Skuleåret 2011 – 2012 har vi 259 elevar og 47 tilsette - 26 lærarar, 1 sekretær, 1 vaktmeister, 6 reinhaldarar, 1 leiar SFO, 2 barne- og ungdomsarbeidarar, 9 assistentar og 1 lærling. Elevane kjem frå gardane Eide, Kårtveit og Ågotnes. Vi ønskjer å vere ein ”HEFRES-skule”. Dette tyder at vi prioriterer arbeidet med helsefremjande tiltak for både barn og vaksne ved skulen. Det kom mellom anna fram i skulen sin gamle visjon: ”Ågotnes skule skal vera ein helsefremjande
skule der det vert lagt vekt på helse og trivsel for store og små. Vi ynskjer
eit trygt læringsmiljø der opplæringa er tilpassa den einskilde elev. Solide
basiskunnskapar skal gje grunnlag for vidare kunnskapstileigning.” Etter at skulen vart rein barneskule hausten 2010, endra vi visjonen til: ”Ågotnes skule – ein god stad å vera, ein
god stad å læra.” No vektlegg vi læringa fremst, men skulen skal framleis
vere ein stad med trivsel og tryggleik for alle. Vi har eigen elevkantine, I arbeidet mot mobbing deltek vi i Olweus-programmet – sjå ”PLANAR” i margen til venstre.
Vi nyttar den digitale læringsplattforma ’It’s Learning’ i undervisninga. For pålogging til ’It’s Learning’ – klikk her: Her er nokre
bilete av skulen (fleire bilete under SKULENYTT):
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||