* ÅGOTNES SKULE

HEFRES


Ågotnes skule søkte i 1994 om å få verte ein HEFRES-skule. Orsaka var at vi ved skulen ynskte å setje fokus på å skape eit HELSE-fremjande miljø.

Svaret vart JA.

I heile Noreg er kun 10 skular med i nettverket for helsefremjande skular, medan det i heile Europa er med om lag 500 skular med 500 000 elevar - frå barnehage til vidaregåande - fordelt på rundt 40 land.

Det internasjonale nettverket for 'European Network of Health Promotion Schools' vart etablert i 1991 som eit samarbeid mellom EU, Europarådet og WHO.

Det overordna målet er formulert såleis:

Den helsefremjande skulen har som mål å oppnå god helse og sunn livsstil for alle på skulen ved å utvikle støttande miljø som legg vekt på helse.

Her finn du meir stoff om HEFRES:

http://www.uib.no/psyfa/hemil/hefres/index.html