* ÅGOTNES SKULE
 

   
    

VELKOMMEN TIL ÅGOTNES SKULE!

                                                     For nytt om skulen – klikk på lenkja ”SKULENYTT.

Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Fjell kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. På Ågotnes ligg oljeforsyningsbasen CCB med kring 1.000 arbeidsplassar. Ågotnes-området har stor tilflytting av folk, og elevtalet på skulen er aukande.

Skuleåret 2011 – 2012 har vi 259 elevar og 47 tilsette - 26 lærarar, 1 sekretær, 1 vaktmeister, 6 reinhaldarar, 1 leiar SFO, 2 barne- og ungdomsarbeidarar, 9 assistentar og 1 lærling.

Elevane kjem frå gardane Eide, Kårtveit og Ågotnes.

Skulen sto ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006.

Vi ønskjer å vere ein ”HEFRES-skule”.  Dette tyder at vi prioriterer arbeidet med helsefremjande tiltak for både barn og vaksne ved skulen. Det kom mellom anna fram i skulen sin gamle visjon:

 

”Ågotnes skule skal vera ein helsefremjande skule der det vert lagt vekt på helse og trivsel for store og små. Vi ynskjer eit trygt læringsmiljø der opplæringa er tilpassa den einskilde elev. Solide basiskunnskapar skal gje grunnlag for vidare kunnskapstileigning.”

 

Etter at skulen vart rein barneskule hausten 2010, endra vi visjonen til:

 

”Ågotnes skule – ein god stad å vera, ein god stad å læra.”

No vektlegg vi læringa fremst, men skulen skal framleis vere ein stad med trivsel og tryggleik for alle.  Vi har eigen elevkantine, 25-meters symjebasseng, tilgang til idrettsanlegg og idrettshall med klatrevegg samt eit variert uteområde med skog, sjø og vatn i gangavstand frå skulen.  Ågotnes er dessutan øvingsskule for Høgskulen i Bergen og tek imot grupper av lærarstudentar i periodar av skuleåret.

I arbeidet mot mobbing deltek vi i Olweus-programmet – sjå ”PLANAR” i margen til venstre.

Vi nyttar den digitale læringsplattforma ’It’s Learning’ i undervisninga. 

For pålogging til ’It’s Learning’ – klikk her:

Her er nokre bilete av skulen (fleire bilete under SKULENYTT):

Symjehallen

Biblioteket

Ågotneshallen

Elevkantina

Handballbana

SKULEN SETT FRÅ VEST