|
|
PLANAR ORDENSREGLAR FOR ÅGOTNES
SKULE Revidert 23.11.11 Ågotnes skule er arbeidsplass for elevar og
tilsette. Det bør vera i alle si interesse å gjera arbeidsmiljøet så trygt og
triveleg som mogleg. Ordensreglane må
sjåast som ei rettleiing i dette arbeidet. 1. Alle
skal visa høvisk framferd overfor kvarandre. 2.
Elevane skal gjera dei arbeidsoppgåver dei vert
pålagde. Dersom nokon får arbeids- oppgåver dei meiner
dei ikkje er i stand til å utføra, eller på anna vis kjenner seg urett- ferdig behandla,
kan og bør dette takast opp med kontaktlærar eller rektor. 3.
Berre sjukdom eller annan tvingande grunn gjev høve
til å vera borte frå undervisninga. Skulen må få
melding om fråvere, helst på førehand, dersom det er mogeleg. Dersom frå- været varer i tre
dagar eller meir, må skulen straks få melding. 4.
Elevane skal vera på skuleområdet i friminutta. Opphald i korridorar og klasserom i friminutta er til
vanleg ikkje tillate. 5.
Følgjande må vi
forby i skuletida: a)
Snøballkasting (snøballkasting
er berre tillate mot oppsett blink). b) Sykling, sparkehjul, rullebrett, rullesko,
rulleskeiser. c)
Røyking og bruk av snus og rusmidlar. Dette
gjeld også ved andre tilstellingar ved skulen. d)
Snop. e)
Bruk av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk
utstyr er ikkje tillate i skuletida eller på skulen sitt område. Dersom elevane tek med seg slikt utstyr på
skulen, vert det på eige ansvar, og utstyret skal liggja avslått i
sekken. Med anna privat elektronisk
utstyr meinar ein til dømes elektroniske musikkspelarar og spel. f)
Private leikar, til dømes spel, dokker, bilar. 6.
Det må gjerast
merksam på følgjande: a)
Sykling til og frå skulen er foreldra sitt
ansvar. Trygg Trafikk gjev råd om
sykling frå hausten i 5. klasse.
Elevane får eiga sykkelopplæring om våren i 4. klasse. Viss elevane syklar til skulen, bør dei
nytte hjelm. b)
Ein lærar har høve til å visa ein elev ut frå timen
dersom eleven uroar undervisninga. Administrasjonen må få melding om
dette. c)
Ein lærar har høve til å halda ein elev att etter
skuletid dersom eleven ikkje rettar seg etter ordensreglane. Heimen skal ha
skriftleg melding om dette på førehand. Ein lærar har også høve til å halda ein elev inne i
friminutta. d)
Rektor har høve til å visa ein elev bort frå skulen
resten av skuledagen. Elles kan ein elev i
skuleåret verta flytta til ein annan klasse dersom dette er naudsynt. e)
Elevane er ansvarlege for skulemateriellet dei får
utlevert. Ingen må gjera skade på bøker, skulesaker, inventar,
bygningar eller leikeapparat. Med
heimel i lov av 13. juni 1969 om skadeserstatning, kan ein påleggje skadeutøvaren å betala inntil kr
5.000,- for kvar einskild skade. 7. Dersom elevane vil halda tilstellingar, møte o.l. på skulen, må dei be rektor om løyve til dette. Ordensreglane gjeld på alle slike arrangement, også på skuleturar o.l. ORDENSREGLAR FOR SKULANE I FJELL KOMMUNE Revidert
11.05.2010 Alle skular skal ha eit ordensreglement - Opplæringslova §2.9 - http://www.lovdata.no/all/tl-19980717-061-002.html#2-9 -
Forskrift til Opplæringslova § 3-5 - http://www.lovdata.no/for/sf/kd/td-20060623-0724-005.html#3-5 Ordensreglementet er ei forskrift - Forvaltningslova §2, §37, §38. Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet er lagt til grunn. Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette, lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.
SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:
PRESISERINGAR: Krenkande og
ulovleg åtferd er til dømes: - fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside - negative sms , mms, chat, epost, ryktespreiing - rasistiske utsegn og handlingar - seksuell trakassering - sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn - hærverk - valdsbruk - mobbing - trugsmål Farleg reiskap er
til dømes: - Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag Rusmiddel: nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel Datert 07.03.2007 -
Revidert 11.05.10 2010, KDD FORSKRIFT TIL
OPPLÆRINGSLOVA, KAPITTEL 3 § 3-5. Grunnlaget for vurdering i
orden og i åtferd Grunnlaget for vurdering i orden og i
åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet
til skolen. Grunnlaget for vurdering i orden er
knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og
arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er
punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig
læremiddel og utstyr. Grunnlaget for vurdering i åtferd er
knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette
i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og
respekt for andre. Vurderinga av orden og åtferd skal haldast
åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag. I vurderinga i orden og i åtferd skal det
takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast
avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er
særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten
orden eller i åtferd. ÅGOTNES SKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING2011 - 2012 DEFINISJON: Det
er mobbing/plaging når
eitt eller fleire individ, gjentekne
gonger og over tid, vert
utsett for negative handlingar frå
eitt eller fleire andre individ (KUD 1983) I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. FØREBYGGJANDE TILTAK I SKULETIDA 1.
Elevsamtalar. 2.
Klassemøte. 3.
Fadderordningar. 4.
Hemmeleg
ven. 5.
Gjere
ulike oppgåver frå perm om mobbing. 6.
Sjå ulike
videoar om mobbing. Døme: "Den
røde ballongen" (PRT NO62). "MOBBING. Scener fra barns hverdag" (KUD /
a/s Vida). "Dem
sparker deg i sjela også" (Norsk Filminst./Svarstad Prod.). 7.
Lese bøker
om emnet. Døme: "Mobberen,
musen og meg" (PRT). "Kråka
Knas" (Magnhild Mogstad, Høgskuleforlaget). "Du og jeg og vi to". 8.
"Ut på tur" med ei lita gruppe og
to lærarar. 9.
Turar med
ei eller fleire klasser. 10. Aldersblanda aktivitetar. Døme: Musikk og rørsle. Grautfest. 11. Trening i å stå fram med eige arbeid (alle
sitt arbeid er like verdifullt). 12. Trening i å akseptere andre sitt arbeid når
dei står fram. 13. Skape vi-kjensle. Snakke saman og seie vi og oss, ikkje eg og mitt. 14. Dramatisering, rollespel, dokketeater,
prosjekter. 15. Nytte 10. klassingar som
ressursar i friminutta. 16. Gje tilbod om at 10. klassingar kan få velje
SEV yrkespraksis på SFO. B. FØREBYGGJANDE TILTAK PÅ KVELDSTID 1.
Elevkveld. 2.
Elev-/foreldrekveld. 3.
Foreldremøte: Prøve å opne for å ta opp vanskelege saker
på eit foreldremøte. 4.
Spel- og
aktivitetskveld for klassen i foreldreregi. 5.
Klasseklubb
med foreldre og grupper på 5 elevar av gongen. 6.
Kontaktmøte. II. PLAN FOR AVDEKKING AV
MOBBING 1. OBSERVASJONAR I friminutta. På skulevegen. 2. ELEVSAMTALAR Klassestyrar har samtale
med den einskilde elev kvar haust og vår. 3. TRIVSELSUNDERSØKINGAR På småskulesteget. På mellomsteget. På ungdomssteget. 4. SPØRJEUNDERSØKING Spørjeundersøking blant
elevane kvart år (midten av mai). Skuleforeldremøte med presentasjon av arbeidet mot
mobbing kvart år (slutten av august). Klasseforeldremøte
med utarbeiding av klassen sin handlingsplan for trivsel og tryggleik og arbeid mot mobbing kvart år
(midten av september). 5. FORELDREUNDERSØKING Spørjeundersøking blant
foreldra kvart andre/tredje år. III. TILTAKSPLAN NÅR MOBBING
VERT OPPDAGA 1.
a) Mobbar og mobbeoffer har samtalar kvar
for seg med klassestyrar. På ungdomssteget er det
naturleg at klassestyrar samarbeidar
med rådgjevar. Skriftleg notat skal
leverast til rektor. b) Møte
mellom mobbar og mobbeoffer. Klassestyrarane til begge
partane er med på møtet, eventuelt to vaksne dersom mobbinga skjer innafor
same klassen. c)
Informasjon til foreldra pr. telefon eller brev. 2. Periode med observasjon i
friminutta ved klassestyrar/rådgjevar.
Info til lærarane som har inspeksjon.
Eventuelt ekstra person inn for å observere i timane. Tilbakemelding frå mobbar og mobbeoffer. Informasjon til foreldra. 3. Dersom
mobbinga held fram, kallar klassestyrar(ane) inn begge partar - føresette og barn - til eit avklaringsmøte. Ein oppfølgingsplan skal utarbeidast. Han inneheld individuelle avtalar for
mobbar og mobbeoffer om ønska åtferd.
Tilbakemelding til føresette kvar veke. Skulen og føresette lagar
i samarbeid framlegg til konsekvensar for mobbaren. Døme på tiltak overfor mobbaren: Mobbing på skulevegen: * Mobbaren må bli att etter
skuletid. * Dei føresette hentar mobbaren på skulen.
Mobbing i
friminutta: *
Mobbaren sine føresette kjem til skulen og deltek i inspeksjonane. Mobbing i timane: * Mobbaren sine føresette er til stades i
nokre timar. 4. Klassestyrar og administrasjon avgjer
i samarbeid med dei føresette om andre partar som PPT, skulehelseteneste,
barnevern, politi eller konfliktråd skal inn i saka. RUTINAR FOR KLASSEROMMET Revidert 23.11.11 1) Jakkene skal hengje på gangen – dei skal
takast av før elevane kjem inn i
klasserommet. Hugs å ta med alle verdisaker inn i klasserommet (t.d. lommebok, busskort
osv.). 2) Elevane skal helse ordentleg på læraren både om morgonen og
før dei går heim om ettermiddagen og når dei får ny lærar i klasserommet. 3) Avslutning for dagen: Elevane pakkar sakene saman når læraren gjev
klarsignal. Elevane får ikkje lov til å gå før det ringjer ut.
4) Fråvere og forseintkoming til timar: Dette skal førast i dagboka som ligg i skuffa. 5) Åtferd: Elevane skal syne allmenn folkeskikk. Rettesnor er ordensreglementet,
klasseleiingsprogrammet TSK og antimobbe-programmet frå Olweus. HEFRES-PLAN 2011-2012
Ågotnes skule er ein
HEFRES-skule. Dette tyder at vi ønskjer
å skape eit HELSE-FREMJANDE miljø for både barn og vaksne. I Europa er det over 400 skular i 40 land
med rundt 300 000 elevar som deltek i nettverket av helsefremjande skular
HEFRES-ARBEIDET
OMFATTAR: a) SKULEKANTINA
Skulekantina er eit direkte produkt av HEFRES-satsinga. Ho er open kvar dag, og elevane jobbar sjølve i kantina saman med ein barne- og ungdomsarbeidar. Kantinelokala vert også nytta av organisasjonar og privatpersonar i nærmiljøet til arrangement av ymse slag. (Diverre er kantina midlertidig stengt dette skuleåret).
b) TRIM
EIN KOLLEGA ·
Trening
i arbeidstida ·
1 time i
veka på ”grøn tid” ·
Idrettsbane,
symjehall, gymsal, badeområde, klatrevegg og turterreng til disposisjon ·
Mykje
sosialt! c) SKULEHELSEGRUPPA OG TVERRFAGLEG TEAM · Månadlege møte · Skulelege, helsesyster, spespedkoordinator, rektor, inspektør, eventuelt anna personell · Direkte oppfølging av einskildelevar og deira problem · Open og god dialog om fysiske og psykiske sider ved verksemda d) AKTIVITETSDAGAR ·
Turmarsj
om hausten
·
Vinteraktivitetsdag
med ski og skeiser
·
Friidrettsdag
om våren
·
TineStafetten
for 6.-7. klasse om våren
·
Balldag/fotballcup
om våren
e) TRIVSELSPLANAR 1.-4. klasse har faste utedagar og ulike aldersblanda aktivitetar,
til dømes - ·
fellesmåltid ·
juleverkstad ·
grautfest 5.-7. klasse har til dømes (litt varierande frå steg til steg) - ·
fellesfrukost ·
kvelds
med foreldra og arrangert hyggjekveldar ·
teatertur,
fisketur, bibliotektur, bytur · grautfest · juleverkstad f) KLASSEREGLAR OG RUTINAR Kontaktlærarane har sett saman ein perm
med oversikt over reglar, rutinar, haldningar, folkeskikk, aktivitetsdagar,
prosjekt osv.. Meininga er
bevisstgjering på kva reglar og haldningar vi styrer etter slik at vi kan
verte tryggare vaksne for unge i ei
usikker tid. Samstundes er ein slik
perm til stor hjelp for nye lærarar og vikarar
g) OLWEUS-PROGRAMMET MOT MOBBING Sidan hausten 2001 har skulen vore
med på opplæringa i Olweus sitt kjerneprogram mot mobbing. I mai 2011 skal elevane for ellevte gongen
delta i ei stor spørjeundersøking om mobbing.
Klassane jobbar etter programmet gjennom heile skuleåret. h) SKULEVURDERING Kvar
haust deltek alle lærarane i ei arbeidsmiljøundersøking – ”Medarbeidarundersøkinga”. Dessutan deltek alle tilsette i evaluering
av skulen sitt arbeid mot mobbing kvar vår. For elevane er det obligatorisk å delta i
både Elevundersøkinga og dei Nasjonale prøvene. i) VELFERDA Innan
kollegiet er det ein eigen velferdskomité som steller i stand markeringar,
festar og turar. j) PRAKSISSKULE Ågotnes er
øvingsskule for Høgskulen i Bergen, avdeling for lærarutdanning, og har jamt
tilsig av studentar heile året.
|
|||||||||||||
|
|
|