*                        ÅGOTNES SKULE      

SFO

Kontakt:  5509 7817 eller mobil 954 45 566

S F O - N Y T T

 

PRIS FERIE-SFO

Fjell kommune melder at det vert ei prisjustering for ferieope SFO frå kr 700,- til kr 800,- pr. veke

frå og med veke 26 2012 (sommar-SFO).

 

 

HYGGJELEG MELDING:
På foreldrekaféen tysdag 27. mars vart det samla inn kr 2.761,- til kreftsjuke barn på Haukeland sjukehus.

TUSEN TAKK FOR DEN FLOTTE GÅVA!

 

 

 

SFO INFORMERER:                                                                                           Ågotnes 06.02.12

 

Betaling:

Fjell kommune har oppjustert prisane i SFO. Heil plass kostar no kr 2.000,-  i månaden, medan halv plass kostar kr 1.500,-  i månaden.  Gjeld frå 01.01.2012.

 

Mat:

SFO vil den 10. februar byrja med smørelunsj.  Dette vert annakvar fredag frå og med 10. februar.

 

Gryn:

Vi ser at ordninga med å ha gryn med om fredagen, ikkje er tilfredsstillande.  Ungane griser med gryn, utan mjølk, heile dagen før SFO- lunsj. Difor vel vi å kutte denne ordninga og heller satse på smørelunsj annakvar fredag.

 

Raud Base er lagt ned:

Grunna stor pågang på ”leksehjelpen” er no Raud Base lagt ned. Ungane er flytta til Lilla og Grøn.  Den vaksne er flytta til ”leksehjelpa”.

 

Henting:

Føresette må komma opp på SFO å henta borna sine.  Av tryggleiksgrunner er det ikkje lenger mogleg å ringa opp for å få borna sende ned på parkeringsplassen eller til porten. 

 

Parkering:

Det er ikkje lov å parkera/sleppe av borna framfor porten eller i/langs vegen opp mot legesenteret/barnehagen.

 

Kulturskuletilbodet i SFO:

Dei som nyttar seg av kulturskuletilbodet i SFO og har halv plass, må hente ungane sine rett etter tilbodet (drama om måndagen kl. 15.15-16.00, dans om onsdagen kl. 14.15-15.00 og 15.00-15.45).  De kan ikkje la ungane vere i SFO etter at dei er ferdig på dans eller drama.

 

SFO i vinterferien:

Det er mogleg å søkja elektronisk om plass i SFO vinterferien 2012.  Søknadsskjema på nettet til kvar skule eller på www.fjell.kommune.no.  Om de vil ha søknadsskjemaet i papirgåva, får de det hjå leiaren i SFO, Mette Bongom.  Søknaden skal sendast til skulen der de søkjer - Foldnes, Brattholmen eller Knappskog.

Søknadsfristen er 10. februar 2012.

 

Torsdagsgrupper:

Det kjem heim ny oversikt over bading om torsdagane ganske snart.

 

Klede:

Hugs bytteklede, tørre og varme, no i desse våte og kalde tider.

 

Venleg helsing

for Ågotnes SFO

 

Mette Bongom                                                                   

Leiar

 

Tlf. 5509 7807

 

HALVÅRSPLAN VÅREN 2012

 

Januar:             Frileik inne og ute.

                        Torsdagsaktivitetar: Aktivitetar basevis mellom kl. 13.35-15.00 (14.00-15.00).

 

Februar:           Planleggingsdag fredag 3. februar, SFO STENGT.

                        Frileik  inne og ute.

                        Bingo Lilla base.

                        Aktivitetar basevis mellom 13.35-15.00 (14.00-15.00).

                        Vinterferie måndag 27. februar-fredag 2. mars, veke 9, SFO STENGT.

                       

Om De skal ha SFO i vinterferien, må De søkja om plass direkte til den SFO de vil nytta: Knappskog, Brattholmen eller Foldnes. De søkjer anten direkte på nettet til skulen eller via www.fjell.kommune.no.  Dersom De ynskjer det, kan de få søknadsskjema hjå SFO-leiar Mette.                

                                                                             

Mars:               Frileik inne og ute.

                       Torsdagsaktivitetar: Aktivitetar basevis mellom kl. 13.35-15.00 (14.00-15.00).

                        Påskeaktivitetar.

                        Foreldrekafé - nærare dato og tidspunkt vil koma.

                        Bingo Blå base.

 

April:                Påskeferie måndag 2.-måndag 9. april, veke 14, SFO STENGT.

                        Planleggingsdag måndag 30. april, SFO STENGT.

                        Frileik inne og ute.

                        Torsdagsaktivitetar: Aktivitetar basevis mellom kl. 13.35-15.00 (14.00-15.00).

                        Bingo Grøn base.

                        Bingo Oransje base.

 

Mai:                 Tysdag 1. mai er SFO STENGT.

            Frileik inne og ute.

                        Torsdagsaktivitetar: Aktivitetar basevis mellom kl. 13.35-15.00 (14.00-15.00)

                        Planleggingsdag fredag 18. mai, SFO STENGT.

                        Måndag 28. mai, 2. pinsedag, SFO STENGT.

 

Juni:                 Frileik inne og ute

                        Torsdagsaktivitetar: Aktivitetar basevis mellom kl. 13.35-15.00 (14.00-15.00).

                        Rydding og ordning til ferien.

                        Fredag 22. juni er siste skuledag før ferien. SFO open kl. 11.00-16.30.

                       

Om De skal ha SFO i sommarferien, må De søkja om plass direkte til den SFO de vil nytta: Knappskog, Brattholmen eller Foldnes. De søkjer anten direkte på nettet til skulen eller via www.fjell.kommune.no.  Dersom De ynskjer det, kan de få søknadsskjema hjå SFO-leiar Mette.

 

GOD SOMMARFERIE!! :0))

 

SFO-SØKNAD SKULEÅRET 2012-2013

 

Vedtekter for skulefritidsordninga i Fjell seier i §6 :

”Alle barn i 1.-4.  klasse er sikra plass etter søknad. Barnet har plassen til plassen vert sagt opp eller ut 4. klasse.  Søknadsfristen for inntak er 1. april. Søknad om plass skal sendast til den lokale skulefritidsordninga. Søknaden er bindande.”

 

Dette vil seie at de som har born i Ågotnes SFO og ikkje skal ha plass frå hausten av, senda oppseiing innan 1. april 2012.  De som har born i 4.  klasse, treng ikkje seie opp plassen, det går automatisk.

 

Om de ynskjer søknadsskjema 2012-2013, kan de be om dette på SFO eller hjå Mette Bongom, SFO-leiar.

 

No ligg det dessutan elektronisk skjema for søknad til SFO på heimesidene til Fjell kommune.  Søknadene vil gå via Fjell kommune sitt postmottak, som vidaresendar til administrasjonen på den einskilde skule.  Her er lenkja:

 

https://eportal.fjell.kommune.no/edocumentdispatcher.aspx?eDocumentTemplateID=3aa4b05b-941e-4eea-b0f4-2363b9db375c&SubscriberConsumerID=cad3331e-5fbe-4772-9fa7-9c612dd24931

 

Venleg helsing

for Ågotnes SFO

 

Mette Bongom                                                                   

Leiar

 

Tlf. 5509 7807 

 

GENERELL INFORMASJON

                                                           

Skulefritidsordninga er eit fritidstilbod før og etter skuletid for born frå 1.-4. klasse og born med spesielle behov i 5.-7. klasse.

Skulefritidsordninga er frå 01.01.99 heimla i grunnskulelova § 42 d.  Frå same dato gjeld også dei kommunale vedtektene for ordninga som var nye frå 1. april 2010.

Opningstid:

Skulefritidsordninga på Ågotnes gjev eit tilbod på 25 timar og 30 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO er open kl. 07.00 – 08.30 og etter skuletid kl.12.10 – 16.30 (evt. frå kl. 14.00 nokre dagar).

SFO har ope 190 skuledagar.  Det blir óg gjeve tilbod om SFO i haust- og vinterferien samt ei veke i juni og to veker i august.  Dette tilbodet vert gjeve ved Knappskog, Foldnes eller Brattholmen SFO.  Dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet, må søkje særskilt om dette.

Det vil bli sendt ut søknadsskjema når det nærmar seg feriar eller ein kan søkje på kommunen sitt nett.

Pris pr. barn pr. ferieveke er kr 700,- .

 

 NB!:  SFO HAR STENGT NÅR SKULEN HAR FRI!

 

Plassalternativ

Vi har ulike plassalternativ:

Full plass - pris frå 1.8.2011: Kr 2.000,- pr. mnd. 07.00-08.30 og 12.10 (eller 14.00) – 16.30 kvar dag) – til saman 25,5 t.

Halv plass – pris frå 1.8.2011: Kr 1.500,- pr. mnd.

Alternativ 1:  Kl. 12.10-15.00 3 dagar + 14.00-15.15 2 dagar – til saman 11 t.

Alternativ 2:  Kl. 12.10-15.50 3 dagar – til saman 11 t.

NB!  Viss elevar på halv plass deltek på Leksehjelpa, vert tida på SFO forlenga med den tida som leksehjelpa varer.

Rammeressursar:

Elevgruppa er sett saman av 105 barn frå 1.-4. klasse som er delt inn i fire basar.   Her er vi samla etter skuletid når vi har opprop, når vi ét og ved nokre aktivitetar.

 

      Personalet:

Dagleg leiar:  Mette Bongom.

Barne- og ungdomsarbeidar: Aina Larsen, Torunn M. Olsson.                                                  

Assistentar:  Arazoo Abdulla, Sigrun Bjorøy, Trine Engesæth, Tove Forland, Lisbeth Fjærestad, Marianne Fjærestad, Laila Foldnes, Connie Haugro, Line Ormevik.

Lærling:  Kristian Ulveseth.

Alle som arbeider i SFO, er også skuleassistentar i skuletida, og difor vil bemanninga i SFO variere frå time til time, dag for dag.

Rektor har det pedagogiske og økonomiske ansvaret for skulefritidsordninga.

 

Målsetjing:

Målsetjinga vår er å skape eit trygt og godt miljø som verkar fremmande på borna si utvikling gjennom leik og aktivitetar på borna sine eigne premissar.

For å nå dette målet, brukar vi leik som metode.  Leik utviklar alle sider ved barnet.  Barnet brukar leiken til å utvikla seg fysisk/motorisk.  Barna får trena dei sosiale og språklege/intellektuelle evnene sine.  Gjennom leik arbeider med barnet gode og vonde kjensler, lærer og forstår omgivnadene sine og tileigner seg omgrep som er vanskelege å skjøna.

 

Pedagogiske retningslinjer / sosial trening:

Skulefritidsordninga skal dekka fleire funksjoner i borna si kvardag, og vi prøver i det pedagogiske arbeidet og ta omsyn til alle dei behov vi meinar skulefritidsordninga skal dekka.

Ei sentral oppgåve for SFO er å ha tilsyn med og vise omsorg for borna i den tida dei er her. Vi legg vekt på at kvart enkelt born skal kjenne tryggleik og varme, forståing og trøyst.

Dersom det oppstår konfliktar mellom borna eller nokon blir plaga eller terga, må dei veta at dei kan komme til ein vaksen og få hjelp. Bemanninga i forhold til talet på born gjer det mange gonger vanskeleg å kunne ta seg tilstrekkeleg tid til denne personlege omsorga. Difor ser vi det som ei viktig oppgåve og trene borna til sjølvstende og til å kunne løyse sine eigne konfliktar. Dei vert i det daglege oppmuntra til å sjølv organisere sine eigne leikar og blir vist tillitt og ansvar når det gjeld og utføra ulike arbeidsoppgåver på eigen hand.

Fritidsordninga driv ikkje med undervisning. Det er borna si fritid vi er med på å fylle ut. SFO skal mest mogeleg legge ting til rette slik at borna kan gjera ulike ting som dei vanlegvis gjer heime i fritida si.

 

Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i barna sin alder, funksjonsnivå og interesser.  Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn.  Funksjonshemma barn skal ha gode vilkår for utvikling.

 

Dagsrytmen:

Morgonopninga er frå 07.00-08.30.  Barn som skal ha tilbod i denne tida, kjem i dette tidsrommet.  Dei som ikkje har ete frukost heime, kan ete maten sin på SFO.  Om morgonen driv vi med rolege aktivitetar som spel, teikning og roleg leik.  Vi ryddar saman kl. 08.10 slik at vi er klare til å gå ut kl. 08.20.

 

Etter skuletid har fritidsordninga ope frå kl. 12.10 til 16.30. Vi  startar med opprop og evt. beskjedar før vi går ut.

 

Mellom kl.13.15 og 13.45 er det måltid. Barna ét matpakke som dei har med seg.

 

Etter mat er det frileik ute eller inne.  Dersom det er spesielle aktivitetar, vert dei gjennomført mellom kl.13.00 -15.00. Vi vil prøve og nytta oss av gymsalen og bassenget dersom det passar.  Foreldra vil då få melding på førehand.

 

Kl.16.00 er det ryddetid ute og inne.  Alle borna må rydde etter seg.  Skulefritidsordninga stenger kl.16.30.

 

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR:

BADING:  Vi er i bassenget kvar torsdag. Då er barna delt i 4 grupper som rullerer frå veke til veke.

KLEDE:  Alle borna har kvar sin kurv til bytteklede Det er viktig ar foreldra sjekkar denne med jamne mellomrom og at borna alltid har to sett med byteklede.  Desse klede  må merkast med namn.  Hugs innesko.

MELDINGAR:  Det er viktig at vi får beskjed dersom borna kjem til å vere borte frå SFO i ein eller fleire dagar, om dei ein dag skal gå heim etter skuletid, eller om dei vert henta av nokon andre.

Om borna skal gå heim med vener, må dette avtalast på førehand og vi må ha melding frå føresette.  Meldingar kan skrivast i SFO-meldeboka eller gjevast pr. telefon eller munnleg til personalet.

Er det andre vaksne enn foreldra som hentar jamleg, må de skrive det på skjemaet bakarst i hefte.

Då veit vi at når f. eks : bestemor kjem så kan vi la borna gå heim utan at de treng å skrive melding om dette frå gang til gang.

HENTING VED DAGSSLUTT:  Det er særs viktig at føresette som hentar borna sine, melder frå til personalet når dei går.  Skal borna gå heim sjølv, vil vi ha skriftleg avtale om tidspunkt, og dei må hugse å melde frå når dei går.

 

Føresette må komma heilt opp på SFO for å henta borna.  Av tryggleiksgrunner er det ikkje lenger mogleg å ringa opp for å få borna sende ned på parkeringsplassen eller til porten.

 

HUGS:  Skulefritidsordninga stengjer kl. 16.30.

 

I dei kommunale vedtektene § 8 står det at ”Dersom eit born vert henta etter opningstida, skal foreldra betale kr 250,- pr. påbegynt halvtime.”

 

SJÅ:  http://www.fjell.kommune.no/Documents/OmFjell/Administrasjonen/Skulesjefen/SFOvedtekt.pdf

 

 

Dette gjeld også dei som har redusert plass viss barna vert henta etter at hentetidspunktet for redusert plass er ute.

 

Viss de blir forsinka og ikkje rekk å hente til kl. 16.30, er det fint om de ringer og gir beskjed om dette.

Det har hendt tidlegare at foreldre som er forsinka, har ringt og sagt at borna kan vente aleine på parkeringsplassen til foreldra kjem.  Dette har vi ikkje lov til.  Er dei ikkje henta til kl. 16.30, vil den vaksne vente i lag med barnet til det vert henta.