|
|
S K U L E N Y T T ”BARNEVAKTEN” - HELDT TRE FOREDRAG
PÅ ÅGOTNES SKULE 21. MARS Tema:
Nettvit og digital mobbing. Korleis kan barn bruke nettet på ein trygg
og positiv måte? Stig Ryland i
gymsalen med 4. og 5. klasse som ivrige tilhøyrarar:
Og på
kveldsmøte med foreldra:
LEKSEHJELPORDNINGA 2011-2012 I 2010 vedtok
Stortinget å innføre ei frivillig og gratis ordning med organisert leksetid
for elevar på småskuletrinnet.
Meininga er at elevar i 1.-4. klasse som ønskjer det, skal få høve til
å gjere lekser på skulen før dei går heim.
Ordninga med leksehjelp vart vedteke i Stortinget 4. juni 2010: § 13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om
leksehjelp ”Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp
for elevar på 1.–4. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane
skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig
om dei ønskjer å delta.(–) Departementet gir nærmare forskrifter om
leksehjelptilbodet.” (Sjå http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Vedtak/Beslutninger/Lovvedtak/2009-2010/vedtak-200910-053/). Det skal ikkje
vere pedagogar, men assistentar/barne- og ungdomsarbeidarar som har ansvaret
for leksehjelpa. Deltaking på leksehjelpa er frivillig og gratis og skal
knytast opp mot skulearbeidet, men ikkje vere ein del av
grunnskuleopplæringa. I tilfelle med stort fråvær i personalet og
problem med å få vikarar, kan det unnataksvis hende at leksehjelpa går ut. Dei som deltek
i ordninga, får tilsyn og hjelp så langt tida strekk til, men De som foreldre
kan ikkje forvente at alle leksene skal vere ferdige når eleven kjem
heim. Det er alltid De som
foreldre som har hovudansvaret for eleven Dykkar sitt heimearbeid og som
difor må kontrollere dette dagleg.
Leselekser passar ikkje inn når ei gruppe elevar skal gjere lekser
samstundes, så desse må ein gjere heime. Tidsplan våren 2012: 1. klasse:
Måndag 30 min etter skuletid 2,0 t pr. veke Tysdag 30 min etter skuletid Onsdag 30 min etter skuletid Torsdag 30 min etter skuletid 2. klasse:
Måndag 30 min etter skuletid 2,0 t pr. veke Tysdag 30 min etter skuletid Onsdag 30 min etter skuletid Torsdag 30 min etter skuletid 3. klasse:
Måndag 30 min etter skuletid 2,0 t pr. veke Tysdag 30 min etter skuletid Onsdag 30 min etter skuletid Torsdag 30 min etter skuletid 4. klasse:
Måndag 30 min etter skuletid 2,0 t pr. veke Tysdag 30 min etter skuletid Onsdag 30 min etter skuletid Torsdag 30 min etter skuletid Tilbodet gjeld
alle barn i 1.-4. klasse og er ikkje ein del av SFO. Elevar som har SFO-plass, må difor melde
seg på leksehjelpa separat.
Avtalen er bindande til han vert sagt opp skriftleg. Fråvær vert registrert. Viss De ønskjer å ta barnet Dykkar ut av
leksehjelpa ein dag, må dette meldast skriftleg til skulen/SFO i
meldeboka. Skulen
bed foreldra i 1. klasse vurdere å gjere leksene saman med elevane
HEIME den fyrste hausten. Ågotnes, 1. januar 2012 Venleg helsing for Ågotnes skule Eigil Nødtvedt rektor REGLAR
FOR LEKSEHJELPORDNINGA 2011-2012 Reglar: -
Det skal alltid vera arbeidsro på
leksehjelpa. -
Alle skal vera på leksehjelpa heilt til
leksetimen er slutt. Dei som er ferdige med
leksene, må lesa, teikna eller gjere andre oppgåver. -
Den som ikkje klarar å halde seg til
reglane, får merknad i lekseprotokollen og kan verte sende ut til inspektør
eller rektor. Då vert også foreldra
kontakta. -
Elevar som forstyrrar fleire gonger,
vil kunne misse tilbodet om
leksehjelp. NB! Leksehjelpordninga
er ikkje undervisning, men eit frivillig og gratis tilbod til elevar
som ynskjer å gjere lekser før dei går heim frå skulen. Dei som deltek på ordninga, er under tilsyn
av assistent, men kan i liten grad forvente å få hjelp ein-til-ein. Det
er viktig å merke seg at foreldra har hovudansvaret for elevane sitt heimearbeid
og alltid skal kontrollere leksene heime og sjekke om det er meldingar frå
skulen i sekken. Skulen
bed foreldra i 1. klasse vurdere å gjere leksene saman med elevane
HEIME den fyrste hausten. Det
er også viktig at foreldra les mykje saman med barna dei første skuleåra. Hugs: Det er inspirerande for eleven si læring at
foreldra viser interesse for skulearbeidet deira og hjelper dei etter beste
evne. Lukke til! Helsing lærarar og assistentar SØKNAD OM SFO-PLASS 2011-2012 Vedtektene for skulefritidsordninga i Fjell seier i
§6 : ”Alle barn i 1.-4.
klasse er sikra plass etter søknad. Barnet har plassen til plassen
vert sagt opp eller ut 4. klasse.
Søknadsfristen for inntak er 1. april. Søknad om plass skal sendast
til den lokale skulefritidsordninga. Søknaden er bindande.” Dei som har born i Ågotnes SFO og ikkje skal
ha plass frå den påfølgande hausten av, må senda oppseiing om våren innan 1. april.
De som har born i 4. klasse,
treng ikkje seie opp plassen, dette går automatisk. Om de ynskjer søknadsskjema, kan de kontakte
SFO-leiar Det ligg også elektronisk søknadsskjema til SFO på
heimesidene til Fjell kommune.
Søknadene går via Fjell kommune sitt postmottak som vidaresendar til
administrasjonen på den einskilde skule – sjå denne lenkja: TINGING AV SKULEFRUKT 2011-2012 Ågotnes skule er med i Skulefruktordninga. Frukt og grønt på skulen
gir overskot og energi gjennom skuledagen og er eit viktig bidrag for god
helse på kort og lang sikt. Skulen har ei eiga fruktordning der alle elevane
kan abonnere på frukt og grønt. Ordninga er subsidiert
av styresmaktene med kr 1,00 pr. frukt, og dei føresette betaler kr 2,50 pr.
frukt. Skulen set opp dei dagane det skal delast ut frukt, og som føresett
betaler du berre for dei dagane eleven tek imot frukt. Dei mest vanlege er eple, banan, pære,
gulrot, kiwi, appelsin, klementin, nektarin og fersken. Utvalet vil variere
etter sesong og lokale tilhøve. Foreldre som ønskjer
skulefrukt til eleven sin kvar dag, melder sjølv eleven på her: https://skolefruktsys.no/GenererForesattPassord.aspx Du kan lese meir om Skulefruktordninga på heimesida deira: http://skolefrukt.no/
|
|||||||||||||
|
|
|
|||||||||||||
|
|
|