Eg vil at du som besøkjer heimesida til Algrøy skule skal vita at denne skulen er unik.

 

Unike foreldre som sluttar opp om skulen sine aktivitetar, som er lette å be når kommunen sine vedlikehaldstenester ikkje strekk til, som engasjerer seg i utviklinga og opprustinga av skulen, som kjempar politisk når dei må og som er begeistra for skulen sitt personale og har tett dialog med dei.  Slik får skulen ein stor og viktig plass i bygda , og ungane lærer å respektera den.

Unike lærarar som ser ungane og bryr seg av heile sitt hjarta, som fyller skulen med humør og latter, og steller og kosar for kvarandre så kvardagen vert ein fest, som støttar og hjelper kvarandre og inkluderer nytt personale med smil og varme, som har kunnskap og røynsle nok til å kjenna seg trygge i jobben, men som likevel er viljuge til å utvikla seg  og skulen,  som ikkje sluttar ein arbeidsdag før dei er trygge på at neste dag vert ein god og lærerik dag for elevane.

Unike elevar som er blide og høflege, som bryr seg om kvarandre, som er kreative og lærelystne, som kliner til når det gjeld, anten det er nasjonale prøvar, kunnskapstevlingar i radioen eller framføring av ”Grease” med utrulege song- og sceneprestasjonar.

 

Det har vore eit privilegium for meg å jobba her dette året. Når eg no takkar av, vil eg berre ha sagt at

-         Viss du som les dette er ein av foreldra, – ver stolt av deg sjølv og av krinsen.

-         Viss du er ein av lærarane, - ver stolt av deg sjølv og arbeidsplassen din.

-         Viss du er ein av elevane, - ver stolt av deg sjølv og skulen din.

-         Viss du  er ein tilfeldig lesar, og lurer på kva dette eigentleg er for noko, skal du berre ta turen innom. Skulen har alltid opne armar. Der er alltid noko godt på bordet. Der er alltid nokon som stolt vil ta imot deg. Og når du dreg, vil du ha lært noko, same kven du enn er….

 

Med desse orda takkar eg for eit godt år, og ønskjer Algrøy skule lykke til vidare!

Ord frå tidlegare rektor Svein Ove, men som treffer så bra at vi let dei stå ei stund til!

 

 

 

 

 

 

 

                                                                                                                                                                                  

 

 

 

 

                                                                                                                                                                                  

 

                                                                                                                                                                                  

 

                                                              Hovedside