BRATTHOLMEN SKULE gunnlagt i
1876
BRATTHOLMEN SKULE -
EIN SKULE FOR TRYGGLEIK, TRIVSEL OG TOLERANSE SOM GRUNNLAG FOR LÆRING
Trafikkgruppa har eiga heimeside!
Brattholmen skule ligg i Fjell kommune på Sotra og er ein nynorskskule. Skulen er ein barneskule med 1. - 7. klasse. Skuleåret 2011/12 har vi 14 klassar, med til saman 249 elevar. Vi har også bokmålsklassar på alle steg. Elevane kjem frå Brattholmen, Straume, Arefjord, Snekkevik, Ebbesvik og Gavlen.

25.01.12
Opningsfesten:
Det er kome mange positive tilbakemeldingar på festen! Det set vi stor
pris på! Takk til festkomiteen i FAU som fekk til mykje gode kaker, kaffi og så
lotteriet med dei fine gevinstane! Veldig bra!
Dette var ei stor og viktig hending i skulen vår si historie! Kanskje kan det
bli lenge til vi får ei så omfattande ombygging og rehabilitering igjen! Vi gler oss
over at vi no stort sett er i mål!
Og vi hadde "uroppføring" av skulesongen vår! Den skal vi bruka! Stor takk til Astrid B. Engeseth
som har gitt oss den! Astrid arbeider hos oss. Teksten på songen finn du her!
Influensatid:
Sesonginfluensaen er ventande. Ber om at alle held fram med dei gode
hygiene-rutinane vi fekk til i samabnd med svineinfluensaen: Handhygiene er
viktig, men og at ein hostar(nys) i eigne kle og ikkje utover alle i nærleiken.
Elevane må også få øving i dette.
Om ein likevel skulle få influensaen, skal eleven vera frisk når ho/han kjem
på skulen. Dette inneber at eleven skal kunna vera ute i friminuttane som
vanleg. Til vanleg har vi ikkje kapasistet til å sjå etter elevar der
føresette ber oss om å halda dei inne fordi dei kanskje ikkje er friske.
Omsynet til at andre kan bli smitta må også takast med i vurderinga om eleven
skal sendast på skulen. Ein elev bør vera feberfri i 48 timar før
ho/han kan gå ut. Om du er i tvil, kan fastlege/helsestasjon/skulehelsetenesta
gi råd.
12.01.12
GODT NYTT ÅR!
OPNINGSFEST PÅ SKULEN 20.JANUAR 2012 kl 18 - 20
Du er spesielt invitert og hjartelege velkommen til opningsfesten
20.01.!
Sjå invitasjonen
her! Skulen er open for naboen utan barn på skulen også! Fortel om det!
Dette er undervisningstid for elevane. Dersom elevar ikkje kan møte, skal
skulen ha melding om dette på vanleg vis. Elevane får att denne tida ved at vi
ikkje har skule siste skuledagen på skuleruta, 22.06. Vi sluttar til vanleg
etter halv dag denne dagen fordi at elevane har sommaravslutning om kveldane. I
år vert altså heile dagen skulefri! SFO vil vera open som vanleg 22.06., men
då heile dagen.
Brukarundersøkinga (sjå 02.11. under):
Takk til alle som deltok i undersøkinga! Diverre var svarprosenten
berre vel 27%. Dette er for lavt til at vi kan bruka undersøkinga til noko.
Omvendt julekalender, innsamling til "HEI - verden":
Vi har gjennomført omvendt julekalender i nokre år no. Det er med på
å skapa gode haldningar hos elevane til dei som ikkje har det så bra. I
tillegg gir vi gåve til dei kvar dag i adventstida.
I år kom det inn i alt kr 16 131,50 kroner. Takk for engasjement i heimen
også!
13.12.11
Adventsgudstenester:
Tysdag 20.12.
er det skulegudsteneste. 1.-4. klasse reiser frå skulen 09.10 og er tilbake
rundt 10.40. 5.-7. klasse reiser kl 10.10. Dei er tilbake om lag kl 11.30.
Resten av denne dagen vert vanleg skuledag.
Elevar som ikkje skal delta på skulegudstenesta, får tilbod her på skulen. Føresette
melder frå til kontaktlærar. Skulegudsteneste er no heimla i skriv frå
departementet, sjå
her. FAU har slutta seg til at Brattholmen skule deltek på
skulegudstenestene som del av kulturbyggjande tiltak og norsk tradisjon (møte i
FAU 24.10.07, sak 4).
Siste skuledag før jul:
Dette er onsdag 21.12. i år, altså onsdag om ei god veke. Skulen
sluttar etter 3. time denne dagen, dvs kl 10.55. Buss går herifrå ca 11.15.
SFO vert open til kl 16.30 også denne dagen.
Administrasjon/ekspedisjon på plass i rehabiliterte lokale:
I dag har vi flytta sekretariatet bort frå dei lokala vi no mellombels
har halde til i i personalfløyen. Frå i morgon vert vi å treffa i dei nye
kontora! Vi gler oss over det! Vi nyttar framleis inngangen som vi har gjort i
haust om du har bruk for å ta kontakt med oss. Du held berre fram gangen til
endes og så til venstre gjennom døra i enden av gangen. Sekretariatet med
inspektør, sekretær og rektor ligg før neste dør i den nye gangen. Velkommen
innom!
Det vil framleis pågå arbeid på bygget fram til nyttår, men då vil det
meste vera unnagjort!
28.11.11
Stenging av parkeringsplass nord for skulen:
I samråd med Trafikk-gruppa stengjer skulen parkeringsplassen nord for
skulen (nedkjøring frå Nygårdsvegen) frå og med komande torsdag 01.12.
Innkjøring til plassen blir farleg når snø og is etter kvart gjer vegen
glatt. Det har vore observert at folk også prøver å koma ned på plassen frå
nord. Dette kan skapa kritiske situasjonar når underlaget endrar seg til
vinterføre. Plassen vil vera stengd t.o.m. veke 10, vinterferieveka. Vi
vurderer då om plassen kan opnast att. For vedteke kjøremønster, sjå under
på dato
19.08.!
23.11.11
Zero-planen revidert:
I møte 17.11. vedtok Skulemiljøutvalet(SMU) revisjon av
antimobbeplanen vår. Revidert
plan finn du her.
Skulerute for 2012-13:
Skulerute for neste skuleår er vedteken og gjort
tilgjengeleg her! Denne er god å ha når feriar skal planleggjast!
15.11.11
Når elevar er borte frå skulen:
Vi ber om at føresette som har sjuke barn i 1.-4. klasse om å følgja
innarbeidde rutinar og gi melding til skulen per telefon/epost seinast kl 09.15
den dagen barnet er sjukt. Dersom skulen ikkje får slik melding, tek vi kontakt
med heimen.
Det er ikkje påkravd å melda frå om at elevar frå 5.-7.klasse ikkje kjem på
skulen.
Alt fråver skal meldast skriftleg i meldebok når eleven er tilbake til skulen.
Fråver skal grunngjevast. Unnatak her er når føresette har søkt elev fri.
08.11.11
System for utsending av SMS til alle føresette:
Vi innfører eit slikt system i kommunen i desse dagar. Alle får varsel
om oppdatert heimeside i dag. Det er viktig å merka seg at det ikkje er råd å
svara på meldinga. Systemet blir teke i bruk for einvegskommunikasjon. Det blir
også opna for lærarar som treng å gi viktige fellesbeskjedar til føresette
på klassenivå.
Juletilstelling - opning av skulen etter ombygging:
I år kjem vi til å slå desse to hendingane saman. Klassekontaktane
må framleis gjerne ha avslutning før jul for sine klassar, men det vert ikkje
noko felles for alle då.
Det viser seg at ombygginga tek litt lenger tid enn planlagt. Etter planen var
overtakingsdato 10.12.11. Endeleg overtaking vert no til nyttår.
Opning av skulen vert lagt til fredag 20.01.2012, klokka 18 - 20. Vi
planlegg då saman med FAU å ha ope hus på skulen. Heile bygda er invitert!
Meir om dette seinare! Set av desse to timane til å sjå skulen! Ta med naboen!
Planleggingsdag komande fredag:
11.11.2011 er det planleggingsdag og elevfri.
02.11.11
Framlegg til revisjon av zero-planen:
Planen vert lagt ut til høyring dette året. Føremålet med dette er
at planen skal bli ein best mulig reiskap for skule og heim i å avdekka og
handtera mobbing. Det er også viktig at alle i skulesamfunnet får høve til å
gjera seg kjent med planen. Planforslaget er no også justert i høve til
Opplæringslova § 9a. Forslaget vert lagt fram for SMU, Skulemiljøutvalet, som er det øvste rådgjevande organet til rektor i § 9a-saker.
Det
er fint om du melder innspel på epost innan 16.11.! Høyringsframlegget
finn du her!
Info-skriv om skulehelsetenesta:
I menyen til venstre under skulehelsetenesta finn du no også eit meir
detaljert info-skriv om denne tenesta.
Brukarundersøking:
Alle føresette blir invitert til å vera med å gjera skulen betre
gjennom brukarundersøking utvikla av utdanningsdirektoratet. Skulen vil senda
ut passord for å delta i undersøkinga i nær framtid. Vi håpar at vi kunne
fått god respons på dette frå alle! Du kan lesa
om undersøkinga her! Du startar undersøkinga her: Foreldreundersøkinga
2011.
Tid for utviklingssamtalar!
Utviklingssamtalar vert i år i veke 46 og 47. Kontaktlærarane held på
med elevsamtalar som ein del av førebuinga til dette arbeidet no. Viser elles
til nærare info frå kontaktlærarane til heimane om møtetider.
21.10.11
Årleg revisjon av ZERO-planen (Handlingsplan mot mobbing) på skulen:
Vi er inne i den tida på året når planen er til revisjon. Framlegg
til betringar av planen, små eller store, kan fremjast direkte til FAU-leiar.
Noverande versjon av planen finn du i menyen til venstre.
FAU hadde møte denne veka.
Referat finn du her.
Hei-aksjonen har sin siste dag i dag:
Tysdag hadde vi fint besøk frå Stavanger der hovudkontoret til Hei,
Verden! ligg. Atle fortalte og viste bilete frå livet til
Quechua-indianarane i fjella i Peru, først for 1.-4.klasse, så for dei store.
Overskrifta var: Skule for alle.
Onsdag var det bollesal. Foreldra i 7.klassane hadde bakt til alle! Stor takk
til foreldra som stod for dette i år igjen! For kr 10,-/stk fekk elevane kjøpa
bollar.
Torsdag hadde vi turmarsj etter mønster frå i fjor: Dei minste går opp til
Storskaret/idrettsparken, dei største runden rundt med Lonavegen.
Startkontingent var kr 10,-.
I alt fekk vi inn kr 8504,50 som går til å støtta Quechua-folket i
Peru! Takk til alle for innsatsen!
Periode med studentar:
Frå og med måndag får vi 9 studentar på skulen i 4 veker. Dei kjem
frå Høgskulen i Bergen og skal vera saman med øvingslærarane i 2a, 3a og 3b.
Dette skuleåret er det første avtale-året i den andre 4-årsperioden med HiB.
Vi ønskjer studentane velkomne til oss!
07.10.11
Haustferie:
Neste veke er det haustferie. Vi har "Haustferie-SFO" på
skulen hos oss. Det er eiga påmelding til dette tilbodet. Om lag 30 barn skal
vera saman her denne veke!
Vi ønskjer alle god haustferie!
Hei-aksjonen = solidaritetsaksjonen 2011:
I veka etter haustferien skal vi ha solidaritetsaksjon slik vi har brukt
å ha det på denne tida, sjå info på lenke
her! Du finn elles meir om Hei,
verden! på denne lenka!
Opning, lukking av skulen:
På foreldremøtet i september fekk alle opplyst at skulen opnar klokka
08.30 når det ringjer inn. Elevane må vera kledd etter tilhøva når det no
haustast slik at dei ikkje frys medan dei ventar.
Etter skuletid blir skulen stengt, og alle som treng noko i klasseromma må koma
opp i ekspedisjonen og får hjelp til dette.
SFO startar med friminutt like etter skuletid når haustferien er over. Elevane
er m.a.o. ute ei lita stund før leksetid/SFO inne startar opp. Vi gjer dette
fordi elevane må ha litt luft, særleg før leksetid.
Vinterskyss til Ebbesvik:
Vinterskyssen startar opp etter haustferien! Alle dette gjeld, har fått
melding om dette.
09.09.11
Planleggingsdag på måndag 12.09.:
Dette er valdag i Norge. Skulen har stengt. Det gjeld også SFO. Viser
her til skuleruta som du finn i menyen til venstre.
05.09.11
Bruk av parkeringsplassen nord for skulen:
Denne plassen er berre til bruk for dei som av ein eller annan grunn
treng å følgja barnet inn på skule/SFO. Etter kvart som 1.klassingane blir
trygge på skulenvegen, bør det vera lite behov for å bruka plassen, anna enn
i dei spesielle tilfella der ein treng å formidla noko til personalet når ein
kjører barnet.
Det er ikkje råd å kjøra ned på denne plassen frå Nygårsdhøgda. Det er
ikkje forsvarleg å svinga til venstre eller rygga ned når ein kjem nordfrå.
Skulen ber i tillegg om at det blir utvist spesiell varsemd når ein kjører ned
til plassen fordi det er mange elevar som går i dette området, både til og
frå skulen. Vanlege trafikk-reglar gjeld!
Foreldremøte hausten 2011:
Alle klasseforeldremøte blir lagt til to kveldar neste veke. I forkant
av klasseforeldremøta vert det felles foreldremøte i gym.salen. 4.-7. klasse
er med dette invitert til å koma onsdag 14.09. og 1.-3.klasse torsdag 15.09.,
begge kveldar kl 18.00. Klasseforeldremøtet for kvar enkelt klasse startar kl
19.00. Invitasjon går ut med ranslepost også. Sjå invitasjonen
her!
19.08.11
Trafikkmønsteret ved skulen:
Det er ingen endring i kjøremønsteret
ved skulen. Elevar skal framleis setjast av på avstigningsfeltet på
hovudvegen. Det er ikkje høve til å kjøra inn på
parkeringsplassen. Berre andre dagen i skuleåret har vi alt hatt farlege
situasjonar med foreldre som kjører inn på og opp over parkeringsplassen for
å sleppa av elevar. Det er viktig at det blir slutt på dette!
Nord for skulen vil det vera råd å parkera for dei som må følgja inn av ein
eller annan grunn. Du kjører då opp Nygårdsvegen forbi skulen og ned første
veg. Parkeringsplassen på venstre hand høyrer skulen til.
Egg-allergi:
Ein av elevane våre har livstrugande egg-allergi. Vi ber om at alle tek
omsyn til dette i høve til matpakke. Der må det ikkje vera egg i noko form.
Det som er i bakverk, er ikkje direkte farleg for eleven utan ved inntak, men
det er fint om vi kan halda skulen egg-fri framleis. Det går melding
til nye foreldre i ranselpost om dette.
Skuleskyss frå Straume gard:
Bussen går frå Bildøy kl 08.05. Ruta går direkte ned til skulen slik
at alle langs hovudvegen (Fv 209) ned til skulen kan følgja denne.
18.08.11
Første skuledag!
Vi har teke imot ein stor elevflokk i dag. 35 førsteklassingar har sin
første dag på skulen i dei to klassane! Dei har vi ønskt spesielt velkommen!
22/7 - markering:
Alle skular - også vår - vil markera tragedien frå i sommar. Dette
gjer vi i klassane i morgon, alle klassar, kl 10.15. Viser til skriv
frå skulesjefen her. Skrivet går også ut som ranslepost til alle heimane.
Vi oppmodar føresette om å melda frå til skulen om elevar slit spesielt i
høve til det som hendte. Hjelpetenestene i kommunen står til rådvelde. Ein
kan ta også direkte kontakt med PPT eller kommunepsykologtenesta.
09.08.11
Velkommen til nytt skuleår: 2011/12
Skulen startar opp torsdag 18.08. kl 08.30 for alle klassar. Dette er
ein kort dag der elevane er ferdige etter 3. time, dvs 10.55. Skuleskyss går
frå skulen kl 11.10. Sjå elles annonsering i dagspressa!
Sommar-SFO:
Sommar-SFO har vore open frå 01.08. og har ope i 2 veker t.o.m. fredag
12.08.
Nybygg og rehabilitering av det gamle:
Prosjektet er stort sett i rute, og vi håpar det meste er på plass til
1. skuledag av møblar og utstyr. Her har det vore ein del utfordringar knytt
til at kommunen er bunden til visse firma når det gjeld innkjøp.
I dag held entreprenør på med asfaltering på leikeplassen for dei minste. Det
står att før ferdigstilling. På storeplassen er sandkasse og klatreapparat
borte og vi legg til rette for kanonball-bane for dei store elevane i dette
området. Uteområdet vert også universelt utforma no slik at alle elevar skal
ha tilgang til alle fellesområde rundt huset. Difor er det også bygt ei rampe
frå storeplassen og opp langs huset i vest.
Bygget skal vera ferdig rahbilitert til nyttår!
Dagsplan for kor tid timar startar og sluttar:
Sjå under 08.06. for detaljar om dette!
Skulerute for 2011/12:
Sjå i menyen til venstre! (NB: I denne utgåva er dei siste endringane
i høve til planleggingsdagar i barnehagane også komne med!)
Skulebuss:
Dette vert det første året vi har fortau frå Straume og til
skulen. Oppmoding til føresette: Tenk helse og miljø! Lat elevane koma inn i
gode vanar med å gå/sykla til skulen!
Når det gjeld rett til skuleskyss, sjå i menyen til venstre!
Det går buss frå terminalen på Straume kl 08.05 og ned gamlevegen. Det vert
ikkje buss via Rv 555 lenger.
Frå Ebbesvik går det buss kl 08.10.
Om ettermiddagen går det buss frå Brattholmen kl 13.15 og 14.10 til Straume.
Om tysdagane går bussen kl 12.25.
17.06.11
Endring i SFO-prisar frå 01.08.2011:
Kommunestyret endra prisane for SFO i møtet i går. Dei nye prisane er:
Heil plass: Kr 1 800,- per mnd, ein auke på kr 150,-.
halv plass: Kr 1 300,- per mnd, auke med kr 50,-.
Skulevurdering, rapport:
Det har endeleg lukkast oss å få den digitale utgåva av rapporten
etter skulevurderinga i april. Du finn rapporten
her.
To utviklingsområde peikar seg ut etter vurderingsrunden:
1. Zero-planen bør gjerast tydelegare på nokre punkt.
Planen skal opp til årleg revisjon tidleg til hausten. Det er naturleg at dei
punkta som blir peika på, vert tekne opp i samband med dette.
Skulemiljøutvalet vil då få saka til vurdering når dette arbeidet er ferdig
slik det har vore vanleg.
2. Evaluering av TSK-programmet.
Vurderarane visste at dette er ei kommunal satsing med kommunal prosjektgruppe
som ha evaluering av programmet i planane sine. Ei intern vurdering og
"oppstramming" vil likevel vera aktuelt. Skulen vil koma tilbake til
dette til hausten.
Brattis-stjerne!
I dag har vi hatt finale i den store konkurransen om å bli beste artist
på skulen for året! Det var mykje engasjement og mange flotte og dyktige
aktørar i sving på scenen! Thomas i 3a vann i gruppa 1.-4.klasse. Elise og
Evelyn i 7a blei kåra til vinnar mellem dei eldste! Gratulerer til vinnarane!
08.06.11
Tyssøy-tur for 1.-4.kl, 15.06.11:
Vi satsar på strålande ver neste onsdag og tek 1.-4.klasse med på
tradisjonell Tyssøy-tur! Sjå vedlegget
for meir informasjon! Info kjem også på It's learning!
Trafikk-gruppa treng medlemmer!
Tidlegare hadde trafikk-gruppa base i velforeningar rundt i aktuelle
område som høyrer til inntaksområdet vårt, saman med ein trafikkansvarleg
frå FAU. Trafikk-gruppa er no ei undergruppe av FAU. Viktige prosjekt framover:
Vegen frå Svingen til Arefjord (som enno ikkje ahr fortau), Ebbesvik-vegen, dei
lokale trafikktilhøve rundt nærområdet til skulen. Ein del av dei som har
vore med ei stund, ønskjer å overlata oppgåvene til nye folk. FAU ber om at
du stiller som kandidat i gruppa dersom du brenn for betring av skulevegen til
elevane! Meld deg til leiar i FAU, Håkon
Winterseth!
Tider for skulestart til hausten:
Første skuledag i august er 18.08. Alle klassane møter denne dagen til
kl 08.30, ny tid for start på dagen.
Timeplan er under arbeid.
Skuledagen startar 08.30 kvar dag til hausten:
For 1.-2.klasse er slutt-tidspunktet kl 13.05 måndag, onsdag, torsdag
og fredag. Tysdag er desse klassane ferdige kl 12.10.
For 3.-4.klasse er slutt-tidspunktet kl 13.05 måndag og onsdag. Tysdag er dei
ferdige kl 12.10. Torsdag og fredag er slutt-tidspunktet kl 14.00.
For 5.-7.klasse sluttar dagen kl 14.00 måndag, torsdag og fredag. Tysdag og
onsdag sluttar dei kl 13.05.
Tom timeplan for organisering av dagen finn du
her!
31.05.11
Årsmøte i Foreldrerådet:
Årsmøtet vert i år 07.juni kl 19.30. Årsmøteinnkalling er sendt ut til alle
via klassekontaktane. Dette er eit viktig møte for Foreldrerådet. Slik
arbeidet er organisert no, er valet til FAU ikkje ein del av årsmøtesakene.
FAU er sett saman av ein klassekontakt frå kvar klasse slik retningslinjene for
FAU no seier.
Elevfri 03.juni:
Komande fredag, 03.06. er det, iflg skuleruta, elevfri dag. SFO er også stengt.
Det blir følgjeleg heller ikkje leksehjelp i morgon, onsdag. Musikk-sirkelen
går og ut onsdag.
Viktige datoar fram mot skuleslutt:
14.06.: Aktivitetsdag. Då har vi tradisjonell dag med rebusløype og
aktivitetar ute.
15.06.: Tyssøytur for 1.-4.klasse. Som alltid er dette avhengig av veret. Info
om dette kjem til klassane.
17.06.: Brattis-stjerne: Denne dagen vert den beste artisten/gruppe på skulen
kåra. Dette er ein elevrådsaktivitet som er svært populær!
21.06.: "Eksamens"-fest for 7. klasse! Klassekontaktane steller i
stand avslutningsfest for dei elevane som no snart er ferdige med barneskulen!
22.06.: Avslutningsdagen. Buss går frå skulen kl 11.30.
25.05.11
Tinestafetten:
6. og 7. klasse deltok på denne i år. Og med flott resultat: 7. klasse
fekk 1. og 3. plass og 6.klasse 2.plass i sine klassar. Gratulerer!
Førskuledag:
I morgon, torsdag 26.05., tek vi i mot 31 nye førsteklassingar til
førskuledag. Velkomne!
13.05.11
Førebuingar til 17.mai:
Det var stor stemning om mykje folk til dugnad på skulen i går kveld!
Takk til alle som var med og tok eit tak! Vi er leie for at Fjell kommune ikkje
kunne vera med å supplera maling, bark osv. dette året p.g.a. den økonomiske
situasjonen i kommunen. Ønskjer alle til lukke med 17.! Håpar på ei fin
feiring!
Elevfri 16.mai:
Det er ikkje skule komande måndag!
11.05.11
Referat frå møte i Samarbeidsutvalet 28.04.11
Møtereferatet finn
du her!
SFO og neste skuleår:
Vi fekk inn omgrepet leksehjelp frå dette skuleåret. Då vi la
timeplanen sist haust, var det framleis noko forvirring kring tilbodet. Det
førte med seg at vi rekna dette utanom og i tillegg til SFO-tida. Følgjene
blei at alle som hadde halv/redusert plass på SFO, har fått for mykje tid i
SFO i høve til det retningslinjene gjev rom for, 11 timar i veka.
Ressurssituasjonen er slik no at vi diverre ikkje kan halda fram med det. Alle
som har søkt om redusert plass, får orientering om dette separat.
04.05.11
Referat frå mars-møtet i FAU:
Møtereferatet finn du her!
29.04.11
Informasjon om neste skuleår:
* 1.klasse:
Det vert 14 elevar i nynorsk- og 17 i bokmåls-klassen til hausten. Sidan
ingen av klassane er over 18 elevar, vert det berre ein lærar i kvar klasse.
* Liste over kontaktlærarar:
1a: Rita Rosnes
1b: Katrine Rossgård
2a: Gro Anita Hindenes
2b: Lill-Maren Kaspersen
3a: Eva Bergersen
3b: Jannicke Økland
4a: Kari Skogestad
4b: Bente Bildøy
5a: Bergjot G. Aannerød
5b: Eli Marit Hansen
6a: Harald Lunde
6b: Sissel Aakre
7a: Ole Ekornes
7b: Cecilie Dahl
* Endra tid for start på skuledagen:
Samarbeidsutvalet rår til at skuleopning vert flytta frå 08.55 til 08.30
frå hausten. Nytt starttidspunkt for skulen vert sett til 08.30.
* Endra tider for SFO:
Tidene for SFO, halv plass, vert endra i tråd med endra skulestart og flytt
fram med 25 min. Skulen vil søkja å finna fleksible løysingar for dei dette
ikkje går heilt greitt for dette første året. Det er 26 elevar som har søkt
om delt halv plass. I tillegg har 79 elevar søkt full plass.
Førskuledag, våren 2011
Vi inviterer til førskuledag 26.05. kl 13.00 til 14.30. Invitasjon er
sendt til alle 1.klassingar.
05.04.11
Skulevurdering 2011, framhald 1:
I lenka om skulevurdering frå Hardanger og Voss under 01.04. står det litt
om måten vurderarane kjem til å arbeida på for å henta inn informasjon om
det temaet skulen skal vurderast på:
Intervju, samtale med elevgrupper: Vi har teke ut grupper i klassane 2a, 3b, 4a,
5b, 6a og 7b. Elevane som er uttekne, vil samtala i klassegrupper med
vurderarane komande måndag, 11.04.
Så kjem FAU-møtet måndag kveld.
Intervju med personalet - dette blir også gruppeintervju. Det blir tysdag.
Deretter kjem vurderarane til å observera rundt om i klassane resten av tysdag
og litt av onsdag.
Sjølve rapporten blir presentert for personalet torsdag ettermiddag.
Skulesjefen eller ein i staben kjem og til å vera til stades då.
Til slutt vil rapporten bli gjort offentleg. Det blir etter påske.
01.04.11
Skulevurdering 2011:
Fjell, Sund og Øygarden kommunar har eit felles ordning når det gjeld
skulevurdering etter ein modell som er utprøvd i Hardanger-Voss-området tidleg
på 2000-talet. Sjå denne lenka for meir info: http://www.kompetanseregion.no/artiklar/Skulevurdering_med_eit_eksternt_blikk.html
Området vi vil bli vurdert på denne gongen, er klasseleiing. Skulen har
vore med på klasseleiingsprosjektet til Fjell i vel 2 år no. Du finn brosjyre
om TSK her.
Som del av dette opplegget skal også foreldregruppa intervjuast i eit
foreldremøte. For to år sidan gjorde vi dette ved at vurderarane hadde møte
med FAU som representerer alle klassane. FAU har sagt seg villig til dette også
denne gongen.
Endeleg rapport frå vurderinga vert lagt ut på heimesida.
30.03.11
FAU-referat frå februarmøtet:
Referatet er godkjent og du finn
det her!
29.03.11
Førsteklassane frå hausten, elevtalsutviklinga:
Det blir 13 elevar i nynorsk- og 18 i bokmåls-klassen til
hausten, ei fin fordeling mellom målføra og fine grupper å arbeida med!
Likevel vil vi oppleva ein nedgang på 16 elevar i høve til i år samla sett
sidan det er 47 7.klassingar som forlet oss.
Vinterskyss til Ebbesvik:
Skuleskyssen for dei største elevane i vinterhalvåret er over 01.04.
Skuleskyss til neste år:
Det er sendt ut skjema for søknad om skuleskyss for neste år for
2.-4.klasse. Dette skjemaet må sendast tilbake til skulen innan 30.04. Du finn skjemaet
i pdf-format her. Dette må du skriva ut og senda til skulen innan fristen.
Mulig endring av starttidspunkt for skulen om morgonen:
Skulen inviterer til å koma med synspunkt på dette temaet. Vi har hatt
god erfaring med 5.-7.klasse dette skuleåret med oppstart kl 08.25. Vi ser
gjerne for oss at 08.30 kan vera det aktuelle tidspunktet for start på 1. time
for alle klassar frå hausten. Dette vil gje elevane ein halv time lenger
ettermiddagar. Vi veit at ettermiddagar kan vera travle for mange familiar når
både skulearbeid og fritidsaktivitetar skal avviklast.
Send gjerne ein epost om du har synspunkt på dette!
22.02.11
FAU: Møtereferat frå januar-møtet i FAU:
Referatet er no godkjent og tilgjengeleg
her!
Elevar som ikkje kjem på skulen:
Utfrå
eit tryggleiksperspektiv ber skulesjefen foreldre til barn i 1.- 4. kl om å gi
melding til skulen i slike tilfelle. Skulen tek kontakt dersom elev i 1.- 4. kl
ikkje kjem til skulen om morgonen.
Når eleven tek til i 5. klasse opphøyrer denne ordninga.
Alle elevar skal ha melding med i meldebok/meldemappe når dei kjem
tilbake til skulen.
Om ikkje skulen får melding, vert fråveret registrert som ugyldig i
fråversprotokollen for klassen. Ved for stort ugyldig fråver, vurderer skulen
tiltak, m.a. å kopla inn barnevernet.
11.02.11
Innskriving av 1.klassingar til hausten:
Vi har 37 barn som høyrer til i vårt inntaksområde og som skal ta til
på skulen komande haust. Skulen ønskjer alle velkomne som elevar hos oss! Info-skriv
med innskrivings-skjema,
som du finn her, vert sendt ut måndag i neste veke.
SFO-plass neste år for elevar i 2.-4. klasse frå hausten:
Dei elevane som alt har plass i SFO, slepp å søkja plass på nytt.
Derimot må plass seiast opp om eleven ikkje skal gå på SFO lenger,
oppseiingsfrist 3 månader. Du finn opplysningar om pris osv for SFO i Fjell
her. http://www2.fjell.kommune.no/nn-NO/Tjenester/Tenestebeskrivelser/Skulefritidsordning_SFO/
Det vert sendt ut påmeldingsskjema
til alle som ikkje no har plass, etter vinterferien.
Leksehjelp:
Det er 69 elevar frå 1.- 4. klasse som nyttar seg av leksehjelp på
vår skule denne vinteren. Det er ca 50 % av elevane. Det er framleis råd å
melda seg på ordninga for våren.
Det vert sendt ut påmeldingsskjema
for hausten saman med påmelding til SFO etter vinterferien.
01.02.11
Påmelding til vinter-SFO:
Det er no lagt tilrette for elektronisk påmelding på vinter-SFO. Dersom du
ønskjer at barnet ditt skal få plass der, går du inn på følgjande lenke:
http://www2.fjell.kommune.no/Aktuelt/Pamelding-SFO---Vinterferien-2011/
Du finn meir
info om SFO på heimesida
til kommunen.
31.01.11
Spørsmål om komande fredag, 04.02.11, er planleggingsdag:
Svaret er nei. Viser her til skuleruta som du finn i menyen til venstre. Ein
del skular har elevfri denne dagen, men altså ikkje Brattholmen.
FAU referat frå 30.11.10:
Referatet finn du her!
14.01.11
Innsamling til SOS-barnebyar:
Alle klassane hadde "omvendt julekalendar" før jul, og inntektene
gjekk til SOS-barnebyar. Vi fekk inn totalt kr 17.538,-. Alt er no
overført til SOS. Takk til alle elevane (og foreldra!) for flott innsats!
Influensatid og omgangssjuke:
Mange elevar er sjuke for tida. Personleg hygiene er viktig for å unngå
smitte! Vask hendene ofte! Host og nys inn i albogen! Når det gjeld
influensaen, er det tilrådd at ein er inne ein dag etter at feberen har gitt
seg. Viser elles til meldingar på heimesida til Folkehelseinstituttet: http://www.fhi.no/
Vinter og glatt:
Vi har hatt mange dagar med glatt føre (mykje is!) til no denne vinteren.
Skuleplassen har vore dekka av is enkelte dagar. Vi har hatt elevar ute med
sand/salt og har som mål at vegen frå porten i vest og inn til huset, skal
vera strøydd, tilliks med frå parkeringsplassen og inn. Vi prøver å få
dette til så godt vi kan. Elevane (og vaksne) må likevel sko seg etter
forholda.
Skuleruta for neste skuleår for Fjell kommune:
Du finn skuleruta for skuleåret 2011-12 på heimesida til Fjell kommune.
Skuleruta er lagt inn i ein Google-kalendar som du kan bla deg gjennom på ulikt
vis. Lenke til skuleruta: http://www2.fjell.kommune.no/Om_Fjell/Administrasjonen/Skulesjefen/Skulerute_og_planleggingsdagar/
Skuleruta blir teken opp på møte i Samarbeidsutvalet no i vår om det
vert foreslått lokale endringar som berre gjeld
vår skule.
GODT NYTT ÅR!!
15.12.10
Vegopning:
Programmet i samband med vegopninga komande fredag er no klart!
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg kjem og det gjer Fjell-ordførar Eli
Årdal Berland også! Alle elevane går klassevis opp til garasjen der
snorklippinga skal finna stad. Leiar i elevrådet, Evelyn Handegård (7a), kjem
til å utføra sermonien på vegne av skulen. Alle som kan i lokalsamfunnet må
setja av tid og vera med på dette!
01.12.10
Referat frå FAU-møtet 02.11.10 finn
du her.
Program før jul:
Kranselag for nybygget:
Komande fredag, 03.12., vert det kranselag for nybygget vårt kl 13.00. I
dag er finstøypinga ferdig, så no vil husa vera tette straks slik at det kan
setjast på varme for tørking! Framdrifta er etter planen.
Det vert adventsfestar for klassane slik i år:
Måndag 06.12.: 3. kl. kl 17.30, 4.kl. kl 18.30 og 7.kl kl 19.30
Onsdag 08.12.: 1.kl. kl 17.30 og 6.kl. kl 18.30
Torsdag 09.12.: 2.kl. kl 17.30 og 5.kl. kl 18.30
Viser elles til utsendt invitasjon frå Julekomiteen, som minnar om
julelotteriet i samband med samlingane!
Opning av vegen:
17.12. klokka 12.00 vert vegen opna, melder Statens
Vegvesen! Då vert alle inviterte til ein opningssermoni ved
verkstaden/garasjen! Programmet er under utforming!
Adventsgudstenester:
Tysdag 21.12.
er det skulegudsteneste. 1.-4. klasse reiser frå skulen 09.10 og er tilbake
rundt 10.40. 5.-7. klasse reiser kl 10.10. Dei er tilbake om lag kl 11.30.
Resten av denne dagen vert vanleg skuledag.
Elevar som ikkje skal delta på skulegudstenesta, får tilbod her på skulen. Føresette
melder frå til kontaktlærar. Skulegudsteneste er no heimla i skriv frå
departementet, sjå
her. FAU har slutta seg til at Brattholmen skule deltek på
skulegudstenestene som del av kulturbyggjande tiltak og norsk tradisjon (møte i
FAU 24.10.07, sak 4).
11.11.10
Buss frå Ebbesvik:
Skulebuss vert sett opp frå komande måndag, sjå under 09.11. frå
Ebbesvik. Bussen går kl 08.10 frå Gavlen.
09.11.10
Handlingsplanen mot mobbing:
Zero-planen har vore gjennom årleg revisjon, denne gongen utan anna enn
mindre, redaksjonelle endringar. Du finn oppdatert
plan her!
Vurderingssamtalar kjem i veke 47 og 48:
Dei halvårlege vurderingssamtalene for elevar er like om hjørnet. Skulen
har arbeid kontinuerleg med å finna fram til eit forsvarleg, handterbart system
for desse samtalane. Vi er stadig i utvikling og prøver ut verktøy for å gi
best mulig tilbakemelding på det nivået elevane er på, og korleis dei skal
koma vidare. Desse verktøya (skjema) er til internt bruk for fagpersonellet ved
skulen. Dei vil følgja eleven så lenge eleven går her. Deretter blir denne
mappa makulert.
Det er å merka seg at foreldre får ei innkalling. Det er sjølvsagt
råd å byta med andre om tidspunktet ikkje høver. Foreldre som ikkje bur
saman, blir bedne om å møta saman om eleven.
Planleggingsdag komande fredag, 12.11.10:
Komande fredag vert altså elevfri dag. SFO er også stengt denne dagen.
Gratis skuleskyss til Ebbesvik utvida:
Det kjem i stand gratis skuleskyss for alle elevar frå Ebbesvik frå
komande måndag, 15.11., og til 31.03.11.
08.11.10
Referat frå FAU-møte:
Referat frå møtet 28.09. er no godkjent og lagt ut, sjå også meny
til venstre!
05.11.10
Når du kjører elevar til skulen:
Då gjeld framleis kjøremønsteret vi har hatt i alle år: Elevar skal
sleppast av bilen i avstigningsfeltet. Du skal først snu bilen på kaien for å
kunna gjera dette på forsvarelg vis. Avstigningsfeltet skal berre brukast til
dette. Ingen skal forlata bilen/førarsetet i dette feltet. Sjølv
førsteklassingar klarer greitt å få med seg sekken og opna/lukka bildøra. Du
kjører vidare utan unødig opphald i feltet. Det er mange som skal levera! Og
U-sving er ikkje tillate grunna overordna tryggleiksomsyn. Det er vidare forbod
mot å kjøra inn på parkeringsplassen for andre enn dei som har spesielt
løyve til det, jf. skilt. Slikt løyve skal liggja synleg i bilen og vert
utlevert frå kontoret. Viser elles til Trafikkgruppa si heimeside/facebook-side
der du finn ein kort presentasjon av kjøremønsteret, sjå lenke over
skulebiletet!
22.10.10
Solidaritetsaksjonen denne veka:
Skulen har hatt skulejogg/marsj med kr 10,- i startkontingent onsdag denne
veka, og for første gong kunne vi arrangera dette på sikker veg! Løypa gjekk
frå skulen og opp til Straume, via Lonavegen, Idrettsvegen og tilbake til
skulen for dei største, og dei minste gjekk klassevis opp til Storskaret (stort
sett) om ned att, på det nydelege fortauet vi har fått. Arrangementet gav kr
3890,- til Flytningehjelpen/TV-aksjonen. I tillegg kom det inn kr 2278,- etter
bolle-salet som 7.klasse stod for. I alt noterer vi oss for ein sum på kr
6168,-. Takk til alle for flott innsats!
18.10.10
Refleksdag på skulen i morgon!
Trafikkgruppa skriv:
I «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg» står det at 40 prosent
skal bruke refleks i byer og tettsteder, og 60 prosent skal bruke refleks
utenfor byer og tettsteder i 2014. Den nasjonale Refleksdagen er et viktig
bidrag for å nå dette målet. Trygg Trafikk oppfordrer politiet, vegvesenet,
fylkeskommuner, kommuner, bedrifter og frivillige organisasjoner til å bidra
til å gjøre Refleksdagen kjent, samt markere dagen med ulike aktiviteter, som
ved å gi de ansatte reflekser og informasjon om hvor viktig det er at voksne
bruker refleks. Trygg Trafikk håper at vedvarende informasjonsarbeid og økt
tilgjenglighet får flere til å bruke den lille livredderen.
Trafikkgruppen har derav tatt initiativ til refleksdag på Brattholmen skole den
19. oktober. Vi har mottat en dvd fra Trygg Trafikk som skal vises i klassene og
det vil bli delt ut refleksutstyr på skolen. Dagene blir nå mørkere og mørkere
så påse at ditt barn alltid har refleksen med seg klar til bruk.
DVD'en ligg på You Tube på lenka her:
http://www.tryggtrafikk.no/Refleksfilm+p%C3%A5+YouTube.b7C_wJjMYs.ips
07.10.10
Solidaritetsaksjon i veke 42:
Frå 18.10. og ut veka skal vi gjennomføra solidaritetsaksjonen vår slik
vi har brukt det før om åra. I år er det TV-aksjonen som får støtta vår.
Sjå lenke til Flyktningehjelpen
her for meir info. Onsdag 20.10. skal vi ha skulejogg etter vanleg mønster, men
sidan vi har fått slik god veg no, vert det ny trasè for den: Vi nyttar vegen
opp til Straumeområdet og rundt industriområdet og retur til skulen for dei
største. Dei minste går ei kortare rute. Startkontingent vert kr 10,- per
person. Alle er velkomne til å delta, anten du vil jogga saman med dei store,
eller gå med dei små! Saka er vel verd å støtta i alle fall!
7. klassane bakar bollar som dei vil selja til inntekt for TV-aksjonen
fredag 22.10. Det er fint om elevane har med seg litt pengar til dette! Vi
reknar med at det vert bollar til alle! Vi reknar med to til kvar elev og kr 5,-
per bolle.
Haustferie neste veke!
Viser til skuleruta i menyen til venstre. Veke 41 er altså haustferieveke
dette året også. Vi ønskjer alle ein fin haustferie!
27.09.10
Vegen snart ferdig!
Vestafjell melder at i slutten av denne veke, veke 39, er alt tungt
anleggsarbeid ferdig på vegen frå Storskaret og ned til Brattholmen! Statens
Vegvesen stadfestar dette. Dette er gledeleg nytt! Etter over 40 år med denne
saka på timeplanen vert ho avslutta no med eit flott anlegg, kanskje den
finaste vegbiten "vestom brua"! 01. oktober 2010 er ein milepæl
nådd! Gratulerer til alle som har stått på for å få dette til!
Offisiell opning av anlegget vil verta markert etter kvart. Dato og tid for
dette kjem vi tilbake til. Dette er ein fylkeskommunal veg, og Hordaland fylke
står som eigar. Fjell kommune har forskottert pengar slik at vegen kunne
realiserast, så her er fleire aktørar inne i biletet. Men det er takka vere
innsatsen til kommunen at vi er i mål no.
Gratis skuleskyss i anleggstida opphøyrer:
Slik føresett vil all gratis skuletransport opphøyra frå og med komande
måndag, 04.10. Dei vanlege reglane for skuleskyss vil etter dette
gjelda:
1. klasse har rett til fri skyss når vegen er over 2 km.
2.- 4. klasse har rett til skyss når dei bur lenger borte enn 2 km og då til
50% av barnebillett. Føresette til desse elevane må gi melding til skulen om
dei vil ha rabattert skyss-kort. I praksis er 2-km-grensa ved Storskaret. Ingen
elevar frå Arefjord har rett til fri skyss.
Elevar frå 5. klasse betaler vanleg billett. Dette vert ikkje administrert av
skulen.
Alle som har skyss-kort må difor no returnera desse til skulen når dei ikkje
fyller kriteria for skyss.
Reglar for skyss t/r Ebbesvik er sjølvsagt ikkje endra som følgje av ny veg!
Nybygget reiser seg!
Personalfløyen (det nye B-bygget) har fått tak! Klasseromsfløyen
(A-bygget) får grunnmuren på plass i dag!
10.09.10
Innhenting av personnr. frå foreldre, sjå under 02.09.:
Det har vore litt spørsmål om bruken av slike opplysningar. Dei vil berre
blir brukt i høve til påloggingsprosedyrar som vi ventar vil koma, særleg i
samband med bruk av It's learning i første omgang. Det er sjølvsagt frivillig
om føresette vil nytta seg av dette.
Skjemaet er no i html-format og såleis tilgjengeleg for dei som brukar andre
nettlesarar enn Microsoft sin.
Arbeid med anti-mobbeplanen (revisjon):
Du finn ZERO-planen vår under menyen t.v. Vi er inne i den årlege
revisjons-perioden. Dersom du har innspel her, er vi takksame for
tilbakemelding! Det er viktig også i heimen å ta opp med elevane kva mobbing
er og korleis vi handterer dette. Særleg viktig er det for føresette å
melda frå til skulen ved mistanke om mobbing! Samstundes må ein vera merksam
på at handlingsrommet vårt avgrensa til skulen.
02.09.10
Registrering av data i samband med nytt påloggingssystem i skulen:
Kommunen vår er no klar til å bli med i det nasjonale systemet for
pålogging til ulike tenester, for det meste i skuleverket. For å få dette til
må alle føresette/elevar registrera peronsopplysningar på skjemaet som du
finn lenke til her: Skjemaet fyller du ut elektronisk,
skriv det ut, signerer det og sender det til skulen innan neste fredag, 10.09. i
lukka konvolutt! Trykk tilbakestill før du går ut av sida. Les
meir om dette systemet (FEIDE) her.
31.08.10
Gjengløymt tøy:
Korga med tøy er full for lengst. Ber om at foreldre som saknar tøy, kjem
innom og går gjennom det som er att-gløymt. Neste veke vert det som ikkje er
teke med, samla og sendt til trengande.
27.08.10
Skuleskyss:
Vi meiner no å ha fått med tilbod til alle elevar som skal ha skyss også
i samband med anleggsarbeidet langs vegen frå Svingen og til Storskaret. Viser
her til revidert utgåve som kom i ranselpost og datert 18.08.10 til alle
elevar. Denne utgåva finn du her.
Det er også å merka seg at bussen frå Straume terminal kl 08.05 likevel går
via Lonavegen/Idrettsvegen, og ikkje fylkesvegen, slik det står under 19.08.
Skulen har ikkje kapasitet til å følgja dei største elevane til bussen. Vi
ber om at føresette innprentar reglar for korleis ein oppfører seg i det
offentlege rom, både før bussen går og på bussen!
FAU-møte 24.08.10:
Referat finn du her!
19.08.10
Skulestart i nydeleg sommarver:
Vi har i dag teke mot 41 forvetningsfulle og spente 1.klassingar! For oss på
skulen er dette ein stor dag! Elevane fordeler seg på 1A, 18 elevar, og
1B, 23 elevar. Vi gratulerer alle foreldre med dagen!
Skuleskyss dette året:
Viser her til eige vedlegg som du finn her (NB: Ny utgåve
under 27.08. Lenka er gjort ugyldig no). Dette er sendt med elevane som ranselpost også i dag. Rutebussen frå Straume
terminal om morgonen kl 08.05 stansar på buss-stoppet ved Svartabergjet
på veg ned, men går ikkje om Instamyra/Lonavegen. Viser til rutene til
Tide/Skyss. http://www.skyss.no/nn-no/Rutetider-og-kart/bussruter/Sotra-og-Oygarden/
Skuledagen endra for 5.-7.kl:
Viser til tidlegare info og minner om at 5.-7.klasse dette året tek til med
skuledagen kl 08.25, og dei er ferdig kl 13.55 måndag, torsdag og fredag, medan
dei går til kl 13.00 tysdag og onsdag.
3.-4. klasse startar som før kl 08.55 og er ferdige kl 14.25 måndag, torsdag
og fredag, tysdag kl 12.35 og onsdag kl 13.30.
1.-2. klasse startar som 3.-4. klasse, kl 08.55. Slutttid for desse to klassane
er kl 13.30 måndag, kl 12.35 tysdag, kl 13.30 onsdag, torsdag og fredag.
Grunnen til at vi må leggja om slik, er den svært avgrensa uteplassen vi vil
ha i den tida det tek å få rehabilitert skulen med forlenga A-bygg og nytt
B-bygg.
10.08.10
Velkommen til nytt skuleår!
Skulestart hausten 2010:
Skulen startar torsdag 19.08. kl 08.55 for alle klassar. Merk at dette er
ein dag seinare enn kommunen elles grunna omdisponering av ein planleggingsdag.
Viser her til skuleruta som du finn under menyen til venstre.
Rehabilitering/ombygging:
Alt grovarbeid i høve til riving, boring og sprenging skal vera unnagjort
før elevane kjem torsdag. Området for anlegg er gjerda inn og det er ikkje lov
å gå innafor gjerdet.