SKULEHELSETENESTA VED BRATTHOLMEN SKULE
Skuleåret 2011/12
Helsesøster heiter Louise
Armond. Ho
har kontortid om torsdagen mellom kl 08.30 og 14.30 på skulen (Helsesøster-rommet). Direktenr.
er førebels ikkje tilgjengeleg, men vert 55 09 75 06 etter kvart.
Helesøster kan nåast på skulen sitt hovudnr. 55 09 75 00 eller på mobil 954
80 529.
Skulelege er .......... (ikkje kjent per 21.09.11)
Skulehelsetenesta oppfordrar
foreldre/føresette til å gje melding til skulen om smittsame sjukdommar (vannkoppar, kyssesykje, røde hunder
osv.) Tiltak må då setjast inn for elevar med svakt immunforsvar.
Skulehelsetenesta er, som ordet seier,
oppteken av skule og helse. Tenesta følgjer opp elevane i høve til vaksiner og
kontrollar og foreldre/føresette får innkalling når barna skal inn.
Alle kan dessutan ta kontakt med helsesøster dersom det er helserelaterte saker som ein vil ha hjelp med når det gjeld elevane.
For meir detaljar om denne tenesta, sjå
standard info-skriv om skulehelsetensta
her.