SKULELEIING OG ADMINISTRASJON

 

MÅLSETJING FOR ALT ARBEID PÅ BRATTHOLMEN SKULE:

Vi vil at alle som sender barna sine til vår skule skal kjenna seg ivaretekne og lytta til. Så langt det står til oss, vil vi hjelpa deg med alle spørsmål som ligg innafor vårt fagområde. Vi vil elles hjelpa deg og peika på samarbeidspartnarar i Fjell kommune som kan gi hjelp der vårt kompetanseområde sluttar.

 

 

Leiing:

Skulen er leia av rektor, Arne Bjorøy.
Rektor er øvste ansvarlege på skulen for all drift i opningstida mellom klokka 07.00 og 16.30. Rektor kan du venda deg til med det meste.
Inspektør,  Ingunn Kjelby, har som spesiell arbeidsoppgåve å halda styr på vikarsituasjonen.
Rektor og inspektør leiar elles etter prinsipp om teamleiing slik at begge kan kontaktast om dei fleste saker.
Vi vil vera på kontoret normalt mellom kl 08.00 og 15.30.
Dagleg leiar for skulefritidsordninga (SFO) er Margot Eide. For alt som har med dagleg drift av SFO, er Margot rett person.
Du kan nå oss på mail ved å klikka på namna våre, eller ringja oss på:

55 09 75 00

(Det hjelper om du seier kven du er, og kva saka gjeld!)

 

Saknar du noko på heimesida vår, er vi takksame for innspel! 

 

Leiarteamet  (LT):

Leiarteamet utgjer intern leiing på skulen. Rektor leiar arbeidet i LT.
Skulen er delt inn i fire lag eller team slik:

1.
- 4. klassane =  Team 1
5. – 7. klasse = Team 2

SFO = Team 3

Teama er leia av ein teamleiar som sit i leiarteamet.

I leiarteamet sit og ein tillitsvald.

 

Administrasjon/ekspedisjon:

Alle ekspedisjonssaker av administrativ art kan du venda deg til kontoret for å få hjelp med.
Det gjeld saker som har å gjera med skuleskyss, tapt skulereisekort, melkeordning/skulefruktordning, søknadspapir, søknadsfristar, skulerute, ulike rutinar osv.
På kontoret har vi:  Aud Svidal .

Henne treffer du slik: Kl 08.00 - 15.30

 

Vedlikehald og reinhald:

Skulen rår ikkje over vaktmeister- eller reinhalds-tenester. Desse tenestene er kommunale med ambulerande vaktmeister som kjem til oss ein ettermiddag kva annan veke, og reinhaldpersonale som er administrert frå rådhuset.