SKULESKYSS

For sentrale reglar, sjå reglar frå fylkeskommunen her.
Fjell kommune har også skyss-reglar. Dei finn du her.

Avvik (dvs om bussen ikkje kjem/hendingar på bussen) skal meldast direkte til Tide på tlf. 56 32 35 40.

Reglar for skuleskyss og offentleg støtte:

1.      Alle 1. klassingar med meir enn 2 km skuleveg har rett på fri skyss. (Sentralt reglement, sjå lenke over). Dette gjeld 1. klassingane som bur i Straume-området og Ebbesvik. Kommunen er pliktig til å ha skyss for desse elevane.

2.     2. – 4. klasse har i Fjell kommune skulereisekort mellom 2 og 4 km. Kortet kostar 50 % av barnebillett.

3.     Elevar frå 5. klasse betaler barnebillett.

 

Dersom eleven misser busskortet sitt, må dette meldast til skulen snarast.

Til vanleg vil eleven få kort innan eit par dagar.

I "ventetida" må eleven rekna med å betala vanleg barnebillett på bussen, men skulen gir eleven eit mellombels brev med stadfesting på at han/ho har betalt. Tide godtek dette til vanleg.

 

For tidene for skuleskyss, oppslag på heimesida tidleg i skuleåret.