Skulen Barnehagen SFO Personalet Klassane Planar Råd og utval Gjestebok

Framsida

1. klasse 2. klasse 3. klasse 4. klasse 5. klasse 6. klasse 7. klasse SFO

 

Attende til klassesida

 


FLØYEN-TUR



 

Fredag 01. juni var det duka for årets siste bytur både for 1. klasse og faddrane i 6. klasse. Vi hadde håpa på eit strålande fint ver, i alle fall hadde vermeldinga lova oss det, men det såg ikkje heilt lyst ut på morgonen. Det var nok regndropar i lufta heile dagen, men temperaturen var ganske høg så vi merka ikkje så mykje til at det draup litt frå skyene.

Bussen henta oss på skulen og kjørte oss til festplassen. Første stoppet vårt var den blå steinen. Vi måtte utforska litt det vi såg på vegen. Vi måtte ein tur over fisketorget der vi såg både krabbar, breiflabb og ikkje minst skinn frå daude dyr som bjørn, sel og reinsdyr. Då vi kom opp til Fløibana var vi ikkje åleine som skulle på Fløyen. Fleire turistbussar var allereie komen og køane var litt lange. Dei smeit seg til og med i køen, men vi kom oss no endeleg inn på Fløibana og følgte "Blåmann" heile vegen til topps.

 

På toppen var det forandra seg litt sidan sist nokre av oss hadde vore der. Litt flottare utsiktspunkt. Vi gjekk bort på leikeplassen og koste oss ei tid der. Etterpå skulle vi gå vegen ned att. Første stoppet var på Skansemyren. Her blei det litt volley-ballspeling. 6. klasse var kjempeflinke og lærte nokre av 1. klassingane å spele òg. Etterpå gjekk vi bort på hinderløypa som ligg der og der fekk både liten og stor ta seg ut.

 

Tida den fauk, og klokka gjekk nesten i frå oss. Før vi sette nasa heimover att hadde ein av lærarane kjøpt jordbær som vi kosa oss med. Vi hadde ikkje mange minuttane på å koma oss ned att og attende til bussen. 1. klassingane var ganske utkjørt då dei kom fram til bussen, men var ved godt mot. Vi hadde ein veldig fin dag saman!


                      Her ser du litt glimt frå turdagen vår:

          

          

          

          

          

          

          

          

                      

                                            

          

          

          

          

                      

                      

          

                       

          

          

          

                                

          

          

          

          

          

                       

          

          

                                          

                    

          

                      

           

   

Ekerhovd Oppveksttun
vevmeister: Bjørnar Fjellhaug

Sist oppdatert: 26.11.2010
Du er besøkjande Hit Counter