|
| 

|
Onsdag 26. april var vi invitert på kyrkjevitjing i Fjell
kyrkje. Vi tok bussen frå skulen kl 0850 og skulle vere i
kyrkja fram til kl 1200. I kyrkja blei vi teken i mot av
Anne (kyrkjelydspedagog), Terje (prest) og Gerd (kyrkjetenar).
Dei fortalte om det spennande opplegget vi skulle få vere
med på denne dagen. Vi fekk eit eige hefte med mange
spennande oppgåver og vi skulle vere detektivar i kyrkja. Vi
lærte veldig mykje om kyrkja og det som skjer i kyrkja. Vi
fekk vere oppe i tårnet der klokkene er, vi var i
dåpssakrestiet og var framme i koret der vi bl.a. blei kjend
med det presten gjer i kyrkja. Seinare kom også Olav
(organist) og spelte orgel for oss. Det heile vart avslutta
ved at vi var på gravplassen og såg på gravene. Det var ein
svært spennande dag og vi koste oss mykje. Noko som var
ganske rart, det var at eit skåp i kyrkja hadde vore
syltetøyskåp heime hos besteforeldra til Lars Hermann før
dei hadde gjeve det til kyrkja. Her ser du nokre glimt frå
dagen vår i Fjell kyrkje.






|
|