|
| 

|

På fredag og i dag, tysdag (02. mai) har vi laga sluser i
klassen. Dette gjorde vi ved å bruka to 1,5 l flasker som vi
skar av toppen på. Deretter laga vi hol nedst i flaska og
sette eit sugerøyr i mellom. Etterpå fylte vi vatn i den
eine flaska og såg då om vi fekk fylt opp den andre flaska.
Vi arbeidde saman to og to og alle gruppene fekk slusene til
å verka. Her ser du nokre bilete:





På Wikipedia
kan du lese meir kva ei sluse er for noko.
Denne slusa er frå Panamakanalen.

Eit av emna vi har arbeidd med i NSM i det siste er "Ei
reise langs elva". Fredag 21. april fekk vi i oppgåve å lage
bruer. Vi fekk kun nytta papir og teip. Brua skulle ligge
mellom to pultar og kunne bere flest mogleg målarskrin.
Dette gjorde at vi blei svært engasjert og var inndelt i
grupper som konkurrerte mot kvarandre. Vi oppdaga at vi var
nødt til å laga bruene sterke og solide for at dei skulle
kunne bere flest mogleg målarskrin. Den sterkaste brua
klarte å bera 23 målarskrin. Det var kjekt!! Her ser du
nokre bilete:

%20av%20Brubygging%203.%20klasse%20april%202006%20007.jpg) 
I NSM har vi tema "Frå liten til
stor". Vi har lært om kroppen vår, korleis vi vert til og
utviklinga frå vi er liten til vi blir mykje større. Vi har
også teikna oss sjølve i full storleik og det kan du sjå
glimt av på bileta under.






 |