|
| 
Hausten 2006

|
Vikingprosjekt
Denne
hausten har 6. klasse hatt om vikingtida. Vi har hatt ein
liten ”storyline”. Elevane har på ein måte fått delteke litt
i vikingtida sjølv. Dei laga figurar og lærte dermed korleis
mann og kvinner gjekk kledd i vikingtida. Vikinggarden vart
laga i pappmasje med mjølkekartonghus og vikingskip i leire.
Det heile vart avslutta med ein vikingfest i gymsalen der
det vart servert vikingmat i form av heimelaga flatbrød og
smør, spekemat og røkt fisk. På festen hadde vi òg
aktivitetar som bryting og handbak. Fleire av elevane var og
utkledd som ekte vikingar denne dagen.







 |
|