Stjerne med 8 tagger: Ekerhovd Oppveksttun  - Barnehagen sin årsplan
Skulen Barnehagen SFO Personalet Klassane Planar Råd og utval Gjestebok

Framsida

Årsplan            

Tilbake til barnehagen

 

 

Bildeforklaring formet som et avrundet rektangel: ”Ekerhovd barnehage -  ein trygg stad 
å vere,
ein god stad 
å lære!”

 

 

 

 

 

 

 


 


 

 

 

Tekstboks:  
INNLEIING:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kunnskapsdepartementet har 1.mars 2006 med heimel i §2 i lova fastsett forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Forskrifta gjeld frå 1. august 2006. Rammeplanen gir retningslinjer for verdigrunnlaget, innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Alle barnehagar skal byggje verksemda si på verdigrunnlaget og innhaldet i barnehagelova og på internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, mellom anna FN sin barnekonvensjon.

 

Årsplanen har to viktige funksjonar:

Ø      Eit grunnlagsdokument for personalgruppa som enkeltindividet og som team, samtidig skal den vere eit utgangspunkt for samarbeid med foreldra. Han skal medverke til å styre og vurderer det som går for seg i barnehagen og andre interesserte.

 

Ø      Han skal gje konkret og profesjonell informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen til barnehageeigarane, politikarane, tilsette i kommunen, samarbeidspartnarar til barnehagen og andre interesserte.

 

Vi vonar planen kan fungere som eit godt handlingsgrunnlag for arbeidet som vert utført blant/med barna i vår barnehage. Vi ønskjer også å fange inn augeblink. Somme tider har dei behov, opplevingar og interesser som kan gå heilt på tvers av eit planlagt opplegg / emne. Det kan også vere hendingar i barnet sitt liv utanom barnehagen som treng bearbeidast, og som barnehagen kan støtte opp om.

 

Avrundet rektangel: Oppveksttunet vårt skal vere ein trygg og triveleg stad som tek vare på og vidareutviklar det beste i oss. Leik og læring skal skje i naturen, i lokalmiljøet, i heimen, i barnehagen og i skulen.

  

 

 

 

 

Tekstboks:  
BEMANNING:

 

 

 

Styrar: Willy Tangen

Assisterande styrar: Bente Turid Tøsse

Assistent: Bodil Aleksandersen

Assistent: Liv Hanne Tangen Nygård

Assistent: Henny Alice Alrek

Assitent: Cecilie Skorpholm

 

Læring

Ansvar

Trivsel

Tryggleik

Empati

    Respekt

 

Tekstboks:  
FORELDRE- OG PESONALSAMARBEID:

 

 

 

 Formålsparagrafen til barnehagen forutset eit samarbeid med heimen.

Foreldresamarbeid er eit samarbeid mellom personalet og foreldra om barnet, og om opphaldet til barnet i barnehagen. Vi ønskjer ein open foreldrekontakt der begge partar er trygge på kvarandre slik at vi kan ta opp ting undervegs. Vi skal saman oppdra barna og må difor utveksle meiningar og erfaringar. Foreldresamtalane gir oss høve til gjensidig informasjon om barnet. Desse vil bli haldne når som helst på året for dei som ønskjer det.

Det vil dessutan vere felles foreldremøte to gonger årleg. Dette gjer oss høve til å informere om det daglege arbeidet og elles ha ulike tema.

 

 Personalsamarbeid: I ein barnehage med ei avdeling, der barna går heildag eller på deltid, blir dagane svært krevjande. 18-20 barn er i barnehagen i løpet av veka. Det setter krav til fleksibilitet og evne til  tilpassing av medarbeidarane.

Vi har personalmøte ein gong for månaden der spørsmål og saker av pedagogisk art blir tekne opp (kveldstid).

  

  

 

 

 

 

 

 

Tekstboks:  
KVALITETSARBEID:

 

 

 

 Vi vil påstå at den viktigaste ressursen i barnehagen er personalet som arbeider der. Deira faglege og menneskelege ressursar, deira evne og vilje til å ”dra lasset” saman, kan på ingen måte erstattast av materielle ressursar. Gjennom eit ope samarbeid prøver vi å utfylle kvarandre og arbeide etter felles mål - og å samlast om innhald og metodar.

 

Barnehageseksjonen i Fjell kommune arbeider med ein mål- og strategiplan for kommunale barnehagar for 2007 – 2009

 

Avrundet rektangel: Visjonen er:
 ” Ein viktig medspelar for ein god barndom ”
 

  

 

 

Hovudmål for 2007 – 2009:

Kommunale barnehagar skal vere:

Helsefremjande og etterspurde barnehagar, i front på fagleg utvikling, med mangfald og godt omdømme. Barna sin trivsel, utvikling og medverknad skal ha hovudfokus.

 

Ein måte å oppfatta barna sin rett til medverknad er å seia at kvart barn har rett til å erfare at deira stemme blir tatt på alvor, og har verknad i fellesskapet.

Når barna uttaler seg om livet i barnehagen, må dei vaksne forholda seg til det barna fortel. Det vil gje dei tilknyting og fellesskap, og dei kan sjå at dei kan påverke og utøve sine tankar og meiningar.

 

Samtidig vert det peika på det at barns medverknad skal integrerast i arbeidet med dei ulike fagområda i rammeplanen.

 

I følgje Rammeplanen er barnehagen plikta til å arbeide innanfor sju fagområde. Barnehagen ønskjer å arbeide utifrå beviste målsetjingar med desse sju områda:

  

1. Språk, tekst og kommunikasjon:

Barnehagen ønskjer her å fremme og vidareutvikle språket til barna, samt å stimulere forteljegleda. Vi vil difor stimulere til samtale / dialog mellom barn, samt bruke ein del rim, reglar og leik med ord. Vi vil også bruke ein del folkeeventyr og sidan stimulere til dramatisering

2. Kropp, rørsle og helse.

Barnehagen ønskjer å utvikle kroppsmedviten til barna gjennom fysisk aktivitet. Gjennom dette styrkar ein også grovmotorikken til barna samt gruppefølelsen deira. Dette vil vi gjennomføre ved å gå turar i forskjellige terreng, samt at vi brukar gymsalen på skulen.

 

3. Kunst, kultur og kreativitet.

Under dette fagområdet kjem drama, forming og musikk.

Vi ønskjer at barna gjennom desse fagartane vil utvikle sjølvstende og forbetre finmotorikken. Dette vil vi gjere gjennom allsidig bruk av materialar og uttrykksformer, samtidig som kulturarven vår blir formidla.

 

4. Natur, miljø og teknikk:

Barnehagen ønskjer å gje grunnleggjande kunnskap om naturen, samt å utvikle respekt og forståing for naturen og årstida.

Vi vil difor følgje årstidene og utnytte dei moglegheiter dei har å tilby, samt at vi vil besøke nærmiljøet og bruke naturressursane der.

Men også personalet sitt engasjement og evne til spontanitet er viktig. Ein må nytte seg av augneblinken sine høve. Aktivitetar av den sorten kan vere vanskeleg å planleggje. Tid er eit nøkkelord. Vi har mange barn som krev mykje omsorg og hjelp, men vi vonar at vi skal ha høve til å vere på tur, korte eller lange turar, så ofte som mogleg.

 

5. Etikk, religion og filosofi:

Barnehagen følgjer den kristne formålsparagrafen og tradisjonar innanfor kyrkjeåret. Barna skal lære seg å respektere det mangfald som er representert i vårt samfunn.  Dette gjer vi gjennom samtalar, forteljingar, historikk samt tradisjonsrik feiring.

 

6. Nærmiljø og samfunn

Barnehagen skal bidra til at barn møter verda utanfor familien med tillit og nysgjerrigheit, barna skal få medvirke og utforske nærmiljøet sitt. Dei skal få erfare at alle menneske inngår i og bidrar til barnehagen sitt fellesskap, og bli kjent med og delta i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet.

 

7. Tal rom og form

Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen skal bidra til at barna opplever glede over å utforske og leike med tal og former, og tilegne seg gode omgrep som er greie å

bruke. Dette vil vi gjere  gjennom leiken, til dømes gjennom spel, eventyr, klossar, rim og regler.

Tekstboks:  
LEIKEN:

 

 

 

 

 

Den viktigaste reiskapen i barnehagen for å nå barna, er leik.

 

-         Gjennom leiken utviklar barna fantasi og språk.

-         Gjennom leiken får barn arbeide vidare med kjenslene sine, opplevingar, inntrykk og kunnskap om verda ikring seg på eigne premissar.

-         Gjennom leik lærer barna seg sjølve og andre å kjenne, dei lærer å vere tolerante overfor kvarandre og vise respekt. Dei lærer å vere saman med andre barn på ein positiv måte.

-         Leiken stimulerer til læring og utvikling generelt. Den trenar konsentrasjonsevna og evna til tenking. Barn lærer praktiske  kunnskapar, normer og verdiar av andre barn og vaksne, samstundes som både fin- og grovmotorikken blir stimulert.

 

Leiken er ofte eit samspel med andre og bidrar difor også til at barna lærer samarbeid og samhald gjennom leiken. Leik og læring er hardt arbeid, så dersom eit barn ikkje er skitne når dei skal heim, gje dei tilbake til oss. Då har dei ikkje leika lenge nok !!!

Tekstboks:

 

Hos oss har vi valt å gje barna mykje tid til å leike, og mindre tid til formingsaktivitetar etc. Vi synest det er viktig å setje tid og gje rom for leiken både ute og inne.

 

 

 

 

 

 

Tekstboks: FAGOMRÅDE VI VIL ARBEIDE 
SPESIELT MED GJENNOM ÅRET:

 

 

 

 REALFAG

 

Vi vil finne ulike teknikkar for å hente og bearbeide informasjon. Vi vil styrke barna si undring gjennom ”learning by doing”.  Til dømes når vi er på tur:

Gjenkjenne, gruppere, og telje naturmaterialar og farger. Inne omgir vi oss med ting som inneheld matematikk, til dømes konstruksjonsleik, spel, teljing, song, rim og regler.

 

SOSIALT UTVIKLINGSARBEID

 

Her vil vi arbeide spesielt med barns medbestemming. Livet er her og no, særleg for barn. La oss ikkje planleggje i hel alt vi skal gjere; er det snø i akebakken, så går vi ut og akar. Snøen er der kanskje ikkje i morgon!

 

Det å vere eit sosialt kompetent menneske er noko som best kan lærast i tidleg barndom. Ved å ha ei positiv oppleving av seg sjølv, aukar barnet sin evne til å vere eit empatisk menneske.

 

 

 

Tekstboks:  
SJÅ OG BLI SETT:
Tekstboks: Det eg høyrer, det gløymer eg.
Det eg ser, det hugsar eg.
Det eg opplever, det forstår eg.
Det eg gjer sjølv, det kan eg!
 

  

 

 

 

 

 

  

 

 

 

 Opplegget i barnehagen skal gje barn eit mangfald av opplevingar og erfaringar slik at dei får høve til ei allsidig personutvikling

 

Her i Ekerhovd oppveksttun ønskjer vi å vektleggje at:

Kvart menneske er unikt, og barnet skal sjåast som eit sjølvstendig individ med eigne verdiar. Barn og vaksne skal handsame kvarandre med gjensidig respekt, og det at vi er ulike skal sjåast som ein stor rikdom for fellesskapen.

 

Personalgruppa i barnehagen har definert ordet pedagogikk. For oss betyr det noko så enkelt som barneoppdraging. Ein pedagog er ein oppdragar. I det vektlegg vi mellom anna overføring av normer, verdiar, respekt, toleranse og ikkje minst omsorg og trivsel.

Vi ser på barna sine gleder meir enn på kva dei presterer. Når gleden og trivselen er på plass – då kjem også prestasjonane og læringa.

 

Erfaring seier/viser at barna ikkje lærer meir enn det dei er trygge til. Dei må kjenne seg verdifulle og verdsett. Dei må vidare kjenne  at nokon bryr seg om dei som dei individa dei faktisk er.

 

Difor meiner vi det er vår oppgåve som oppdragarar både heime og i barnehagen å gi barna ein god start på livet gjennom ein kvardag fylt med omsorg, humor, kjærleik, forståing og trivsel: Med andre ord sjå dei, høyre dei og vere med dei.

Alt går føre seg ut frå barna sine føresetnader og dagsform. Men, vi presiserer at vi ikkje snakkar om fri barneoppdraging, men om ei verd der vaksne og barn har gjensidig respekt for kvarandre.

 

Tekstboks: Avrundet rektangel: ”- Ein pedagog er eit menneske med kunnskap om måten til å kunne omgå andre menneske (barn) i forholdet SINN TIL SINN.
 
- Det handler kort sagt om ein sendar og ein mottakar.”

 

 

 

 

 

 

 

  

 

Tekstboks:  
MI – PEDAGOGIKK – TEORIEN OM DEI MANGE INTELLIGENSANE
 

 

 

MI- pedagogikk er ein pedagogikk som vi bruker i vårt arbeid med barna. Den bygger på Howard Gardner, professor ved Harvard University i USA. Hans teori er at det ikkje finns ei menneskeleg intelligens, men åtte.

Vi vil i vårt daglege arbeid med barna sette fokus på å styrke barnet sine svake sider/intelligensar via dei sterke. Vi tar utgangspunkt i kva barnet kan, framfor å fokusere på det dei ikkje kan, med det formål å styrke barnet sin eigen verdi.

 

 

 

 

 

 

 

PERSONLEG INTELLIGENS

·         Evne til å forstå eigne

kjensler og hensikter.

·         Individualisten

 

SPRÅKLEG INTELLIGENS

·         Evne til å beherska språk, og bruka det som støtte til å hugsa informasjon.

·         Ordkunstnaren.

SOSIAL  INTELLIGENS

·         Evne til å forstå andre sine kjensler og hensikter.

·         Den sosiale.

 

LOGISK - MATEMATISK INTELLIGENS

·         Evne til å oppdaga mønstre, tenka logisk og ressonera.

·         Den nysgjerrige.

KROPPSLEG - KINESTETISK INTELLIGENS

·         Evne til å uttrykka seg med kroppen, balansera, og kontrollera kroppen.

·         Den fysisk aktive.

 

VISUELL - ROMLEG INTELLIGENS

·         Evne til å skapa og bruka fantasien, hugsa bilete betre enn ord, og bruka kart.

·         Den visuelle

NATURALISTISK INTELLIGENS

·         Evne til å forstå naturen sine kreftar og forstå naturen si påverknad på menneska sine livsvilkår.

  • Systematikaren.

 

MUSIKALSK INTELLIGENS

·         Evne til å gjenkjenna og skapa musikk.

·         Musikkelskaren.

Tekstboks:  
DAGLEGE GJEREMÅL:

  

 

 

Ein stor del av dagen i barnehagen går med til daglege gjeremål som er viktige med tanke på læring og omsorg. Eit overordna mål med desse aktivitetane er at barnet skal bli mest mogleg sjølvhjelpen og der igjennom få styrke sjølvkjensle /-tillit.

Vi har difor sett opp mål for dei daglege gjeremåla.

 

 

RUTINAR/

SITUASJONAR

HANDLINGSMÅL

DUGLEIKSMÅL

KUNNSKAPSMÅL

 

Garderobe/

påkleding

 

Få kjensle av å meistre påkleding. Bli møtt med ei positiv haldning.

Hjelpe kvarandre.

Øve seg i å kle seg sjølv (knyte sko, kneppe knappar).

Halde orden på plassen sin.

Trening i omgrep.

Kunnskap om kva dei skal kle seg med omsyn til årstida.

 

Rydding

Ta vare på bøker, materiell og leiker.

Hjelpe kvarandre.

Lære å ta ansvar for rydding.

Trening i bli sjølvstendig, og til å samarbeide.

Systematisering/

kvar ting har sin eigen plass.

 

Hygiene/ dogåing

Lære gode vanar.

Vaske nevane sine sjølv.

Greie dosituasjonen sjølv.

Lære om god hygiene for å ta vare på helsa si.

 

Måltid

Innordne seg i fellesskapen.

Positivt sosialt samvær.

Starte på likt.

Vente på tur (bordskikk). Dekke/rydde av bordet.

Handtering av bestikk.

Lære om at dei ulike matrettane.


 

 

Tekstboks:  
TRADISJONAR:

 

 


 

September

Oktober

November

Pølsefest med SFO.

I barnehagen

 

 

 

Tekstboks:

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Haustfest.

Vi feirar markens grøde

 

 

Tekstboks:

 

 

 


 

Tekstboks:

  

Foreldrekaffi med sal av kakar og brus, der

pengane går til ulike hjelpetiltak for

vanskeleg stilte barn.

 

Tekstboks:

 

Trollfest på skulen sitt uteområde (parken) med SFO

 

Desember

Januar

Februar

Luciafeiring den 13.

 

Kyrkjebesøk

 

Nissefest

 

Sending av julekort

Tekstboks:

 

 

 

 

 

 

 


 

Skidag/akedag

(avhengig av snø)

Tekstboks:

  

Tekstboks:

 

Karneval

 

Mars/April

Mai

Juni

Påskefrukost

 

Påskevandring i kyrkja

 

 

 

 

 

Tekstboks:

  

Rosaruss-aktivitetar. Vi ønskjer at dei barna som skal ta til i skulen skal få ha si eiga markering ved å vere rosaruss og alt det som  høyrer til denne

feiringa.

17.-mai feiring

Tekstboks:

 

 

 

 

 

 

 


 

Fast aktivitetsdag med

1. klasse

 

Sommarfest

 

Tekstboks:

 

Tekstboks:

 

Hyttetur (russetur)

 

 

 

 

Tekstboks:  
VURDERING AV ARBEIDET I BARNEHAGEN:

 

 

 


 

                       

 

Vi i personalet ønskjer å vere i stadig fagleg utvikling. Vi vurderer heile tida ulike deler av verksemda vår og hjelper kvarandre med tilbakemelding og synspunkt. Vurderinga går føre seg på personalmøte og planleggingsdagar. På foreldremøtet på vårparten, blir det tatt opp i plenum positive/negative tilbakemeldingar på året som er gått.

 

Vi har fokus på dokumentasjon gjennom daglege referat (sjå tavle i gangen), og ofte nye bilete (sjå tavle inne på avdelinga) frå aktivitetar og morosame augneblink. Det blir også skrive eit lite referat på baksida av føregåande månadsplan.

 

Barna har kvar sin perm som det vert samla teikningar i, vi limar inn bilete, samlar gode historier og tekster i høve til barnet sine ulike utviklingsområde.

 

 

Tekstboks:  
AVSLUTNING:

 

 

Vi ser på aldersgruppa 0 – 6 som ei viktig fase i livet. Det er mykje som skjer i denne perioden. Det er de foreldre som har hovudansvaret for oppsedinga, og vi ønskjer å vere gode støttespelarar for dykk i denne fasen og ta godt vare på barna som har tilbod hos oss.

                  

Tekstboks: Pil venstre:     Vi ser dei.
   Vi høyrer dei.
   Vi er med dei.

 

 

  

 

 

 

 

 

Ekerhovd Oppveksttun
vevmeister: Bjørnar Fjellhaug

Sist oppdatert: 26.11.2010
Du er besøkjande Hit Counter