|

Veke 14
hadde vi påskevandring på småskulesteget. Denne veka
skulle vi bli betre kjend med det som hende i påsken.
Kvar dag starta vi med ei økt i gymsalen der vi blei
betre kjend med det som hende dei ulike dagane i
påskeveka. Deretter var vi samla i grupper frå 1.-4.
klasser der vi laga noko i tilknytnad til det vi hadde
høyrd om. Vi laga bl.a. ei plomsterpotte som vi
dekorerte med motiv frå påskedagane. Vi laga kors,
påskelilje, påskefugel og påskebok der vi skreiv kva som
hende. Måndag starta vi med palmesøndag, tysdag hadde vi
skjærtorsdag, onsdag hadde vi langfredag og torsdag
hadde vi påskedag. Det heile vart avslutta med
påskelunsj i gymsalen på fredagen. Det var ei svært
spennande og kjekk veke vi hadde saman.













|