|
ORDENSREGLAR VED
EKERHOVD OPPVEKSTTUN
Vedtatt i Samarbeidsutvalet 2/2-2006
Ø
Vi er
venlege, høflege og hjelpsame og viser omsyn og respekt for
kvarandre.
Ø
Vi
møter presis til timane og sørgjer for arbeidsro.
Ø
Vi
tek godt vare på alt som høyrer skulen til og steller pent
med skulebøker og undervisningsmateriell. Vi har god orden i
skulesakene, på klasseromma, i gongane og elles på skulen
sitt område.
Ø
Tobakk, alkohol og andre rusmiddel er skadelege og absolutt
forbode.
Ø
Vi et
sunn mat i skulekvardagen og brukar til vanleg ikkje snop og
tyggegummi.
Ø
Vi
skal kunne vere ute i all slags vêr og vi kler oss deretter.
Ø
Vi
har lov til å nytte sykkel, løpehjul o.l. til og frå skulen
frå 5. klasse. Desse må vere i forsvarleg stand. Vi må
følgje trafikkreglane, bruke hjelm og refleks når det er
mørkt.
Ø
Vi
brukar ikkje mobiltelefon på skulen.
Ø
Farleg leik med gjenstandar som til dømes knivar, våpen og
pinnar er forbode. Vi kastar snøball mot tilvist blink.
Ø
Vi er
til vanleg ute i friminutta, ikkje i gangane eller på
toaletta. Vi held oss på skulen sitt område.
Dersom vi ikkje følgjer reglane, kan skulen reagere
slik:
Ø
Tilsnakk / samtale. Eleven har rett til å uttale seg.
Ø
Inndraging av friminutt.
Ø
Munnleg / skriftleg melding til heimen.
Ø
Møte
før vanleg skuletid / attsitjing.
Ø
Bortvising frå skulen for enkelttimar eller for resten av
dagen.
Ø
Skulen kan krevje erstatning og at eleven ryddar etter seg.
Ø
Ta
inn til oppbevaring ulovlege gjenstandar (mobiltelefonar,
rusmiddel og farlege leiker blir inndradd og må hentast på
kontoret av foreldre/føresette).
Ø
I
mobbesaker gjeld handlingsplan mot mobbing.

|