|
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING FOR
EKERHOVD SKULE

 
I. Prinsippa for planen:
1.
Substans:
a)
Det bærande prinsippet er førebyggjing.
b)
Avdekking av mobbing.
c)
Problemløysing når mobbing er oppdaga.
2.
Kontinuitet:
Planen må sikre kontinuitet. Han sikrar rutinar og
reglar som vi må følgje opp. Reglane kan bli endra
etter behov. Ekerhovd skule grip fatt i
handlingsplanen kvart år. Den vert drøfta i kollegiet,
FAU og med elevane. Det vert iverksett ei kartlegging av
mobbing på skulen. Dei avtalte tiltaka vert iverksette
for mobbar og offer. Oktober månad er ei høveleg tid
for dette arbeidet.
3.
Ansvar:
Ansvarsforholda er tydelege: Kva gjer klassestyrar,
rektor og foreldra.
MÅL:
ALLE ELEVAR SKAL HA EIT TRYGT OG GODT KLASSE- OG
SKULEMILJØ UTAN MOBBING.
II. Kva er mobbing?
(Kilde: Olweus)
Med mobbing eller plaging forstår vi fysisk og/eller
psykisk vald retta mot eit offer, utført av
enkeltpersonar eller grupper.
Erting er ikkje alltid det same som mobbing.
Mobbing forutset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og
plagar. Nemninga mobbing vert nytta når handlingane går
over tid!
Mobbing er negativ handling over tid.
- Åtferd som har til hensikt å påføre en annen person
skade eller ubehag.
- Kan utførast : fysisk
med ord
grimasar, gestar
utestenging
Direkte mobbing:
med forholdsvis opne angrep på offeret. Ofte eit fenomen
blant gutane.
Indirekte mobbing:
sosial utestenging, isolering. Ofte eit typisk
jentefenomen.
Døme på kjenneteikn mobbar:
·
Har sterk trong til å dominere og undertrykkje andre
elevar, til å hevde seg med makt og truslar og til å få
viljen sin.
·
Er hissige, blir fort sinte, er impulsive og har lav
frustrasjonsterskel; dei har vanskeleg for å underordne
seg reglar og å tolerere hindringar og utsetjingar.
·
Kan vere fysisk sterkare enn klassekameratane, særleg
ofra; er fysisk flinke i leikeaktivitetar, sport og
slåssing (gjeld spesielt gutar).
·
Dei typiske mobbarane vil for eksempel:
Erte (forholdsvis ofte) på ein ekkel måte, håne, bruke
skjellsord mot, herse med, true, gjere narr av,
latterleggjere, skubbe, sparke, slå og øydeleggje tinga
til andre (gjerne fysisk og/eller psykisk svakare)
elevar. Jenter som mobbar bruker vanlegvis mindre
synlege, og meir utspekulerte, indirekte metodar.
Døme på kjenneteikn offer:
III. Førebyggjing:
Forslag til tiltak på…
…skulenivå:
·
Ein må sikre gode samarbeidstilhøve ved skulen. Då
oppnår ein semje i kollegiet slik at vi kan opptre
konsekvent og samstemt overfor elevane. Godt samarbeid
fører også til fagleg utvikling i kollegiet.
·
Skulen sikrar gode rutinar for samarbeid med foreldra.
·
Ein må ha klåre og eintydige reglar for skulen.
·
Skulen må ha konkret tiltaksliste for kva ein gjer når
mobbing vert avdekka.
·
Skulen må ha gode og tilrettelagde friområde for
elevane. Naturen som læringsarena.
·
Skulen må ha gode vaktordningar i friminutta.
·
Fadderordning er ein mogleg veg å gå for å gje dei eldre
elevane ansvar og for å sveise dei ulike aldersstega
betre saman.
·
Skuleavis/bygdeavis med aktive barn og vaksne.
·
Klubbkveldar, fellesturar, aktivitetsdagar og
fellessamlingar.
…klassenivå:
Ein sikrar gode og eintydige rutiner og reglar i
klassen. På den måten ungår ein utprøving og tøying av
grenser. Reglane er så klåre at dei fungerer jamvel om
det kjem vikarar inn i klassen.
Døme på reglar mot mobbing :
1. Vi skal ikkje mobbe andre.
2. Vi skal prøve å hjelpe andre
som blir mobba.
3. Vi skal vere saman med elevar som går
åleine.
(Elevane må få eigartilhøve til desse reglane ved at dei
er med på å utforme dei. )
I tillegg til samværsreglane for skulen: eigne
ordensreglar/samværsreglar for klassen.
·
Elevane føler seg trygge med klåre grenser for åtferd i
klassen.
·
Skape samhald i klassen. Elevane vert sveisa saman i ein
veneflokk. T.d. med ein kosetime i ny og ne, gjerne ein
gong i månaden.
·
Loggbok. Elevane set ord på korleis dei har det på
skulen. Lærar svarer med ein kort kommentar.
·
Elevsamtale. Lærar og elev samtaler om små og store
ting. Minst ei samtale per semester. Eleven får gjerne
eit ark med tema for samtalen nokre dagar i førevegen.
Dermed kan eleven førebu seg i lag med foreldra.
·
Variert undervisning der eleven får oppdage nye sider
hos seg sjølv: Prosjekt, undervisning på tvers av
alderstega, data som arbeidsverktøy, video, naturen som
klasserom med meir.
·
Elevane må få lære å stå framfor klassen for å framføre
dikt, skodespel, forteljing, song, rim og regler
(betring av sjølvtillit/sjølvbilete).
·
Nokre elevar manglar sosial trening. Viktig å lære dei
korrekt framferd slik at dei ikkje skil seg
negativt ut. (T.d. ”step-by-step”-metoden.)
·
Vennskapsliste.
Døme på ansvarsoppgåver for
elevane:
-
Dei eldre elevane kan hjelpe til i undervisninga
hos dei yngste. (høgtlesing, leik o.l.).
-
Henting av post og avis.
-
Plassering av mjølk i kjøleskåpet.
-
Ryddeoppdrag.
Avdekking av mobbing.
I oktober månad kvart år tek skulen opp problematikken
rundt mobbing:
-
Mobbing vert drøfta i personalet og i klassane.
-
Drøfte mobbeproblematikken med klassekontaktane eller i
klasseforeldremøte.
-
Spørjeskjema for heile skulen.
Årvakne
elevar og lærarar følgjer godt med heile året. Foreldra
er obs på fenomenet.
Foreldreansvar
Foreldra har
godt høve til å følgje opp korleis det går på skulen,
Dei kan leite
etter teikn og signal hos eleven på at noko er galt
fatt.
Ved å vise
interesse for veneflokken til barnet, kan foreldra raskt
fange opp signal om utestengjing og liknande.
Foreldra kan gi
tilbod om klubbkveldar, kosekveldar for klassekameratane
til eigne barn (heile klassen eller mindre grupper). Her
kan barn som elles ikkje er så mykje i lag ha det kjekt
saman. Diverse spel som ludo, monopol og kortleikar gjev
ofte meir sosial samhandling enn reine videokveldar.
Turar i skog og
mark er og velkomne. Ein slik kosekveld kan gjerne gå på
omgang hos foreldra.
Foreldra
støttar opp om ulike aktivitetar på skulen. Det er særs
verdfullt å knytte nære band heim - skule.
Det er ope for
foreldre å besøke skulen.
Foreldra har
ofte ressursar som er til nytte i undervisninga.
Foreldre passar
på å ikkje snakke negativt om andre.
IV. Problemløysing når mobbing er oppdaga:
Klassestyrar sitt ansvar
(samtale med skriftleg avtale):
- Samtale med mobbeofferet.
- Samtale med plagarane kvar for seg.
- Samtale med plagarane samla.
(Sjå: Mobbing i skolen, E. Roland og Vaaland s.34)
1.
I samtalane kjem lærar og elevar med konkrete forslag
til problemløysing. Det er viktig at mobbar er aktiv i
denne prosessen. Framlegga vert skrivne ned og er
forpliktande for mobbar.
2.
I prøvetida har lærar nye samtalar med offer og mobbar
for å sjekke korleis det går.
3.
NB! Det er viktig å ta seg god tid med offeret som
ofte slit med skuldkjensle pga. lågt sjølvbilete.
4.
Lærar må og ta på seg arbeidet med å verne om offer.
5.
Kontakte foreldra til dei som er innblanda. Bruke dei
som medspelarar i kampen mot mobbing.
6.
Underrette rektor om konflikten.
NB! Dersom
problema ikkje vert løyst gjennom avtale som over, må
det verte sterkare reaksjonar overfor dei som plagar.
Desse reaksjonane vert gradvis trappa opp.
Konsekvensar for mobbar dersom avtale over ikkje når
fram:
Opptrappingsplan:
1.
Alvorleg personleg samtale med mobbar. Rektor er
og til stades.
2.
Skulen kontaktar foreldra til plagaren.
3.
Alle tilsette på skulen vert orienterte om kva
plagaren gjer.
4.
Åtferda til plagaren vert diskutert i klassen.
5.
Plagaren møter foreldra til offeret saman med
læraren.
6.
Stormøte mellom plagar, eigne foreldre og
foreldra til offeret .
7.
Eleven sit utanfor rektor sitt kontor i visse
friminutt.
8.
Eleven kan sitje ein eller fleire timar i annan
klasse.
9.
Eleven må halde seg saman med den lærar som har
inspeksjon i friminutta.
10.
Eleven får ikkje ta skulebuss i ein periode når
det er snakk om plaging på skuleveg. (Uklårt ansvar
skule/foreldre/busselskap.)
Vedlegg:
Spørjeskjema
Spørjeskjema til elevane om MOBBING:
Du skal ikkje skrive namnet ditt på skjemaet,
ingen skal vite kven som svarer.
Elevar i 3.-7. klasse kan svare på eiga hand. Elevar i
1.-2. klasse får hjelp av klassestyrar.
1.
Gut
Jente
(set kryss)
2.
Kva klasse går du i? ________
3.
Kor ofte har du blitt plaga/mobba på skulen dette
skuleåret?
(set kryss)
Aldri av og til kvar
veke kvar dag
4.
Kor på skulen er det plaginga/mobbinga skjer?
5.
Når på dagen skjer plaginga/mobbinga?
(set kryss)
om morgonen i friminutta i timen i sfo
til/frå skulen i fritida
6.
Kor ofte har du blitt plaga/mobba på skulevegen
dette skuleåret?
(set kryss)
aldri av og til kvar
veke kvar dag
7.
Korleis vert du plaga eller mobba?
stygge ord kallenamn slag/spark
utestenging trussel andre måtar
(beskriv)
8.
Kor ofte har du plaga/mobba andre elevar på
skulen dette skuleåret?
(set kryss)
aldri av og til kvar
veke kvar dag
9.
Kor ofte har du plaga/mobba andre elevar på
skulevegen dette skuleåret?
(set kryss)
aldri av og til kvar
veke kvar dag
10.
Kva gjer du dersom du plagar eller mobbar andre?
stygge ord kallenamn slag/spark
utestenging trussel andre måtar
(beskriv) |