-
GOD SOMMARFERIE!
Vi
ynskjer alle elevar, foreldre/føresette,
samarbeidspartnarar og tilsette ein
riktig god og velfortent sommarferie.
Takk for alt godt samarbeid dette
skuleåret.
24.06.2007
-
Oppdateringar!
Det
vil koma nokre oppdateringar på
heimesida i løpet av veka. Du vil då
finne den nye skuleruta, rosarussen,
personallista, info frå rektor etc. Følg
med!!
24.06.2007
-
Fredag er siste skuledag før sommaren.
Velkomen til siste veka før sommarferien.
Tysdag vert det fellessamling i 2.-3.
time då 3. klasse skal vise skodespelet
sitt: "Kråka Knas" for heile skulen. På
fredag vert siste skuledagen. Då sluttar
alle elevane kl 1210. I 2. time vert det
fellessamling. Då har lærarane ansvaret
og då vert det nok litt innslag.
17.06.2007
-
Fløyentur.
På fredag var
1. og 6. klasse på bytur til Fløyen.
Bileta frå turen kan du sjå
her.
04.06.2007
-
På fredag (01. juni)
vert førskuledag.
Vi gler oss
svært mykje til dei nye 1. klassingane
kjem på førskuledag! Vi trur dette vil
verte ein spennande og kjekk dag for dei.
Velkomne skal DEI vere!
29.05.2007
-
FRIDAG PÅ MÅNDAG!
Minner om at det er fridag på måndag. 2.
pinsedag. 25.05.2007
-
Biletoppdateringar.
Sida til 1. klasse er no oppdatert med
mange bilete. Du kan sjå både
klasseglimt,
turdagar og anna. Klikk deg inn og
sjå. 22.05.2007
-
Kontaktlærarar neste skuleår.
Ser du litt lengre nede på denne sida
finn du kontaktlærararne for neste
skuleår.
21.05.2007
-
Biletoppdateringar.
No er
det lagt ut nye bilete på
4. klasse si side,
6. klasse si side og på
SFO si side. Du
kan bl.a. sjå
søppelprosjekt,
ekskursjon,
Vikingprosjekt og
turdag.
20.05.2007
-
Førskuledag.
Fredag 01. juni vert det førskuledag for
dei nye 1. klassingane som skal byrja
til hausten.
20.05.2007
-
Litt
biletoppdateringar.
No er det
lagt ut litt nye bilete. Du kan bl.a.
sjå frå
påskevandringa på småskulesteget,
påsketuren til Skjenefloren og
Beatles-konserten vi hadde i mars.
29.04.2007
-
På
førstkomande tysdag 01. mai er det
fridag for elevane!
29.04.2007
-
Camilla
Algrim
er tilsett i vikariat for Karoline S.
Hansen.Ho arbeidar for det meste i 5.
klasse.Vi ynskjer Camilla velkomen som
medarbeidar på Ekerhovd oppveksttun.Anne
Haugro fungerer som kontaktlærar for 5.
klasse resten av skuleåret.29.04.2007
-
To
av våre tilsette har fått barn. Vi
gratulerer Maria med Vår som ho henta
heim frå Kina i januar og vi gratulerer
Karoline med sonen ho fekk 17. april.
Han skal heite Bendik. Vi gratulerer frå
heile oppveksttunet!
29.04.2007
-
På
tysdag 24. april er det temakveld for
heile skulen. Tema er: "Førebyggjande
helse" Håpar flest mogleg kjem!!
22.04.2007
-
TYSDAG 10. APRIL KL 0830 ER FØRSTE
SKULEDAG ETTER PÅSKE!! God påske!
-
GOD PÅSKE!!
Vi vil ynskje alle elevar, foreldre og
føresette ei riktig fin påskehøgtid!!
Kos Dykk mykje i ferien!!
30.03.2007
-
NB!NB!NB!NB! TEMAKVELDEN PÅ TORSDAG
AVLYST!
Komande torsdag (22.mars) var det sett
opp temakveld med følgjande
foreldremøte. Dette møtet går ut av
ulike årsaker! Vi satsar på å setja opp
temakvelden over påske. Det vil koma
informasjon om dette seinare. Tema vil
vere: "Førebyggjande helse".
20.03.2007
-
Innskrivingsdag.På
fredag er det innskriving for den nye 1.
klassen. Det startar kl 1230. Vi ynskjer
dei nye elevane velkomen til det første
møtet med skulen.
11.03.2007
-
Bilete frå
karnevalet.Vi
har no lagt ut nokre bilete frå
karnevalet. Dei kan du sjå
her eller ved å gå inn på
klassesidene.
Bilete under viser den flotte
Twist-posesamlinga vi hadde!
07.03.2007

-
Velkomen attende frå vinterferie!
Vi
håpar alle har hatt ein fin vinterferie
og er klar til ei ny arbeidsøkt. Det er
berre fire veker til påske.
05.03.2007
-
FAU-møte.
FAU har møte på torsdag 22. februar.
Innkallinga finn du
her.
Referat frå møtet i januar finn du
her. Elles kan du sjå på FAU si eiga
side under råd og utval.
20.02.2007
-
KARNEVAL.På
fredag vert det karneval for heile
skulen. Vi startar i klassane til vanleg
tid og møte i gymsalen kl 0930. Der held
vi på til omlag kl 1100. Siste time vert
i klasseromma og elevane sluttar til
vanleg tid kl 1210. Foreldre og
føresette er velkomne til å vere saman
med oss i gymsalen frå kl 0930 på
fredag. Klassane har ulike tema for
utkledning. Vi gler oss!
19.02.2007
-
Aktivitetskveld for barnehagen og
1.-3. klasse.
På fredag arrangerer FAU aktivitetskveld
for 1.-3. klasse og barnehagen. Av
program kan nemnast baking,
ansiktsmaling og dans og drama. Kvelden
startar kl 1800 og varar til kl 2000.
07.02.2007
-
Klassesidene oppdatert!
Då er endeleg nokre av klassesidene
oppdatert. Mellomsteget var på
båttur i haust. Bileta frå den kan
du sjå
her. Elles er det også lagt ut
bilete frå
leirskulen til 7.klasse. Dei ser du
her.
29.01.2007
-
PLANLEGGINGSDAG.På
fredag 02. februar er det
planleggingsdag for lærarane. Det er då
fridag for elevane.
28.01.2007
-
Personalnytt!
Maria Minutella gjekk frå årskiftet ut i
svangerskapspermisjon.
Susanne
Sagberg Henriksen
er vart i dag tilsett som ny lærar i
permisjonstida til Maria. Ho er
kontaktlærar for 6. klasse. Vi kan også
nemne at
Hilde Bolstad
er tilsett som kontorsekretær i Rita
Vorland sitt fråvære. Vi ynskjer Susanne
og Hilde hjarteleg velkomne som
medarbeidarar ved Ekerhovd oppveksttun.
19.01.2007
-
GODT NYTTÅR!
Vi ynskjer alle eit riktig godt nyttår!!
Dei beste ynskjer for det nye året til
alle!! Velkomen attende til eit nytt
arbeidssemester!!
04.01.2007
-
Nokre kjem!
Frå nyttår har vi tilsett ny
musikkterapaut. Ho heiter
Sunniva af Geijerstam.
Ho kjem frå ei stilling i Sogn. Vi
ynskjer ho velkomen til skulen!!
Hilde Hamre
har frå nyttår av fått fast stilling som
inspektør ved skulen. Ho har det siste
året vikariert i denne. I og med at
Hilde har rykka opp i fast stilling som
inspektør vart hennar stilling ledig.
Bjørnar Fjellhaug
har det siste året vikariert i den og
har frå nyttår fått fast stilling ved
skulen. Vi ynskjer også dei lukke til i
jobbane!!
17.12.2006
-
Hilde R. og Andrè sluttar!
Hilde Rødland har vore musikkterapaut
hos hos over lengre tid. Ved nyttår
sluttar ho hos oss og vil halde fram i
kulturskulen i Bergen. Andrè van der
Heide har det siste året hatt permisjon
frå stillinga si om inspektør ved skulen.
Han har sagt opp stillinga si og vil frå
nyttår halde fram som inspektør ved
Alvøen skule. Vi takkar begge to for det
fantastiske arbeidet dei har gjort hos
oss og ynskjer dei lukke til vidare.
17.12.2006
-
FANTASTISK
JULEFEST!
Vi
hadde ein fantastisk julefest på torsdag
(14.des) i Foldnes kyrkje. Elevane var
fantastisk flinke! Vi var stolt av å
vere lærar på Ekerhovd då. Bilete frå
festen kan du sjå
her.
17.12.2006
-
forandring!
På
førstkomande torsdag er det
julefestavslutning for heile skulen i
Foldnes kyrkje kl 1800. Då er alle
hjarteleg velkomen. I samband med at vi
skal ha julefest, vert skuledagen
forandra denne dagen. Alle elevane
startar kl 1500 då det går buss frå
Liaskjæret til Foldnes kyrkje. Vi øver
gjennom programmet og kjem også til å ha
litt skuleundervisning innimellom. Vi
trur det kan verte ein fin dag!! SFO er
open frå kl 07.30 denne dagen.
10.12.2006
-
MARKNADSDAGEN!
Takk for ein
flott innsats på marknadsdagen på
fredag. Det var ein kjempeflott dag!
Elevane gjorde ein framifrå jobb med å
selja produkta dei hadde laga og mange
foreldre og føresette var møtt fram. Vi
fekk inn vel kr 12 000 som vert sendt
til Guatemala. Det er knallflott! Bilete
frå Marknadsdagen kan du sjå
her.
09.12.2006
-
MARKNADSDAG.
På fredag (08.desember) vert det
marknadsdag på skulen. Elevane har laga
bl.a. kakemenn, såper, lys, marsipan
m.m. Dette ska elevane selje til inntekt
for eit skuleprosjekt i Guatemala. Alle
er hjarteleg velkomen mellom kl 0930 og
1100. Det vil også vere høve til å kjøpe
mat og drikke.
04.12.2006
-
MARKNADSVERKSTAD.
Denne veka har 1.,2.,6. og 7. klasse
hatt verkstad i samband med
marknadsdagen fredag 08. desember. Dei
har laga mange flotte ting som skal
seljast. Følgjande veke skal 3.-5.
klasse ha verkstad der dei også skal
laga mange fine ting til inntekt for ein
skule i Guatemala.
03.12.2006
-
planleggingsdag.
På førstkomande fredag er det
planleggingsdag for lærarane. Då vert
det fridag for elevane.
06.11.2006
-
Rikskonsert.
På tysdag er
det rikskonsert for heile skulen.
06.11.2006
-
TRIVSELSVEKA.
Vi hadde ei flott trivselsveke førre
veke! Vi hadde gjennom heile veka ulike
aktivitetar og sette fokus på god
trivnad og sunn matpakke. Småskulen
hadde sporløp på onsdagen og det var
svært vellukka. Vi hadde fint ver og 6.
klasse gjorde ein framifrå jobb med å
stå på postar. Torsdag var det
fellessamling som lærararne hadde ansvar
for. Då blei elevane overraska med
"Forelska i læreren" der lærarane stilte
med band, song og dramatisering.
Triveslsveka vart avslutta med fellestur
og felleslunsj i gymsalen på fredag. Det
var ei flott veke og det var mange gode
smil å sjå hos elevane gjennom heile
veka!
30.10.2006
-
Nytt skuleår!!
Torsdag 17. august startar skulen opp
att etter sommarferien. 2.-7. klasse
byrjar kl 0830 og 1. klasse byrjar kl
0900. Vi ynskjer alle elevar,
foreldre/føresette og tilsette velkomen
attende til eit nytt skuleår!!
12.08.2006
-
Vi ynskjer alle ein riktig god sommar!!
Vi takkar for eit godt skuleår! Vi
takkar elevar, foreldre/føresette og
tilsette for innsatsen dette skuleåret
og ynskjer alle velkomen til eit nytt
skuleår 17. august.
28.06.2006
-
På ONSDAG er siste skuledag før
sommaren. Alle elevar går då til
kl 1305.
Vi ynskjer alle ein riktig god sommar!! 18.06.2006
-
6. klasse si side er no oppdatert.
Du finn no
bilete frå
turen som dei hadde for litt sidan.
11.06.2006
-
Oppdateringar også gjort på
SFO si side.
Det er no
lagt ut bilete frå
Trollfesten og frå tur til
turdagar.
Ta ein tur innom og sjå!
11.06.2006
-
No er 4. klasse si side oppdatert.
Det er no lagt ut bilete frå
steinalderprosjektet og frå tur til
akvariet. Ta ein tur innom og sjå!
11.06.2006
-
Ekerhovd oppveksttun har fått ny logo.
Den nye
logoen vil bli nytta på brevpapir etc
framover og vil vera ein kjenning for
skulen vår. Det vil også koma ein ny
layout på heimesida der logoen er med i
løpet av kort tid. Logoen er teikna av
Silje i 6. klasse.
11.06.2006

-
Fredag 02. juni
vert førskuledag.
Vi gler oss
svært mykje til dei nye 1. klassingane
kjem på førskuledag! Vi trur dette vil
verte ein spennande og kjekk dag for dei.
Velkomne skal DEI vere!
21.05.2006
-
Fredag 19.mai
var 7. klasse på
"avslutningsovernattingstur".
Det nærmar seg svært
mykje avslutning for 7. klasse. Dei
føresette hadde arrangert
"avslutningsfest" for 7. klasse og
lærarane på Glesvær. Det vart ei fin
markering og det vert trist at dei snart
skal slutta hos oss og skal vidare til
ungdomsskulen. Vi får nytta godt dei
siste vekene som er att før sommaren.
Bilete frå turen kjem om litt.
21.05.2006
-
Sluser i 3. klasse.
Tysdag
02. mai laga vi sluser i 3. klasse.
Under NSM sida til 3. klasse kan du sjå
bilete frå desse
slusene.
03.05.2006
-
Fellessamling.
Torsdag
27. april hadde vi fellessamling i
gymsalen. 4. klasse var ansvarleg.
Bilete kan du sjå
her.
03.05.2006
-
Fellesutedag til Skjenefloren.
Tysdag
25. april var småskulen på tur til
Skjenefloren. No er det lagt ut bilete
frå turen. Du ser dei ved å trykkja
her.
03.05.2006
-
Rektor sitt hjørne
er no
oppdatert. Les meir om "Sjå og bli sett",
barnehageopptaket, kontaktlærarane neste
år og våraktivitetar.
26.04.2006
-
Klassesida
til
3. klasse
er no
oppdatert. Vi har lagt ut mange bilete
her. Du kan sjå bilete frå
kyrkjevitjinga,
brubygginga og frå
ispyntinga. Ta turen innom og sjå då
vel!
26.04.2006

-
Veka før
påske hadde vi
påskevandring på småskulesteget.
No er det lagt ut bilete frå denne
vandringa. Gå inn på
klassesida og
sjå alt det kjekke vi gjorde denne veka.
26.04.2006

-
Trommesirkel.
Like før påske hadde vi
trommekurs for heile skulen. Bileta finn
du
her.
26.04.2006
-
Velkomen attende frå
påskeferie! Vi håpar alle har hatt ein
fin ferie og fått samla mange gode
krefter til dei siste vekene som er att
før sommaren.
18.04.2006
-
Vi
ynskjer alle ein riktig god påskeferie!
Nyt påskedagane! Velkomen attende til
skulen tysdag 18. april kl 0830.
07.04.2006
-
Tru
det eller ei! 6. klasse gjekk av med
SIGEREN
i finalen av "12-rette" i
helga. Dei sigra over Blomvåg skule og
Stranda skule. Vi bøyer i støvet og
GRATULERER
gjengen med utruleg flott innsats og sigeren
i heile konkurransen. Førstepremien er
på kr 10 000 som klassen må gje
til eit godt føremål.
03.04.2006

-
Vi
gratulerer 7. klasse med god innsats i
kulturmønstringa i helga. Dei gjorde
ein flott innsats og vi er svært
glade for at dei nådde så langt som
dei gjorde. Diverre gjekk dei ikkje
vidare, men gjorde det særs godt
likevel.
03.04.2006
-
I løpet av dei neste dagane kjem
det oppdatering i biletarkivet frå bl.a.
skeisedagen, utedag for småskulen og
"Baron von Himmelvlogens luftige reise."
Følg med!
27.03.2006
-
Bytedagen 21. mars var ikkje noko
stor suksess. Det var svært få som møtte
opp!
27.03.2006
-
Byttedag
på Ekerhovd Oppveksttun 21. mars kl
18-20 i gymsalen.
Du kan følgje lenkja
her
for å finna ut meir om dagen. Vi
klipper ut tekstdelen frå gjesteboka: