|
|
Rektor sitt hjørne
 |
Desember 2007
Gode bygdefolk.

Ny Grendapost betyr igjen litt nytt frå
Ekerhovd oppveksttunet. I skule og barnehage har vi denne
hausten totalt 25 tilsette og 132 barn med stort og smått.
Satsingsområda våre i skulen er Praksisnær
undervisning, Sosial kompetanse og It’s learning.
I barnehagen arbeider vi vidare med Pedagogisk
utviklingsarbeid (MI etc.) og
Estetisk opprusting.
Litt om nokre av
satsingsområda:
Som ein del av utdanningsdepartementet si
satsing på digital kompetanse i skuleverket, har skulane i
Fjell, Sund og Øygarden etablert digitalt klasserom for alle
elevar, lærarar og
føresette.

Til
dette vert læringsplattforma It’s learning
brukt. Dei fleste klassane på vår skule er aktivt i gang med
It’s learning og alle skal vere i gang i løpet av året. Vi
vil også få montert interaktive/digitale tavler i alle
klasserom. Dette vil vere på plass rett på nyåret. For dei
som vite meir om desse tavlene sjå
www.trimax.no.
For å hjelpe oss med praksisnær undervisning
og realfagsatsing, får vi i år besøk nokre gonger av fagleg
mentor frå NLA. Ho skal mellom anna følgje opp lærarane i
arbeid med uteskule og det å ta i bruk nærområdet vårt i
undervisninga. I den samanhengen vil eg også nemne det nye
uteklasserommet vårt nede i parken. Her har vi ved hjelp av
kvalitetsbetringsmidlar frå kommunen og flott dugnadsinnsats
frå foreldre fått bygt eit såkalla multihus som samlingsstad
når vi har uteskule.
Leksehjelp
Elles har vi sett i gang eit tilbod om
leksehjelp til elevar rett etter skuletid. Elevar kan vere
att i klasserommet sitt etter siste time og få litt hjelp
til lekser av vaksne på skulen. Dette gjeld førebels dei
største som går på sfo og elles elevar på mellomsteget. Det
er her viktig at heimane likevel ser over alle lekser når
eleven kjem heim.
Til slutt
Til slutt vil eg ønskje heile bygda ei
fredeleg julehøgtid og eit godt nytt år! Elevar og
barnehagebarn er hjarteleg velkomne tilbake til oppstart på
nyåret onsdag 3. januar.
Med helsing

Willy
|