|
|
Rektor sitt hjørne
 |
Januar 2006
Godt nytt år!
Velkomen som lesar av første utgåve av
”rektor sitt hjørne”. Her vil det vere ei blanding av
informasjon frå oppveksttunet, men også plass for ris og
ros…
Håper alle stikk innom dette hjørnet ofte…
Ny
heimeside
Som
de ser er heimesidene våre oppdaterte og blitt riktig fine.
Det er vi stolte av! Kom gjerne med innspel og idear. Målet
er å gjere desse sidene til ein aktiv informasjonskanal for
elevar, foreldre og tilsette både i barnehagen og skulen. Vi
vil også etter kvart kome med bilete og små notisar for å
synleggjere aktivitetane i oppveksttunet.
Møter i rådsorgana
Minner om møtene i fau og
su no i vinter: Fau
har møte 26. januar og 23. februar.
Samarbeidsutvalet har sitt første møte 2. februar kl.
19.30. Vil også oppfordre alle om å stille opp når
grendelaget snart skal ha folkemøte om grendehus.
Bilkøyring på
skuleplassen
Nok
ein gong må eg minne om at vi ikkje ønskjer køyring ned på
skuleplassen mellom 8.00 og 15.00. Vi har mange elevar etter
kvart og skuleplassen er eit område der dei skal kjenne seg
trygge. Eg ber difor om at alle brukar parkeringsplassen og
heller går ned bakken.
Bruk av utstyr i gymsalen
Vi
har
i
samband med kvalitetbetringsmidlane til skulane fått kjøpt
inn mykje nytt utstyr til gymsalen – mellom anna nye benkar.
For de som bruker gymsalen på kveldstid: La benkane
alltid stå langs ribbeveggen før og etter bruk. Ikkje
set dei opp på scena! Då vert det altfor stor slitasje både
på scene og benkar. Er dei i vegen under aktivitet, så er
det betre
å
ta dei ut på gangen. (Hugs då å setje dei tilbake til
ribbeveggen!)
Med helsing

Willy
|