Skulen Barnehagen SFO Personalet Klassane Planar Råd og utval Gjestebok

Framsida

Rektor sitt hjørne Opningstida Nyhende Klassekontaktar      

 

Tilbake                 Rektor sitt hjørne

Juni 2008

 

Sommaren er alt godt i gang her i vest – måtte det berre vare. Vi ser fram til ein god ferie med mykje fint ver og flotte ferieopplevingar. Rosarussen i barnehagen har som i fjor vore godt synlege og høyrbare. 30. mai hadde vi førskuledag i oppveksttunet. Det vert 10 nye førsteklassingar hos oss til hausten.

 

Tilsetjingar og kontaktlærar

Vi har tilsett nye medarbeidarar til hausten: Sigrid Bergo Kvam vert lærar i fast stilling. Ho har jobba i fleire år på Bjorøy skule. Giske Kjeilen Moss er tilsett som vikarierande sfo-leiar for Nina Merethe Knutsen som skal ha permisjon. Bente Sandvik er tilsett i vikariat som lærar for Susanne S. Henriksen som skal ha permisjon. Kontaktlærarar for neste år blir: 1.kl. Astri Leganger, 2.kl. Sigrid Bergo Kvam, 3.kl. Bjørnar Fjellhaug, 4.kl. Bente Sandvik, 5.kl. Elisabeth Friis, 6.kl. Sunniva af Geijerstam og 7.kl. Camilla Algrim.

 

Opptak i sfo og barnehage

Opptaket i barnehagen vår er i hamn. Fire nye barn byrjar i barnehagen og til hausten går alle på heiltid. Også sfo-opptaket er unnagjort. 27 barn er påmeldte til hausten – 16 av dei har heilplass.  

 

Satsingsområde til hausten

Til hausten har vi sett opp desse satsingsområda: Sosial kompetanse, lese- og skrivedugleik og praksisnær undervisning /realfag. Eg håper desse tre fokusområda vil vere med på å utvikle oppveksttunet positivt når det gjeld sosial og fagleg læring.

 

Svanhild Tobiassen

Vår kjære Svanhild skiftar tittel til pensjonist no til sommaren. Ho har vore lærar på Ekerhovd i 35 år. Ein stor del av foreldra av dagens elevar har hatt henne som lærar og ho har jobba under 4 ulike læreplanar og 8 rektorar. Håper du får mange fine år som pensjonist, Svanhild! Takk for flott innsats på skulen her!

 

Siste skuledag før ferien og skulestart til hausten

Skuleruta for neste skuleår er lagt ut på www.fjell.no.

Siste skuledag no før sommarferien er fredag 20. juni. Då går elevane heim 12.10. Sfo har vanleg opningstid. Første skuledag til hausten vert måndag 18. august.

 

Til slutt vil eg ønskje elevane, heimane og dei tilsette både i barnehage og skule god sommar og takk for flott innsats og samarbeid dette skuleåret!

 

Med helsing

 

Willy

 

 

Ekerhovd Oppveksttun
vevmeister: Bjørnar Fjellhaug

Sist oppdatert: 26.11.2010
Du er besøkjande Hit Counter