Til foreldre og føresette ved Marihøna barnehage og Hjelteryggen skule

 

 

Info om Comenius- Regio prosjekt mellom Fjell kommune/ Hjelteryggen skule/ Marihøna barnehage og Erfurt i Tyskland.

 

Vinteren 2011 starta vi opp ein søknadsprosess til EU om eit samarbeidsprosjekt med byen Erfurt i Tyskland. I samband med denne prosessen har vi hatt besøk frå Tyskland to gongar, og to personar frå Fjell har vore på besøk i Erfurt.

 

I vår fekk vi tilslag på søknaden vår.

Prosjektet har tittelen ”Integrering og inkludering av barn med spesielle behov”.

Hovudmålet er gjensidig å lære av kvarandre både på kommunalt nivå, i barnehagen og på skulen. For oss vil hovudfokus i Tyskland vere å sjå på tilrettelegging av ulike praktiske læringsarena i barnehagen, på skulen og sfo.

Her på Hjelteryggen vil vi vise fram korleis vi arbeider med inkludering av barn med både store og moderate spesielle behov. Det er og interessant for dei å sjå korleis ei vanleg klasse eller barnehageavdeling fungerer med tilpassingar på svært ulike nivå. På systemnivå vil samarbeid barnehage- skule vere eit område som er interessant for Erfurt.

 

Komande veke startar samarbeidet opp for fullt.

Då får vi besøk av 8 personar frå Erfurt. Dei kjem til å vere på Hjelteryggen skule heile tysdag 27. september og etter lunsj onsdag 28.sept. I Marihøna vert dei onsdag 28. september før lunsj. Det er lagt opp til eit allsidig program begge stader. Dei besøkande kjem til å gå rundt på avdelingane og eit utval av klassene, og i tillegg ha samtaler med dei tilsette og leiinga.

Seinare desse dagane skal dei ha møte med m a skulesjef og leiar for PPT.

 

I november skal leiinga ved Hjelteryggen skule saman med skulesjefen på ein stor kongress i Erfurt der temaet er heildagsskulen. Til våren vert det Marihøna og kulturskulen som reiser til Tyskland.

 

Vi ser fram til eit spennande prosjekt.

Vi ynskjer å vise fram det beste vi har på Hjelteryggen. Dei besøkjande vil få kome inn og observere undervisning og samlingsstunder, både på skulen og i barnehagen. Vi vil vise dei mangfaldet i undervisningsmetodane og dei ulike programma vi brukar.

Dersom det er foreldre som har spørsmål eller tankar om noko i denne samanheng, kan de ta kontakt med underteikna, Trond Heggestad eller Karin Haugen.

 

 

Hjelteryggen 20.09.11

 

 

 

Trond Heggestad                                  Karin Haugen                                       Ellen M Hansen

Styrar Marihøna barnehage                   Rektor Hjelteryggen skule                     skulesjef