Til foreldre med elevar på 1.-4.trinn.

 

 

 

Informasjon om leksehjelp ved Hjelteryggen skule

 

 

Vi viser til brev datert 23.04.2010 med informasjon og påmelding til leksehjelp ved Hjelteryggen skule.

 

Frå og med dette skuleåret er det innført frivillig og gratis leksehjelp for alle elever i 1. til 4. klasse i heile landet med gjennomsnittleg ½ time per dag frå måndag til torsdag. For skulane på Litlesotra vert leksehjelpa lagt  like etter at skulen er ferdig om dagen. Det er skuleassistentar som gjennomfører leksehjelpa.

 

Elevane er allereie påmeldt til leksehjelpa, og vi starta opp leksehjelp i dag, måndag 23.08.10.

 

Vi har utarbeida rutiner ved leksehjelp:

Leksehjelpa varer ein halv time og startar opp utan friminutt, rett etter siste time.

Leksehjelpa vert gitt i klasserommet. Elevane arbeider med leksene, og vi skal hjelpe dei så langt vi rekk. Klassereglane gjeld i leksehjelptida. Ingen elevar kan forlate leksehjelpa før halvtimen er gått.

Vi oppfordrar framleis alle foreldrene til å sjå over leksene og høyre dei i leseleksa heime.

 

Det er organisert tilsyn for dei elevane som skal på SFO og ikkje skal ha leksehjelp.

Dei melder seg på SFO, så startar SFO opp etter leksehjelpa.

Elevar som skal ha leksehjelp men ikkje SFO, går rett heim etter leksehjelpa.

 

Det er nødvendig med påmelding til ordninga halvårleg av omsyn til bemanning.

Det vil vere råd å melde seg på ordninga ved skulestart om hausten og etter nyttår kvart år.

 

 

Hjelteryggen 23.08.2010

 

 

 

Karin Haugen

rektor