
Til alle foreldre og føresette ved Hjelteryggen skule
Orientering om byggearbeidet ved Hjelteryggen skule
Velkomne tilbake til nytt skuleår.
Spesielt ynskjer vi nye foreldre og elevar velkomne til Hjelteryggen
skule.
Vi håpar at alle har hatt ein god og solrik sommar, og har lada
batteria til ny innsats.
Vi går eit spennande og utfordrande skuleår i møte.
Som de har sett, er vi i full gong med grunnarbeid til ny
parkeringsplass og nytt personalbygg. I tillegg arbeider dei med å
tilrettelegge for drosjelevering mm på nordsida av skulen.
Byggesona er inngjerda etter retningslinjer i forhold til sikringssoner,
og det er ikkje lov å ta seg inn på dette området.
Skuleplassen vår er betydeleg redusert både pga sikringssona og
parkering for dei tilsette.
Det vil bli mindre fotball i friminutta. Elevrådet og klassane vil bli
utfordra til idédugnad for å få i gong meir varierte aktivitetar i friminutta.
Vi har auka vakthaldet i friminutta for at elevane framleis kan ha
friminutt samtidig.
Ein del klasser vil få endra inngang til klasserommet. Dette vil bli
orientert om frå kontaktlærar.
Nybygget og parkeringsplassen er planlagt ferdig 1.april 2011. Etter
det vil det bli sett i gong ombygging av noverande personalavdeling til nye
klasserom. Dette arbeidet er berekna ferdig til skuleåret 2011/ 2012.
Vi gledar oss til eit nytt skuleår saman med alle elevane våre.
Eg ynskjer alle eit godt skuleår.
Hjelteryggen 17.08.10
Karin Haugen
rektor