FJELL
KOMMUNE
Til føresette i grunnskulen i Fjell kommune
Oppfølging etter 22.juli på skulane i Fjell.
Når elevane i Fjell møter opp på skulen etter sommarferien vil det ha gått nesten 4 veker sia dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya. Vi vart som nasjon sterkt berørt av desse grusomme handlingane. Både for dei som var sterkt og direkte ramma og for alle som vart indirekte berørt er det viktig at skulestart inneber å vera tilbake i kvardagen og ordinære aktivitetar. For elevane som begynner i 1.klasse er første skuledag ein stor dag, og skulane vil leggja til rette for at denne dagen blir ei positiv oppleving. Tiltaka som er planlagt tek omsyn til desse forholda.
Alle skular vil ha ei markering av det som skjedde 22.juli. For ungdomsskulane vil markeringa skje i samband med første skuledag. For alle barneskulane vil markeringa bli lagt til fredag 19.august. Skulen avgjer om markeringa skjer i fellesskap, klassevis eller i mindre grupper. Det blir ikkje flagga på halv stang knytt til desse markeringane.
Utover denne markeringa vil det vera opp til kvar kontaktlærar korleis det som skjedde 22.juli blir behandla i klassen. Dette vil bli vurdert opp mot alder og andre forhold, til dømes korleis det passar inn i dei tema skulen naturleg skal ta hand om. Både det som skjedde 22.juli og det som har skjedd i tida etter vil vere viktige tema i skulen. Skulen er ein viktig arena for å byggje det framtidige Norge, noko som har vore eit overordna tema etter 22.juli.
Eit nasjonalt traume som dette vil berøra nokre sterkare enn andre. I tillegg til dei som vart direkte ramma, vil mange vera indirekte berørt gjennom slekt eller vener som vart ramma. Nokre vil ha historier med tap eller traume som gjer dei ekstra sårbare. Føresette vert difor oppmoda til å ta kontakt med skulen om noko av dette gjeld dykkar barn/ungdom. Skulen vil sjølvsagt handtera slik informasjon i forståing med elev og føresette.
Vi viser til brev frå kunnskapsminister Kristin Halvorsen i pressemelding 02.08.2011 på www.regjeringen.no/nb/dep/kd.
For annan informasjon – mellom anna om korleis snakka med barn og ungdom om det som har skjedd - tilrår vi også www.helsenorge.no. Her er også mykje som er omsett til andre språk.
Straume, 15.08.11
Ellen M. Hansen
skulesjef