
I fjor vart det
innført ei ordning med frivillig og gratis leksehjelp for alle elevar på 1. til
4. trinn. Etter eit år med erfaringar, har vi valt å gjere nokre små
justeringar.
Her følgjer litt
informasjon om ordninga:
·
Det er
leksehjelp ein halv time kvar dag, måndag- torsdag, etter undervisningstid.
·
Elevar som
er med på leksehjelpordninga må vere i klasserommet heile leksetida.
·
Det er
fagarbeidarar som gjennomfører leksehjelpen. Det er ein fagarbeidar pr klasse. Gruppene
kan vere ganske store, så det seier seg sjølv at den individuelle oppfylgjinga
av elevar vil bli avgrensa.
·
Påmelde
til SFO som ikkje er med på leksehjelpordninga, vil ha tilsyn fram til ordinær
SFO opnar.
·
Elevar
som ønskjer å vere med på leksehjelpordning, må melde seg på. Påmeldinga gjeld
for eit halvt skuleår.
·
Det må
leverast skriftleg melding dersom eleven ein dag ikkje skal delta på
leksehjelpa.
Leksehjelpa
startar opp i veke 36 (5.september) for 2.- 4.kl.
For
1. klasse startar ordninga opp etter jul.
Det
vert sendt ut informasjon og ny påmelding før jul.
Lekser er viktige!
Det er framleis dei
føresette sitt ansvar å fylgje opp at leksene vert gjort, sjølv om elevane får
leksehjelp på skulen.
Lekser er
øvingsoppgåver der elevane får trening på det lærestoffet som er gjennomgått i
timane. Leksene gjer foreldrene ein viktig peikepinn på kva elevane arbeider
med på skulen. Vi oppfordrar alle foreldre, både dei som vel å gjere seg nytte
av leksehjelpa og dei andre, om å fylgje med og vise interesse for elevane sine
lekser. Forsking viser at føresette sitt engasjment i elevane sitt
skulearbeid har stor innverknad på elevane si læring.
Gå inn på www.udir.no
for meir informasjon.
Med venleg helsing
rektor
__________________________________________________________________________
PÅMELDING
TIL LEKSEHJELP HAUSTEN 2011
Namn: ………………………………………… Klasse: …………
Dato: ………………Føresett:
……………………………………….