LEKSEHJELP

Informasjon og påmelding for vårhalvåret 2012

 

 

·      Det er leksehjelp ein halv time kvar dag, måndag- torsdag, etter undervisningstid.

·      Elevar som er med på leksehjelpordninga, må i utgangspunktet vere i klasserommet heile leksetida. Det er fagarbeidarar som gjennomfører leksehjelpa. Det er ein fagarbeidar pr klasse, og gruppene kan derfor vere ganske store. Den individuelle oppfylgjinga av elevar vil derfor vere avgrensa.

·      Påmelde til SFO som ikkje er med på leksehjelpordninga, vil ha tilsyn fram til ordinær SFO opnar.

·      Elevar som ønskjer å vere med på leksehjelpordning, må melde seg på.

Påmeldinga gjeld for eit halvt skuleår.

·      Det må leverast skriftleg melding dersom eleven ein dag ikkje skal delta på leksehjelp.

 

Leksehjelpa startar opp i veke 2-12 (9.januar) for 1.- 4.kl.

 

 

Lekser er viktige!

Det er framleis dei føresette sitt ansvar å fylgje opp at leksene vert gjort, sjølv om elevane får leksehjelp på skulen. 

Lekser er øvingsoppgåver der elevane får trening på det lærestoffet som er gjennomgått i timane. Leksene gjer foreldrene ein viktig peikepinn på kva elevane arbeider med på skulen. Vi oppfordrar alle foreldre, både dei som vel å gjere seg nytte av leksehjelpa og dei andre, om å fylgje med og vise interesse for elevane sine lekser. Forsking viser at føresette sitt engasjment i elevane sitt skulearbeid har stor innverknad på elevane si læring.

Gå inn på  www.udir.no for meir informasjon.

 

Med venleg helsing

 

 

rektor

__________________________________________________________________________

 

PÅMELDING TIL LEKSEHJELP VÅREN 2012

 

 

Namn: …………………………………………  Klasse: …………  

 

 

Dato: ………………Føresett: ……………………………………….