Sommarhelsing frå Hjelteryggen skule til alle foreldre/ føresette

 

Så er dette skuleåret over.

Snart kan vi alle, både elevar og personalet, senke farten i trygg visse om at det er ingenting som hastar lenger. Det er alltid ei god kjensle når vi kan rydde klasserommet, ta av bokbind og viske ut merke i bøkene. Vi oppsummerer og avsluttar. Då får vi ei erkjenning av at vi har jobba hardt og lært mykje, og at vi fortener ferien som står for døra.

På Hjelteryggen skule har vi ein flott elevflokk som vi trivst godt i lag med og er stolte av!  

 

I byrjinga av juni hadde vi besøk av 20 forventningsfulle 6-åringar. Vi gler oss til å ta i mot dei som våre elevar i august og bli betre kjende med dei.

I år sender vi 29 flotte 13 -åringar vidare til ungdomsskulen og to elevar til vidaregåande skule. Vi takkar både elevar og foreldre for sju gode år på barneskulen. Vi ynskjer dei alt det beste på vegen vidare.

Siste månaden har vi naturleg nok vore svært opptekne med innflytting i den nye personalfløyen vår. Når vi startar opp igjen i august, vil vi ta i bruk nye klasserom og bibliotek. Vi gledar oss stort over å ha teke i bruk nye, lyse lokaler, og gleder oss til å få det meir romsleg for klassane til hausten. 

 

Onsdag 22.juni er siste skuledag dette skuleåret. Elevane møter til vanleg til tid.

Vi skal ha ei felles avslutningsmarkering i gymsalen med program av elevane før klassane går kvar til sine rom. Skulen ordnar med bevertning. Alle elevane er ferdige kl 11.00. SFO er ope som vanleg. Barna treng ikkje ha med mat denne dagen.

Denne dagen skal vi og markere at Ole Eide har gått av med pensjon.

Vi takkar han for alt han har gjort for Hjelteryggen skule, og ynskjer han gode dagar som pensjonist.

 

Oppstart neste skuleår er for elevane torsdag 18.august.

2.-7. klasse møter kl 9.00 på skulen, 1.klasse kl 10.00.

Skulestarten vert kunngjort med oppslag på butikken og skulen, og med annonse i VestNytt.

 

Skuleruta for neste skuleår finn de på baksida av arket. Merk dei to planleggingsdagane som er flytta til 19. og 20.april 2012. Skuleruta vert og lagd ut på heimesida vår.

 

Så takkar vi alle for samarbeidet dette skuleåret.

Ei spesiell takk til FAU som har sponsa hotdog, kvikklunsj og is på naturstien for 1.-4.klasse og delfinansiert skidagen på Kvamskogen for 5.-7.klasse.

Vi ynskjer alle ein god sommar.

 

Hjelteryggen 20.06.11

 

For personalet på Hjelteryggen skule,

 

 

Karin Haugen                           Pål Stian Pedersen                    Åsa Rasmussen           

Rektor                                      inspektør                                  inspektør