Til foreldre/ føresette ved Hjelteryggen skule

 

Velkomne til eit nytt skuleår. Eg ynskjer spesielt dei nye foreldrene velkomne til skulen vår.

 

Det er alltid ein stor dag når vi tek i mot elevane våre fyrste skuledag. I år vart oppstarten vår spesiell med tanke på hendingane denne sommaren. Vi har opplevd gode stunder saman med elevane våre, og vi vil framleis legge vekt på å vere lydhøyre og støttande til elevane.

 

Vi byrjer skuleåret i eit tilnærma ferdig skuleanlegg. Det står igjen berre små ting innandørs og ei tilrettelegging av leikeareal ute på ”mellomplassen”. Vi har hatt ein knirkefri byggeperiode og svært godt samarbeid med handverkarane. Vi har ikkje hatt konflikter og uheldige episodar. Byggeleiar er imponert over at elevflokken viser så stor respekt for arbeidet og utstyret deira.

 

Køyremønsteret rundt skulen byrjer å normalisere seg.

Vi ynskjer framleis at elevane våre prinsipielt skal gå til skulen. Vi veit at for dei yngste elevane kan skulevegen vere lang og mørk om hausten og vinteren. Vi veit også at foreldrene har gode rutinar med å levere barn i barnehagen/ skulen med bil på veg til jobben.

I samråd med FAU- leiar vil eg minne om gjeldande praksis for levering av elevar:

Vi ber om at de nyttar parkeringsplassen ved butikken til å sleppe av barna. Derifrå er det trygt og enkelt å gå forbi butikken på austsida, ta seg over fotballbana og inn på skulen.

På nordsida av skulen er det ein snuplass og leveringsplass for elevar som kjem med drosje til skulen. Eg ber om at de viser respekt for at denne plassen kun er tiltenkt dei.

Ein del foreldre må av ulike spesielle grunnar (skade eller sjukdom) køyre elevane heilt fram til skulen. Dersom dette er nødvendig, ynskjer vi at de tek kontakt med skulen og gjer avtale.

For all køyring rundt skulen, gjeld det at vi avpassar fart og køyremønster i forhold til at det er mange barn på veg til eller frå skulen.

5.klasse kan byrja sykle til skulen. Elevane er flinke å parkere sykkelen på rett plass. Vi har og ein del elevar som kjem til skulen med sparkehjul. Sparkehjula vil og få tilvist parkering ute. Vi oppfordrar foreldrene til å passe på at elevane brukar hjelm.

1.klasse har fått refleksvestar til bruk i haustmørket. Hugs at de også utstyrer dei andre barna med refleks.

 

Vi har fått ein del spørsmål om mjølk til elevane.

I fjor hadde vi omlag 50 elevar som var påmelde mjølkeordninga. Vi arbeider med å finne ei optimal ordning for levering av mjølk. Vi har ikkje opna for bestilling av mjølk på nettet endå, det vil bli gitt eigen beskjed i nær framtid om når dette er klart.

 

Til slutt minner eg om planleggingsdagane våre dette året: 3.feb og 19.-20.april 2012.

Med ynskje om eit godt skuleår!

 

Hjelteryggen 25.08.11

 

 

Karin Haugen

rektor