VERKSEMDSPLAN

 

SKULEFRITIDSORDNINGA VED

KNAPPSKOG SKULE

 

2010 -2011

 

 

 

 

Motiv frå Ridderfesten juni 2009

 

 

GENERELLE VILKÅR

Vi gjev i år eit tilbod til barn i 1.-4.klasse og til barn med særskilde behov.

Vi har tilbod om:

Delt plass: Alt.1:Etter skuletid-15.00, til 16.00 på langdagen.

 (inntil 11 t.)Alt.2:Frå 7.00-8.30, og etter skuletid-14.00                                                                                       

 Heil plass: Morgon og ettermiddag

Opningstida er frå kl. 07.00 –08.30, og etter skuletid- 16.30.

Vi fylgjer  skuleruta 190 dagar, men det vert tilbod om SFO i haust og vinterferie, 2 veker i juni og 2 veker i august, på Knappskog, Foldnes og Brattholmen skule. Det kjem eiga påmelding til desse vekene. Kr. 700,- pr. veke.

 

FYSISKE VILKÅR

Skulefritidsordninga heldt til på Knappskog skule i Fjereidevegen.

Skulen har ein stor naturtomt som vert brukt som uteområde.

Skulefritidsordninga har ein eigen base med kjøkkenavd.

Tilhøyrande kontor for leiar og dei andre tilsette.

Vi nyttar og 1. 2. og 3 klasse sine klasserom som baserom etter skuletid.

Vi kan og nytta Nye skulen sine spesial rom til ymse aktivitetar.

 

Ute nyttar vi skulen sitt uteområde med tilhøyrande leikeapparat. Barna må  gjera avtale med personalet dersom dei skal opphalde seg utanfor oppmerka område.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette skuleåret er det påmeldt 82 barn i skulefritidsordninga.

Base 1 :  1 kl. med 16 barn,  2 klasse med 30 barn

Base 2:  3 og 4 klasse med 36 barn

Det er og barn med særskilte behov tilknytte vår SFO, dei må søkje særskilt om ekstra ressursar.

 

VILKÅR FOR BEMANNING

Vedtektene for SFO I Fjell Kommune seier dette om bemanninga,

§ 5 :Retningsgivande bemanning er 12 barn pr.vaksen

 

Bemanninga på Knappskog SFO hausten 2010 vert slik:

Rektor : Wilhelm Anglevik har det administrative og økonomiske                   ansvaret

Dagleg leiar: Irene Ormevik                                            

Assistentar: Øyvind Oppermann: assistent skule/ SFO   

                    Bente Ormevik: assistent skule/SFO                     

                    Nina Skråmestø: assistent skule/ SFO

                    Wenche Skarholm: Assistent skule/SFO

                    Tove Geitanger: Assistent SFO/skule/ass. leiar

                    Perly Skarholm :Assistent skule/SFO                                           

                    Reidun Vatnvåg: Assistent SFO

                    Sissel Lie        :  Assistent skule /SFO

                    Vigdis Taranger :Assistent skule/SFO

 

                   

Knappskog skule er læreplass for Barne og Ungdomsarbeidarar og har derfor stundom lærling.

Camilla Engevik er lærling hos oss dette skuleåret.

 

 

 

 

 

 

 

 

VILKÅR FOR SAMARBEID

Vi legg vekt på godt samarbeid med føresette gjennom den daglege kontakten . Vi har eit informasjonsmøte for føresette før oppstart i august. Vi sender ut skriftleg informasjon med avtaleskjema til nye brukarar før skulen tek til.

 Kvar månad sender leiar ut informasjon, ” SFO – kladden ”, der vi skriv litt om kva som skjer i det daglege.

SFO er ein del av  Knappskog skule og føl skulen sin verksemdsplan.

Vi har og same ordensreglement .

Leiar SFO deltek på leiarteam saman med rektor, inspektør, spesped.koordinator og tillitsvalde. Vi deltek og på personal møter, team, og møter for barn med særskilte behov der det er nødvendig. Personalet på SFO deltek på aktuelle kurs som vert arrangert for å auke kompetansen i personalgruppa.

Vi samarbeidar og med desse om naudsynt:

Kontaktlærar

Spesped.team

Helsesøster

 

 

FAU

FAU er foreldra sitt arbeidsutval, dei skal arbeida til det beste for barna i samarbeid med skulen.

FAU skal ha ein representant som tar opp SFO saker.

 

Samarbeidsutvalet er styret for SFO, der skal inntaket godkjennast og dersom det er ynskje om endringar i opningstider el.l. skal dette behandlast av S.U. Dagleg leiar er med som representant for SFO.

 

 

 

 

 

 

 

 

GENERELL INFORMASJON

 

MÅL

 Vi skal dekke barna sine behov for tilsyn, omsorg og læring gjennom leik og sosial utvikling i samspel med barna sitt nærmiljø. Vi vil saman med skulen være med på å utvikle barnas evner til innleving, deltaking, utfolding, oppleving og kreativitet.

Tryggleik er viktig for at barna skal kunne utvikle desse evnene, og det er viktig å bruke tid på det særleg ved oppstart av det nye skuleåret.

Vi vektlegg den frie leiken fordi den er grunnlag for god sosial utvikling.

 

METODE

For å oppnå dei måla vi har sett oss er det viktig at barna veit kva som skal skje og kva som vert venta av dei i skulefritidsordninga.

Derfor legg vi opp til ein fast dags rytme, der barna lærer seg å innordne seg og hjelpe til i dei daglege rutinane.

Vi legg til rette både for fysiske aktivitetar og aktivitetar som fremjar lysten til å skape.

 

Fordi leiken er så vesentlig for barn, må den gis ro, tid og plass.

Månadsplanen må derfor være så laus at det er rom for spontanitet.

 

SFO brukar og  TSK pedagogikk som metode,  for å fremja den positive adferda hjå barnet.

 

Knappskog skule med SFO er med i Olweus programmet , som er eit tiltaksprogram mot mobbing.

 

I tråd med dette ynskjer vi å legge vekt på ordbruk og oppførsel, ein god tone aukar trivselen for små og store. Vi ynskjer å vera synlege vaksne som føl opp dette og grip inn når det er nødvendig.

 

 

 

 

DAGSRYTME

KL.07.00: Vi opnar morgon SFO

     08.00: Frukost/ frileik

     08.30 :Utefriminutt, lærar har inspeksjon

     08.40: Undervisninga tek til

Etter undervisning:

Kl. 12.00 :           Utefriminutt, vi kryssar alle inn på SFO

     12.30/13.00:  Frileik- aktiviteter ute/inne

     13.15-13.45 : Leksegruppe /frileik

     14.00- 14.30: Det ringjer til matøkt – høgtlesing

15.00- 16.30 : Frileik ute / inne

 

Kvar tysdag har vi aktivitetar i hallen for 2 klasse, kvar torsdag har vi aktivitetar i hallen for 3 og 4 kl.

Fredag kan barna velje om dei vil vere med på ein formingsaktivitet el.l.

 

MAT PÅ SFO

Kvar dag får borna drikke og frukt i matøkta, dei får og tilbod om ei skål havregryn og mjølk.

Kvar måndag har vi smørelunsj eller eit varmt måltid.

 

LEKSEGRUPPE

1 - 4 klasse har tilbod om å få gjere lekser parallelt med SFO tida.

Dei som er på leksehjelp og har delt plass, kan bruke tilsvarande tid

(2timar pr.veke) ekstra på ettermiddag.

 

 

 

 

 

ÅRSHJULET FOR SFO

 

 

AUGUST

 

 

 Mykje leik ute, vi har sangleiker, leik i sandkasse og på ballplassen.

Dei nye barna skal bli trygg i skulemiljøet, bli kjent med kvarandre og dei vaksne.

 

 

 

SEPTEMBER

 

 

 

 

 

Gruppearbeid som formingsaktivitet.

Vi lager vennskapshjerte med alle sine hender.

Felles haust tre.

Gruppearbeid skaper vi-kjensle.

 

 

 

 

 

OKTOBER

 

 

 

Vi deltar på SOL-prosjektet( innsamling til skulebarn i Sri-Lanka )

Feirar FN dagen med

 foreldrekafe med sal av banankake.

Lager mat frå andre kulturar.

 

 

 

 

 

NOVEMBER

 

 

 

Haust

Lage mat av høstens grøde ;

Grønsakssuppe, fruktsalat, potetstappe

 

Eventyr :

Vi les eventyr frå heile verden

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

DESEMBER

 

 

 

 

 

 

Vi har adventssamling, lagar

Julepynt og små overraskingar.

Vi ynskjer at adventstida skal vera prega av ro og forventning, og ha gleda av å gleda andre.

Vi les i ei adventsbok kvar dag, og har faste dagar med juleverkstad.

 

 

JANUAR

 

 

 

 

 

Vi håper på fint vintervær, slik at vi kan være ute og ake og lage snømenn.

Barna lærer seg å setje pris på naturen i dei forskjellige årstidene.

 

 

 

 

 

FEBRUAR

 

 

 

Vi markerer fastelavn.

Lære om gamle tradisjonar, karneval,

Fastelavns boller og lage masker.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MARS

 

 

 

Startar opp med turgruppe.

Dei som fullfører 10 turar får medalje og diplom.

Vi lagar mat som er ekstra bra for kroppen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

APRIL

 

Påske :

Lagar påskepynt

Vi markerer våren, leitar etter vårtegn

Friskar opp uteleikar frå ” gamle dager

Melde krig, slå ball, jepp alen, osv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

MAI

 

 

 

 

Vi markerer feiringa av nasjonaldagen

Lager pynt til 17.mai

Mykje uteleik.

Matlaging ute viss været er bra.

 

 

 

 

 

 

 

JUNI

 

 

 

 

Mest mulig uteleik.

Tur i fjæra.

Vi har avslutning , med grilldag og konkurransar ute.