INFORMASJON OM SKULEFRITIDSORDNINGA PÅ

KNAPPSKOG SKULE SKULEÅRET 2010 – 2011.

 

VÅR FILOSOFI ……..

SFO - tida er barna si eiga fritid , vi må gje rom for fri leik under trygge forhold.

Vi må prøve å ikkje vere så styrt av rutiner og planer at vi  set stopper for den kreative leiken og barnas evne til å utvikle seg.

Barna må få utvikle vennskap på tvers av klassetrinn.

Vi vil legge vekt på å skape trygge forhold barna imellom, og mellom barna og dei voksne.

Vi skal  vere tilgjengeleg for barna , på barna sine premisser.

Vi vil gjennom aktivitetar og leik, legge til rette for at barnet skal meistre det sosiale miljøet det er ein del av.

 

 

ORGANISERING AV SFO

Hausten 2010 er det  påmeldt 80 barn på skulefritidsordninga

Frå kl. 07.00- 08.30 ( morgon SFO) skal alle møte på SFO basen.

Vi vil bruke dette rommet og 2 klasse sine klasserom, på morgon SFO.

Under mat og andre aktiviteter vil vi dele barna opp klassevis. Kvar klasse vil bruke sitt klasserom som baserom.

4 kl. vil vere saman med 3 kl. på deira klasserom.

Det vil vere faste vaksne som har ansvar for kvar klasse også på SFO.

Delt plass er etter skuletid til kl.15.00, og 16.00 langdagen (onsdag)1 og 2 kl., og(måndag og onsdag ) for 3 og 4 kl.

Etter kl.15-16 vil vi slå saman klassane og samlast på SFO rommetog 2 kl. sine rom.

Barna må bruke garderobeplassen som dei brukar i skuletida,

 

AVTALESKJEMA

Føresette må kvart år fylle ut eit avtaleskjema. På skjemaet skal det  bl.a. stå om barnet skal gå heim åleine , eller om det skal hentast .

Vi ber og om kontaktpersonar ved sjukdom, og om det er særskilde ting vi bør vete om, som allergier o.l

Føresette er ansvarleg for at opplysningane til ei kvar tid er oppdaterte.

Beskjeder må ikkje formidlast gjennom barnet.

Alle endringar i forhold til avtalen skal meldast skriftleg, eller pr.telefon/ mobil.

 

 

 

 

 

 

 

DAGLEGE RUTINAR OG ANSVAR

Alle barn skal kvar dag kryssast inn og ut av skulefritidsordninga.

Den vaksne som har ansvar for klassen, sjekkar meldingar og krysser inn barnet.

Den som hentar barnet har ansvar for å gje beskjed til personalet slik at barnet vert kryssa ut.

Føresette gjev melding i meldeboka eller pr. telefon dersom barnet ikkje skal på SFO ein dag, eller det skal verta henta av andre.

Dersom slik melding ikkje er gjeve og barnet ikkje møter på SFO, vert barnet

” etterlyst ”.

Meldeboka barna får på skulen kan og brukast til meldingar til SFO personalet,

Eller de kan sende melding til vår mobil nr. 97199488.

 

PERSONAL :

Rektor: Willhelm Anglevik har det administrative, økonomiske og pedagogiske ansvaret.

Dagleg leiar : Irene Ormevik

Ass. Leiar / assistent skule /SFO :Tove Geitanger

Assistent skule /ansvar 2 kl.: Bente Ormevik

Assistent skule/ ansvar 3 / 4kl. : Øyvind Oppermann  

Assistent skule/ ansvar 2 kl. . Wenche Skarholm

Assistent skule / ansvar 3 /4kl.: Nina Skråmestø

Assistent skule /ansvar 2kl.: Vigdis Taranger

Assistent skule / ansvar 1 kl.: Perly Skarholm

Assistent skule/ ansvar 1 kl.: Sissel Lie

Assistentskule / ansvar 3 /4kl.: Reidun Vatnvåg

Lærling skule / 2 kl : Camilla Engevik

 

HENTING

Personalet på SFO har arbeidstid til kl. 16.30 , vi ber om at de respekterer det, og overheldt opningstida .

Av hensyn til barnet bed vi Dykk om å gje oss beskjed dersom de vert for sein.

Personalet kan ikkje gå frå SFO før alle er blitt henta, vi kan ikkje la barnet stå åleine igjen å vente dersom foreldra er seint ute.

Ved for sein henting står det i vedtektene frå kommunen at de vert belasta med eit straffegebyr på kr. 250.- for påbegynt time , dette gjeld også dei som har delt plass.

 

 

 

 

DAGSPLAN FOR SFO :

 

7.00                : Morgon SFO opnar.

8.00                : Frukost for dei som ynskjer det

8.00  -   8.30   : Frileik

8.30  -   8.40   : Inspeksjon av lærar ute

12.00 - 13.15    : Barna vert kryssa inn på SFO

12.00 – 14.00   : Leksetid /Frileik / aktivitetar

14.00               : Matpause / lesestund

14.30 - 15.00   : Utefriminutt

15.30 – 16.30   : Frileik/ aktivitetar

 

 

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR :

MAT

Barna må ha med seg ekstra matpakke på SFO, dei får drikke og frukt kvar dag.

Kvar måndag har vi smørelunsj eller varm mat.

Dei som ynskjer at barna et frukost på SFO kan avtale dette med personalet .

 

KLER

Det er viktig at barna har riktige klede med seg etter veret, alt tøy og utstyr må vere merka med navn.

Barna må bruke innesko,dei må ha med seg med bytekler , som dei kan ha liggjande på plassen sin.

Dei treng gjerne ekstra regntøy på skikkelege regnværsdagar, då ytterkleda ofte er våte når dei begynnar på SFO.

Kvar fredag bør alt yttertøy takast med heim, dette p.g.a reinhald.

 

LEKSER

Det vert i år starta opp leksegrupper for dei som har meldt seg på frå 1- 4 klasse.

Det er ein assistent som har tilsyn på lekserommet , og vi hjelper til så langt vi rekk, men det er foreldra sitt ansvar å passe på at leksene er gjort tilfredstillande. Leseleksa er foreldra sitt ansvar å høra barna i.

 

 

 

 

 

 

 

INFORMASJON SFO – HEIM

Ved oppstart av eit nytt skuleår sender vi ut informasjonsskriv og

avtale skjema til nye foresette.

Vi sender ut SFO - kladden kvar månad , der står det litt om kva vi har gjort , litt om planer og aktivitetar framover og dersom det er ting vi ynskjer å minne foreldra om , tar vi det med her. Denne vert og lagt ut på nettsida til skulen.

 Er det noko særskilt de ynskjer å ta opp vedrørande dykkar barn , kan de avtale ein samtale med dagleg leiar, eller ein av dei vaksne som har ansvar for barnet.

Dagleg leiar har kontor tid mellom 8.30-12.00, telf.55097571

Mailadresse: irene.ormevik@fjell.kommune.no

Direktetelefon til SFO er mobil 97199488

 

.

FYRSTE SKULEDAG

18. august er fyrste skuledag for 1 klasse, og denne dagen er skulen slutt kl.14.00

Dei som skal vere på SFO, ventar igjen i klasserommet. Der vert dei møtt av dei vaksne som skal vera på SFO. Det vert litt informasjon til barna om rutinar på SFO. Etter det vert det matøkt.

Gje beskjed til lærar dersom barnet ditt ikkje skal på SFO.

 

FORELDREMØTE

Vi vil ha eit informasjonsmøte tysdag 17.08 kl.18.00

Vi gjennomgår vedtektene

Verksemdsplan

Praktisk informasjon

Val av foreldrekontakt til foreldrenes arbeidsutval (FAU )

Evnt.

 

AVTALE SKJEMA:

Ver vennleg å fyll ut avtaleskjemaet og ta med på møte eller fyrste skuledagen.

 

Med vennleg helsing

FOR SFO

Irene Ormevik 

Irene.ormevik@fjell.kommune.no