Til hovudside SFO

Årsplan

Dagsrytmen

Fritidsnytt

Rekordbok

Fotoalbum

ÅRSPLAN
S F O KOLLTVEIT SKULE
2008 - 2009

INNHALD
Innleiing
Rammevilkår - generelle vilkår
- fysiske vilkår
- vilkår for bemanning
- vilkår for samarbeid
Generell informasjon
- mål
- metode
- dagsrytme
- periodebestemt innhald
INNLEIING
Denne årsplanen skal vere eit arbeidsdokument for oss som arbeider i skulefritidsordninga ved Kolltveit skule.
Planen skal også syna foreldre / føresette kva innhald SFO har for deira barn. Barna tilbring trass alt mykje av fritida si her hjå oss.

Vi håper årsplanen vil gje nyttig informasjon til foreldre, arbeidsgjevar Fjell kommune og eventuelle andre.
Planen vert behandla og evt. vedteken på foreldremøtet 24.09.08.
Kolltveit 12.09.09
Randi Tysse Olsen
for personalet
RAMMEVILKÅR
GENERELLE VILKÅR
Vi gjev i år eit tilbod til barna i 1.-4. klasse og barn med særskilde behov, på 23,5 timar i veka delt på 5 dagar.
Vi held ope kvar dag frå kl. 07.00 - 08.30 då undervisninga tek til, og frå kl. 12.30 ein dag pr veke og 13.30 fire dagar pr. veke, til 16.30 kvar dag.

Her på skulen fylgjer vi skuleruta, men det vert tilbod om SFO i haust- og vinterferie. Det vert då halde ope på nokre skular i kommunen. Det er eige påmelding for desse vekene til leiar i SFO.

Dersom de henter barnet for seint, vert de belasta med kr. 250.- pr. påbegynt halvtime. Dette gjeld også dei med delt plass.

FYSISKE VILKÅR
Vi har også i år delt gruppa i to delar av dagen. 1.-2. klasse heldt til i tilbygget nede på plassen i sambruk med 1. klasse. Lokala er to baserom a ca. 60 kvm, eit grupperom, 2 toalett og garderobe med 2 utgangar rett ut på skuleplassen. 3.-4. klasse heldt frå skuleslutt og fram til ca. kl.15.30 i klasserom og fellesrom i 2. etg. Dei avsluttar dagen saman med 1.-2. kl. nede i SFO-bygget.

Ute nyttar vi skulen sitt uteområde med tilhøyrande leikeapparat. Uteområda er omkransa av ein natursti. Barna må gjere avtale med personalet dersom dei ønskjer å leike utanfor skuleområdet.

Det vert kun høve til å køyre ned til skule før kl. 08.00 og etter kl. 15.00, men inga køyring på/over plassen. Parkering vert ved boss-spanna på utsida av bommen.

Dette skuleåret er det 65 barn i skulefritidsordninga.
Av desse kjem 24 barn frå 1. klasse
15 barn " 2. "
12 barn " 3. "
14 barn " 4. "
VILKÅR FOR BEMANNING
Det er i Fjell kommune vedtekter for SFO. Dei seier mellom anna noko om bemanninga.
Når talet på barn er mellom: 7 - 10 skal der vere ein assistent
10 - 23 skal der vere inntil to assistenter
24 - 37 skal der vere dagleg leiar
og inntil to assistenter
38 - 52 skal der vere dagleg leiar
og inntil tre assistenter
Meir enn 53 blir vurdert særskilt
Dersom barn med spesielle behov kan det
tilsetjast ekstra personale. Heimen må søke.
Bemanninga på Kolltveit SFO vert i år slik:
Rektor: Berit Andersen har det pedagogiske og økonomiske
ansvar.
Dagleg leiar: Randi Tysse Olsen, Barne og ungdomsarbeider 100%
Assistentar: Eli Norebø, Barne og ungdomsarbeider 100%
Sissel Landro 100%
Djulaga Fadzan
Gunn Oline Kobbeltvedt Langeland morgon/friluftsgr.
Anne Lise Hjartåker
Vikar: Beate Hovland
Skulefritidsordninga på Kolltveit skule er opplæringsplass for Barne og ungdomsarbeidarar og kan difor stundom ha lærlingar.

Dette skuleåret er Tonje Sørli lærling hos oss.
Totalt utgjer dette i år ein timeressurs på 113,5 t/v
VILKÅR FOR SAMARBEID
Vi legg vekt på eit godt samarbeid med foreldra ved dagleg kontakt ved levering og henting eller foreldremøte haust og evt. vår. Vi set pris på at foreldre tek kontakt dersom dei vil bidra med noko eller noko er uklart. Vi er her for dykkar barn!

Personalet i SFO deltek på møter for barn med særskilde behov eller andre særlege høve om naudsynt.
Det vert planleggingsmøte for personalet i SFO ein time pr. veke utanom opningstida.
Då vi er ein del av Kolltveit skule er det naturleg med samarbeid på huset. Representant for personalet i SFO er tilstades på personalmøter kvar veke.

Personalet deltek på aktuelle kurs som vert arrangert for å auke kompetansen i personalgruppa.
Leiar deltek i nettverksmøte 6 gangar pr skuleår, 3 haust og 3 vår. Viktig for å løyse felles problem, samarbeide om felles interesser og vidareutvikle kompetansen.

Desse kan vere samarbeidspartnarar om naudsynt:
- sosialkontor
- helsestasjon
- arbeidsformidlinga
- vidaregåande skule , praksis lærlingar
GENERELL INFORMASJON
MÅL
Skulefritidsordninga har eit pedagogisk leiartilsyn og aktivitetstilbod for barn i 1.-4- klasse i barneskulen. Vi skal dekke barna sitt behov for tilsyn, omsorg og læring gjennom leik og sosialutvikling i samspel med barna sitt nærmiljø. Vi vil utvikle barnas evner til erkjenning og oppleving, til innleving, utfolding og deltaking. Tryggleik er viktig for at barna skal kunne utvikle desse evnene og difor bruker vi mykje tid på det, særleg på hausten då skuleåret tek til.

Skulen og SFO er ein ZERO-skule der vi aktivt skal jobbe mot mobbing. Det er viktig at alle har det bra i SFO og at det er ein bra plass å vere.

Det viktigaste målet i kvardagen er at barna sjølve får styre si EIGA FRITID og at vi vaksne ikkje "organiserer ihjel" DEIRA FRITID.

Vi er oppteken av "den gode" leiken.
I samspel med skulen sine mål vil også SFO arbeide med å bevisstgjere barn og vaksne sin språkbruk seg i mellom. Vi er oppteken av korleis vi skal te oss overfor kvarandre, for å gjere SFO til ein triveleg plass å vere, gjennom korleis vi snakkar og leikar.

Her er det viktig med samspel og overføring i heimen.
Læreplanen L-97 legg vekt på at menneska er bygd opp av 7 mennesketypar.
Desse er: Det meiningssøkande mennesket
- identitet og kulturarv
- innverknad på egen handling
Det skapande mennesket
- kreative evner
- tradisjonar
- kritisk sans
Det arbeidande mennesket
- leik og aktiv læring
- allsidig utvikling
- dei vaksnes rolle som modellar
Det allmenne mennesket
- felles forståing
- ta omsyn
- deltakande
Det samarbeidande mennesket
- samansette barnekultur
- pliktar og ansvar
- læringsmiljø i leiken
Det miljøbevisste mennesket
- naturglede
- ta omsyn til livet i naturen
Det integrerte mennesket
- ikkje alle er like
- likeverd
Desse er og viktig for utviklinga til barna i skulefritidsordninga og fell saman med skulens sine mål for eit godt læringsmiljø! Vi ønskjer å gjere det mogleg for barna gjennom variert leik og aktivitet i vår SFO.

Denne hausten lagar vi aktivitetsgruppe ein dag i veka der barna vert delt i 5 gruppe og får vere med på ulike aktivitetar. Døme er: friluftsgr., spelgr., gymgr., dansegr., bibliotekgr., keramikkgr., sløydgr., male/teiknegr. og liknande.

LEIKEN inne og ute er viktig for at barna skal lære å vere:
- kreative
- spontane
- engasjerte
- samarbeidande
- sjølvstendige
- konfliktløysande
Barna si deltaking i daglege rutinar gjer økt meistring.
Alt dette er med på å skape trygge barn.
METODE
For å oppnå dei måla vi har sett oss har vi også i år delt gruppa i to slik at barna får færre barn å omgås på kvar gruppe. Det er dei same vaksne på kvar gruppe. Vi håper dette vil gje eit trygt miljø å leike i. Men at vi kjem saman slik at leiken kan blomstre uavhengig av alder.

Aktivitetsgruppene er aldersblanda og passe store.
Det er viktig at barna veit kva som skal skje og kva som vert venta av dei i skulefritidsordninga. Difor legg vi opp med ei fast dagsrytme og med faste grenser / reglar for kva som er lov og ikkje lov i skulefritidsordninga.

Barna lærer å seie i frå når dei kjem slik at ein vaksen kan "knotte" barna inn og ut" når dei vert henta. Dei vaksne må ikkje ta med seg / henta eit barn ut av SFO utan at ein vaksen har fått beskjed. Barna må syna melding dersom dei ikkje skal i SFO eller det er endringar. Å bli tatt vel imot i garderoben. Dette gjer tryggleik både for barna, foreldre og personalet.

Plan over periodebestemt innhald er så laus at det er rom for spontanitet.
Barna vel sjølv kva dei vil leike inne eller ute. Dei vaksne skal vere tilstades for barna, på barna sine premiss. Synlege og deltakande vaksne gjer tryggleik for barn og vaksne.

Fast plass for utstyr og leikar gjer at barna veit kvar dei finn det dei treng og difor meistrar eiga situasjon.
Barna si aktive deltaking i daglege aktivtetar / rutinar fører til auka individuell meistring (td. ordensbarn).
Vi legg stor vekt på ordbruk og oppførsel. Ein god tone aukar trivsel mellom små og store. Synlege vaksne som ser til dette og grip inn ved behov er viktig.

DAGSRYTME
Morgonope kvar dag:
kl. 07.00 vi opnar med roleg leik
" 07.50 frukost
" 08.15 uteleik
" 08.30 kan barna gå til klasseromma
" 08.40 undervisninga tek til
Etter undervisninga:
Tysdagar er det aktivitetsdag med eigne rutinar.
Måndag, onsdag, torsdag og fredag:
kl. 13.30 frileik ute
" 14.15 måltid
" 14.45 frileik inne/ute
Leksegruppe 3.- 4. kl.
" 15.15 frileik inne og ute
” 15.30 basene samlast og nokre barn går heim
" 16.30 SFO er stengt
KLESKIFTE
Det er viktig at barna har riktige klede med seg etter veret. Barna i 1.-2. kl. har skuff med plass til ekstra kleskifte i SFO. Det er viktig at alt tøyet er merka med namnet til barnet.

Grunna trang garderobe må ekstra uteklede for 2. 4. klasse henge i klassegarderobane.
Friluftsgruppa må vere kledd etter veret for dei går ut trass i dårleg ver!!!
MÅLTID
Barna treng matpakke til frukost og måltidet kl. 13.45 i SFO. Vi held mjølk til måltida og har frukt og grønsakar av og til.

Av og til bakar vi / lagar mat.
Viktig at personalet får raskt melding dersom nokon reagerar
allergisk på mat eller andre ting !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
HAUSTEN 2008
AUGUST/
SEPTEMBER: verta kjent med kvarandre og dei vaksne
trygg på daglege rutinar
mykje uteleik
bursdagsfeiring oppsamling aug/sept-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
OKTOBER: haustferie
tysdagar: aktivitetsgruppe
Besteforeldre på besøk
bursdagsfeiring okt-barn
uteleik
NOVEMBER: lesekrok
Bursdagsfeiring nov-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
uteleik
DESEMBER: adventkalender
Juleverkstad
tysdagar: aktivitetsgruppe
bake julekaker
godversdagar m/uteleik
bursdagsfeiring des-barn
VÅREN 2009
JANUAR: snø? uteleik
uteleik og innekos
bursdagsfeiring jan-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
FEBRUAR: fastelavn
Vinterferie (veke 8)
Bursdagsfeiring febr-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
MARS: tysdagar: aktivitetsgruppe
bursdagsfeiring mars-barn
påskelunch
påskeverkstad
APRIL: uteleik
SFO IDOL
bursdagsfeiring apr-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
MAI: uteleik
vårreingjering ute
17. mai
bursdagsfeiring mai-barn
tysdagar: aktivitetsgruppe
JUNI: mykje uteleik
blåtur / sommerfest med grillkos
7. kl. på besøk
vi ryddar SFO og sender med barna heim
klede og anna i skuffene
bursdagsfeiring juni og juli oppsamling