Postadresse: 5353 Straume Telefon: 55097600 Faks: 55097602 Kontoradresse: Alebakken
August 27, 2010
Arkiv:212.39/Jnr.:168
Kjære foreldre og føresette!
Så er vi godt i gang att etter ein lang og velfortent ferie. Håper at de har hatt det fint, sjølv om vergudane ikkje akkurat har vore på vår side i år.
Til skulestart tok vi imot 23 flotte førsteklassingar, og totalt har vi no 174 elevar på skulen. Litt mindre enn i fjor.
På personalsida har vi få endringar. Eg legg ved ei oversikt over lærarar og elevassistentar.
Elevane i 3. og 4. kl. har fått utvida skuletid, og mange har nok vore trøtte etter 6 timar på skulen.
Leksehjelp er vi også i gang med for elevane i 2. – 4. kl., mens vi har valt å vente med dette til etter jul for førsteklassingane.
Skulebuss til Bildøy:
Det vert berre sett opp buss frå skulen og heim ein gong pr dag, og buss skal setjast opp etter at undervisningstida er slutt, ikkje leksehjelpen eller SFO. Vi trur at vi har funne ei god løysing der vi har klart å kombinere slutten på skuledagen med leksehjelpen for dei minste (1. – 4. kl.). Det vil seie at måndag, onsdag og torsdag er det sett opp buss kl. 14.40, tysdag kl. 12.40 og fredag kl. 13.40.
Elles vil vi enno ein gong minne forelde på at skuleplassen ikkje er parkeringsplass i skulen og SFO si opningstid.
Vi ser fram til mykje godt arbeid og ikkje minst godt samarbeid i tida framover.
Med helsing
Berit E. Andersen
rektor
SEPTEMBER 2010.
|
VEKE |
MÅNDAG |
TYSDAG |
ONSDAG |
TORSDAG |
FREDAG |
LAURDAG |
SUNDAG |
|
35 |
30 Symjing/3. kl. |
31 |
1 Rekruterings-konsert for 2.-5.kl. Årsmøte i FAU |
2 Foreldremøte i 1. kl. |
3 |
4 |
5 |
|
36 |
6 Symjing/3. kl. |
7 Møte i elevråd kl. 10.30 Foreldremøte i 3. kl. |
8 Helsesøster. Vaksinasjon av jenter i 7. kl. Foreldremøte i 5. kl. |
9 Idrettsdag for 5.-7.kl. Foreldremøte i 7. kl. |
10 Studentbesøk i 4. og 5. kl. |
11 |
12 |
|
37
|
13 Symjing/3. kl. Studentbesøk i 4. og 5. kl. Foreldremøte i 4. kl. |
14 Studentbesøk i 4. og 5. kl. Nasjonal prøve i lesing/5.kl. Foreldremøte i 6. kl. |
15 Idrettsdag for 5.-7.kl. Alt.2 Helsesøster/2. kl.
|
16 |
17 Planleggjingsdag |
18 |
19 |
|
Brann-vern-veke 38
|
20 Symjing/3. kl. Heile veka er sett av til Nasjonal prøve i engelsk/5. kl. Foreldremøte i SFO |
21 Bursdagsfeiring i SFO |
22 Helsesøster/2.kl. |
23 |
24 Nasjonal prøve i rekning/5. kl. |
25 |
26 |
|
39 |
27 Symjing/3. kl. |
28 Møte i elevråd |
29 Foreldremøte i 2. kl. |
30 Morgonsamling v/3. kl. |