Kolltveit
skule
![]()
Postadresse: 5360
KOLLTVEIT Telefon:
55097600·
Faks: 55097601
Kontoradresse: AlebakkANE 18
oktober 26, 2011
Arkiv:212.39/Jnr.:139
TIL HEIMANE.
Denne helga snur vi klokka
tilbake att, og frå neste veke får vi nok ei ekstra kjensle av at det er den mørke
årstida som ligg framfor oss. Det gode er at det vert ei veke eller to med litt
lysare morgonar.
Måndag, 24. oktober, var
det FN-dagen. Den markerte vi med felles morgonsamling. Det var 7. kl. som hadde
ansvaret denne gongen, og dei gav oss ei flott stund med song, musikk og
opplesing. Veldig bra!
Elles har det vore travle
veker etter haustferien. Alle klassane er i gang med kontaktsamtaler, og eg
reknar med at nokre foreldre også får det ekstra travelt i den perioden.
FAU/SU
FAU og SU er komne i gang
med arbeidet. Eg legg ved oversikt over kven som sit i desse utvala. Det har
vore eitt møte i samarbeidsutvalet, og ordensreglane vart då vedtekne med
nokre små endringar. (vedlegg)
Elevrådet er også oppe
og går. Andrine Justad i 7. kl. er leiar, og Kristoffer Urhaug i 6. kl. er
nestleiar.
Vi har fått 8 nye elevar
denne hausten. Så mange kan eg ikkje huske at vi har fått på så kort tid
tidlegare. Vi har ikkje heilt tatt att nedgangen i elevtalet frå i fjor til i
år, men det er ikkje langt igjen.
Dei første månadene av
det nye skuleåret har gått utruleg fort, og i butikkane kan vi alt spore at
jula ikkje er langt unna. Men før den tid skal vi gjennomføre årets
Zero-undersøkjing (mobbeundersøkjinga) og kose oss med juleførebuingar om
ikkje så lenge.
Med ønskje om ei god og
fredfull mørketid
Berit E. Andersen
rektor
NOVEMBER 2011
VEKE |
MÅNDAG |
TYSDAG |
ONSDAG |
TORSDAG |
FREDAG |
LAURDAG |
SUNDAG |
|
Zero-unders. 44 |
Denne
veka er det studentar i 6. kl. |
1 Leikedag
i SFO |
2 Helsesøster
/ 2. kl. Skulelege kl. 11-14. |
3 |
4 SFO
har smørelunsj |
5 |
6 |
|
Stu-dentar i 1. kl. 45 |
7 |
8 Aldersblanding
/ 1. – 4. kl. |
9 Helsesøster
/ vaksisnasjon av jenter/7 kl. |
10 |
11 Planleggjingsdag |
12 |
13 |
|
Stu-dentar i 1. kl. 46 |
14 Aldersblanding
/ 1. – 4. kl. |
15 Aldersblanding
/ 1. – 4. kl. Bursdagsfeiring
i sfo |
16 |
17 |
18 SFO
har smørelunsj |
19 |
20 |
|
Stu-dentar i 1. kl. 47 |
21 |
22 |
23 Helsesøster
/ 2. kl. |
24 |
25 SFO
har smørelunsj |
26 |
27 |
|
48 |
28 Felles
morgonsamling: Advent Møte
i SU |
29 Bakedag/SFO |
30 Helsesøster
/ 2. kl. |
|
|
|
|
DESEMBER 2011
VEKE |
MÅNDAG |
TYSDAG |
ONSDAG |
TORSDAG |
FREDAG |
LAURDAG |
SUNDAG |
|
48 |
|
|
|
1 |
2 SFO
har smørelunsj |
3 |
4 |
|
49 |
5 Adventsamling |
6 Leikedag
og juleverkstad i SFO |
7 Helsesøster
kjem til 6. kl. jenter |
8 |
9 SFO
har smørelunsj |
10 |
11 |
|
50 |
12 Adventsamling Julefest
for 3. og 4. kl. |
13 Julefest
for 1. og 2. kl. Julegraut
på SFO |
14 Helsesøster
kjem til 7. kl. gutar. |
15 Adventsguds-teneste
i Fjell kyrkje. |
16 SFO
har smørelunsj |
17 |
18 |
|
51 |
19 Julefest
for 5.- 7.kl. |
20 Bursdagsfeiring
i sfo |
21 Adventsamling
og julegraut. Skulen
sluttar kl. 11.30 |
22 |
23 |
24 |
25 |