SKULENYTT HAUSTEN 2010

Våren 2010

Hausten 2010

Våren 2011

Hausten 2011

JULEFEST

13.desember hadde 1. og 2.klasse sin julefest. 1.klasse gjekk Luciatog og elles hadde begge klassane både song og opplesing. Dei avslutta programmet med å syngje 2 songar saman. Elles var det juletregong og matøkt i klasseromma. Og sjølvsagt kom det to nissar og delte ut gotteri!

ADVENTSAMLING

2.klasse hadde programmet på den første adventsamlinga 29.desember. Dei hadde mykje fin song og opplesing.

ALDERSBLANDING

I veke 43 hadde 1.-4.klasse felles prosjekt i fire dagar. Elevane fekk lage og smake på kinamat, dei laga stangdokker frå Sør-Amerika, høyrde eventyr frå Kina og dei laga duk med knytebatikk.

HAUSTLUNSJ

Fredag 22.oktober starta vi dagen med morgonsamling i gymsalen. 7.klasse hadde programmet, og temaet var FN-dagen. Etterpå var det lunsj saman med fadderklassen, og som vanleg åt elevane mykje og lenge.

MORGONSAMLING

Tysdag 5.oktober hadde 3.klasse ansvar for morgonsamlinga. Temaet var "Haust", og vi fekk høyre både song og opplesing.

KONSERT

Tysdag 19.september hadde vokalgruppa  TAUS ein konsert for 1.-4.klasse. Programmet hadde dei kalla "På farten". Elevane koste seg, og dei fekk delta med både song og bevegelsar.

 KONSERT

Onsdag 1.september hadde vi besøk av Midtre Sotra Skulekorps. Dei hadde ein flott konsert for elevane i 1.-5.klasse. Dei vil gjerne ha nye aspirantar frå 3.klasse og oppover.

1.SKULEDAG

Onsdag 18.august begynte 23 elevar i 1.klasse. På biletet ser vi dei samla i gymsalen etter at dei har helsa på rektor.