KOLLTVEITSKULESONGEN

I år 2000 var Kolltveit skule 25 år, og det måtte vi feire, særleg fordi dei som hadde greie på det sa at skulen aldri hadde hatt innviingsfest. I samband med jubileet ville vi gjerne ha ein skulesong, og då vi spurde Olav Kobbeltveit om hjelp, tok han utfordringa på strak arm og skreiv ein song som vi er stolte av og bruker i mange samanhengar.
Hausten 2004 fekk vi "ny" skule, og til innviinga vart songen omarbeida med tre nye vers:


Kvar morgon når det lider så smått til klokka ni
Så ser vi barneflokkar langs mark og veg og sti
Gå over Bildøybruna og opp den lange trapp
Dei minste tek det heilt med ro mens andre 
spring om kapp. 

Og ifrå Gangstøgarden til Skaret, i nordvest 
Går glade born til skulen, som om dei sku` på 
fest.
Med fotball under armen, vi gler oss der vi går, 
For alle er vi veldig glad i Kolltveitskulen vår. 

Før Kolltveitskulen bygdest det var ein del 
problem, 
Og mange sa dei tvilte, "vi trur han aldri kjem". 
Men brått så kom eit vedtak, det sa omtrent 
som so: 
"Vi byggjer sør i utmarka til Hans`n og Nils O." 

Då vart det fest og moro, og alle folk var glad 
Frå vest og nord på Kolltveit til sør på 
Bildøyna. 
Og små og store ungar, dei stilte seg i rad 
Dei ville gå på skulen sin i Alebakkana. 

Han er nok blitt for liten, for barnetalet veks 
-vi venta på eit påbygg i nitten nittiseks! 
Men no har vi fått lovnad frå Morland og Lars 
Lie 
Og det er folk som ikkje fer med fusk og fanteri. 

Det siste året sleit vi med anlegg og med sjau,
og av og til så trur vi at rektor var litt flau.
Men no kan rektor skryta, og smila der ho står,
fordi ho er så stolt og kry av nyeskulen vår.

Den gamle, grå betongen er borte, takk og pris,
bytt ut med vakre steinar, murt opp på gammalt vis.
Og inne er det romsleg og lyst i alle rom
så vi kan lære alt vi skal om bær og blad og blom.

Når sola tek te` varma og over Nuten går 
Då veit vi det er sommar, då veit vi det er vår. 
Då smiler Kolltveitosen, og Bildøysundet ler 
Og vi kan gle oss over alt det vakre som vi ser. 

Då går vi vest i marka - tek lavvoteltet med 
Og kanskje får vi fisk ut i Haljesvatnet. 
Den steikjer vi på bålet, og dermed blir det fest 
For nistemat kan duga, men - ein nysteikt fisk 
er best. 

I dag skal skulen feirast, og alt er blitt så bra. 
Ja, nesten enda betre enn skulesjefen sa.
Hurra for Kolltveit-skulen, for liten og for stor
- ein klapp for nye skulen og vårt Kolltveit-skulekor.


Olav Kobbeltveit