|
|
ORDENSREGLAR FOR SKULANE I
FJELL KOMMUNE
Alle skular skal ha eit ordensreglement.
Opplæringslova § 2.9.
Forskrift til Opplæringslova § 3-5
Ordensreglementet er ei forskrift. Forvaltningslova
§2, §37, §38
Reglement R-skriv 07-2005 frå Utdanningsdirektoratet
er lagt til grunn.
Skulane kan ha utfyllande reglar. Elevar, føresette,
lærarar og skuleleiinga bør delta i utforminga av desse reglane.
- Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som
fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
- Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for
at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
- Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei.
Opplæringslova §2.9. og 3.7.
- Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i
timane og syne respekt for undervisninga.
- Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
- Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
- Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette
gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
- Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr
i skuletida – dette skal vere avslått og liggje i sekken.
SANKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLANE:
- Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/inspektør/rektor
- Melding til dei føresette, møte med dei føresette
- Bortvising i inntil 3 dagar (gjeld ungdomssteget). Elevar på årstrinna 1
– 7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av
dagen. Foreldra til elevar på barnetrinnet skal varslast før det blir sett
i verk bortvising for resten av dagen. (Opplæringslova §2.10 –
Bortvising, enkeltvedtak med klagerett)
- Gjensitting eller parade
- Skifte av gruppe, klasse, skule
- Nedsett karakter i orden og åtferd
- Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – kan
berre hentast av dei føresette etter skuletid
- Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei
føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000 (skadeerstatningslova
§1.2)
- Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse
til politiet
- Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal
prosedyre).
PRESISERINGAR:
Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:
- fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på
nettside
- negative sms , mms, chat, epost, ryktespreiing
- rasistiske utsegn og handlingar
- seksuell trakassering
- sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
- hærverk
- valdsbruk
- mobbing
- trugsmål
Farleg reiskap er til dømes:
- Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d.
knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag
Rusmiddel: nulltoleranse for tobakk og andre
rusmiddel
Dat. 07.03.2007 - Rev. 11.05.10 2010, KDD
FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA, KAPITTEL 3
§ 3-5.
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt
til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.
Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om
eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og
arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg,
følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og
utstyr.
Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til
korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og
utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt
for andre.
Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild
frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast
omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast
avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er
særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i
anten orden eller i åtferd.
|