Ordensreglar Fjell Kommune

Slik vil vi ha det

SLIK-VIL-VI-HA-DET-REGLAR

for

Kolltveit skule

 

Dette er eit supplement til det kommunale ordensreglementet og seier noko om korleis vi vil ha det her på skulen.

 

Målet er at Kolltveit skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære for alle.

 

1.     På skulen skal alle ha det bra. Det betyr at:

-         ingen skal bli snakka stygt om eller til

-         ingen skal bli sparka eller slått

-         ingen skal bli truga

-         ingen skal bli utestengd frå fellesskapen

-         barn og vaksne syner respekt for kvarandre

 

2.     Ingen elevar skal bli mobba eller mobbe andre.

 

3.     Alle elevar har rett til undervisning i eit roleg og trygt læringsmiljø. Det vil seie at all inneaktivitet går roleg føre seg utan springing og roping.

 

4.     Elevane skal ha bind på bøkene, ta vare på skulesakene sine, og vi har eit felles ansvar for å halde det ryddig rundt oss.

 

5.     Dersom det oppstår situasjonar der ein vaksen snakkar til / stoppar ein elev, er det den vaksne som bestemmer.

 

Dersom elevar bryt reglane:

a)    Vert eleven snakka til av ein vaksen på skulen (lærar, assistent). Den vaksne melder frå til kontaktlærar

b)    Ved fleire brot skal eleven ha samtale med kontaktlæraren sin.

c)     Eleven må ringje heim og fortelje kva han/ho har gjort.

d)    Eleven må sitje i ein annan klasse.

e)     Møte med rektor og foreldra.

 

Ved mobbing skal ein følgje prosedyrane i Zero-planen.