PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

SKULEMJØLK 

Alle elevar får tilbod om å kjøpe skulemjølk. Det kostar kr.300 for hausthalvåret 2010. Det vert delt ut bestillingslappar ved skulestart, men det er også høve til å bestille seinare. 

INNESKO

Vi tar av oss uteskorne i garderoben. Vi ønskjer at alle elevane har innesko, det er betre enn å gå sokkeleisten, ikkje minst når vi har brannøving.

KLEDE

Det er viktig å vere kledd etter veret. Læringsaktivitetar skjer ofte ute, men sjølv om det ikkje er utedag, er det viktig at elevane har klede og fottøy for all slags ver.

ATTGLØYMDE KLEDE

Klede som ikkje er merka, blir lagt i ei korg i gangen mellom 1. og 2.etasje. Der kan dei hentast i skulen si opningstid mellom kl.7.15 og 16.30. Vi oppmodar foreldre om å merke klede og fottøy. Klede som ikkje vert henta, vert fjerna kvart halvår (jul og sommar). Garderobane vert rydda og tømt før kvar ferie.

SYKLING

Frå 5.klasse kan elevane sykle til skulen. Det er ikkje lov å sykle på skuleplassen, heller ikkje i SFO-tida. Vi minnar elles om bruk av hjelm. Elevar som ikkje bruker hjelm, vil bli nekta å sykle til/frå skulen.

TRAFIKK

Elevar som vert køyrde til skulen, skal setjast av på toppen av skulebakken og gå ned. Det same gjeld dersom elevane vert henta etter skuletid. Vi oppmodar elles foreldre om ikkje å bruke Bildøybakken for transport til skulen. Køyring inn på skuleplassen er ikkje tillatt utan særskild grunn.

SYMJING

I 3.klasse får elevane symjeundervisning, 10 gonger i bassenget på Ågotnes eller Bildøy. Dette er lite, så vi oppmodar foreldra om å nytte seg av tilbodet når bassenga er opne for familiebading. Følgj med i VestNytt.

SØKNAD OM EKSTRA SKULEFRI

Dersom det er trong for ekstra skulefri for eleven, må ein søkje om dette på førehand. Klassestyrar kan gi fri inntil 3 dagar, medan rektor kan gi fri i 14 dagar. Når foreldra søkjer eleven fri frå skulen, overtar dei sjølv ansvaret for opplæringa i den aktuelle perioden. Vi ber om at søknad kjem i god tid i førevegen.

UTLÅN AV SKULEN

Elevar på skulen er velkomne til å nytte klasserommet sitt til feiring av fødselsdagen sin. Ein føresetnad for dette er at einskildelevar ikkje vert utelatne, - det vil seie at anten må heile klassen verte invitert eller samtlege jenter eller gutar i klassen, og at skulen sine krav til orden og framferd vert følgde. Foreldre som ønskjer å låne skulen, kan ta kontakt med administrasjonen for nærare avtale.

TELEFON/MOBILTELEFON

Det er ikkje lov å bruke mobiltelefon i skuletida. Dette gjeld både i timar og friminutt. Dersom dette ikkje vert overhalde, vert telefonen trekt inn og må hentast av foreldra. Dersom elevar må ha tak i foreldre i skuletida, kan dei bruke skulen sin telefon etter avtale med klassestyrar. Meldingar som foreldre må gi i løpet av dagen, vert formidla vidare til eleven.

FORSIKRINGSORDNING

Alle elevar er forsikra i skuletida og på direkte veg til/frå skulen. Dersom eleven skadar seg i skuletida, sørgjer skulen for at dette vert registrert. Dersom skaden skjer på skulevegen, må føresette ta kontakt med skulen og sørgje for at skaden vert registrert. Dersom skaden vert godkjend som skuleskade av trygdekontoret, vert eigendelen hos lege/sjukehus vanlegvis refundert. Ta vare på originalkvitteringar i slike høve.